Forfølging av skeive under nazismen

Den norske politiske fangen Rudolf Næss' (1914-2003) tegning av de ulike fangemerkene, deriblant den rosa trekanten for "homoseksuelle". Kilde: Nasjonalbiblioteket, Krigstrykk 2 Rudolf Næss: Album fra Natzweiler.
Den norske politiske fangen Rudolf Næss' (1914-2003) tegning av de ulike fangemerkene, deriblant den rosa trekanten for "homoseksuelle". Kilde: Nasjonalbiblioteket, Krigstrykk 2 Rudolf Næss: Album fra Natzweiler.
Korleis såg nazistane på homoseksualitet og kva konsekvensar hadde dette for skeive? Mens ein i Tyskland fekk ei omfattande straffeforfølging, var situasjonen i Noreg under okkupasjonen meir kompleks. Denne sida er meint som ein inngang og ressurs som oppsummerer kunnskapsstatus og gir lenker til relevant forsking og digitaliserte kjelder.

Allereie før dei kom til makta hadde Det nasjonalsosialistiske tyske arbeidarpartiet (NSDAP) markert seg som ein motstandar av homorørsla og som ein forkjempar for strengare sanksjonar mot skeive. Maktovertakinga til Hitler i 1933 førde ganske raskt til at den rike floraen av skeive organisasjonar og tidsskrift forsvann.

Maktovertaking og tilbakeslag

I mai 1933 blei Magnus Hirschfelds Institutt for seksualvitskap i Berlin plyndra. Delar av biblioteket og ei byste av grunnleggaren blei brend på bokbålet på Opernplatz (no Bebelplatz) den 10. mai. Hirschfeld hadde i 1897 grunnlagd den første organisasjonen som kjempa systematisk for skeive sine rettar i Europa. Som jøde, sosialdemokrat og homofil sexolog blei han eit sentralt hatobjekt for nazistane. Han døydde i eksil i Frankrike i 1935. Også ein del av aktørane i den tyske skeive rørsla drog frå landet i 1933 -  det gjaldt bl.a. forfattaren og pasifisten Bruno Vogel, som var i eksil i Tromsø ein periode på 1930-talet (Wolfert 2012).

Leiaren for nazipartiets paramilitære fløy Sturmabteilung (SA), Ernst Röhm, hadde i 1931 blitt avslørt som homofil av den sosialdemokratiske pressa, utan at Hitler hadde føretatt seg noko mot sin gamle ven. Først i 1934, då Röhm og SA av uilke grunnar blei ein uønska maktbastion for Hitler, blei det gripe inn. Under den såkalla Lange knivars natt 30. juni til 2. juli dette året, blei Röhm og mange andre SA-leiarar likvidert. Hitler brukte no det faktum at Röhm og fleire andre SA-leiarar var homoseksuelle som ein del av grunngjevinga for mordaksjonen i den utoverretta propagandaen.

Innskjerping av straffelova og byrjande forfølging

I kjølvatnet av mordaksjonen byrja ei forfølging av homoseksuelle menn i partiet og statsapparatet, men denne bølgja ramma også mange andre som ikkje var partimedlem.  I 1935 skjedde det så ei innskjerping av lovverket mot likekjønna seksualitet mellom menn ved at Straffelovas § 175 blei innskjerpa og ved at ein tilleggsparagraf (§175a) blei innført. Denne sette opp ekstra strenge strafferammer for spesielle tilfelle, for eksempel tilfelle der "offeret" var under 21 år. I løpet av naziregimet blei om lag 50 000 menn dømd etter § 175 og § 175a. Mange av dei hamna i fengsel, men mellom 5000 og 10 000 blei sendt i konsentrasjonsleir, der fleire tusen av dei døde. Nokre av dei tyske homofile hamna i fangeleirar i Noreg (sjå Wolfert 2017).

Lesbiske kvinner blei ikkje råka av § 175, men regimet førde også til eit tilbakeslag for dei. Tidsskrift og organisasjonar blei lagt ned, og det blei vanskelegare å samlast. Nokre lesbiske kvinner blei også rettsforfølgde av andre paragrafar. Transpersonar lei også under tilbakeslaget for rørsla og blei også i nokon grad rettsforfølgde eller på andre måtar sanksjonerte.

Paragrafane frå 1935 blei vidareførd i Vest-Tyskland etter krigen. Dette gjorde at mange menn også blei dømde og fengsla i etterkrigstida. I 1969 blei paragrafen reformert, noko som gjorde at dei fleste forhold mellom menn over 21 år no blei lovlege (men homoseksuell prostitusjon var framleis straffbart). I 1968 blei forbodet heilt avskaffa i Aust-Tyskland. I 1994 blei endeleg § 175 avskaffa i det samla Tyskland slik at homo- og heterofile forhold var lovlege på same premissar (med same seksuelle lågalder).

Forslag om innskjerping også i Noreg

Under andre verdskrig søkte den nazistiske okkupasjonsmakta å innføra tilsvarande innskjerpingar i mange av dei okkuperte områda. Dette gjaldt mellom anna i Nederland der forbodet blei innskjerpa etter tysk modell kort tid etter okkupasjonen. I praksis medførde dette likevel ikkje noko omfattande straffeforfølging.

Lenge trudde ein at det nazistiske okkupasjonsregimet og dei norske NS-styresmaktene ikkje gjorde eit liknande forsøk på å endra den norske straffelova, men nyare forsking viser at dette ikkje stemmer (Jordåen og Wolfert 2015, Jordåen 2025): i 1942 foreslo både det tyske okkupasjonsstyret og den norske politiminister Jonas Lie å endra § 213 i straffelova. Dette var paragrafen som gjorde at sex mellom menn var forbode i Norge, men berre i tilfelle der "almene hensyn" gjorde det påkravd: I praksis hadde paragrafen sjeldan vore brukt. Politiminister Lie gjekk derfor inn for ei innskjerping av § 213 slik at ein kunne få ei aktiv straffeforfølging av forhold mellom norske menn. Justisminister Sverre Riisnæs støtta også forslaget, men det blei likevel ikkje effektuert. Saka blei utsett til ei større revisjon av straffelova skulle finna stad, noko som aldri blei noko av i løpet av den tyske okkupasjonen. For meir detaljar om bakgrunne for forslaget og korfor det aldri blei gjennomført, sjå denne artikkelen av Runar Jordåen i Historisk Tidsskrift (Jordåen 2025). 

Tyske domstolar i Noreg: Norske menn dømd når dei hadde forhold til tyskarar

At endringa av § 213 ikkje blei noko av, gjorde at det ikkje kom til noko omfattande straffeforfølging av seksuelle forhold mellom norske sivile menn under okkupasjonen. Kort sagt var praksis som før krigen, ja statistikken tilseier at berre kring ti menn blei dømd etter paragrafen i den tida Noreg var okkupert.

Mens ein tidlegare har visst at nokre få norske menn blei dømd i tyske militærdomstolar i Noreg (Ringdal 1987, Jordåen og Wolfert 2015), viser forskinga til Camilla Hedvig Maartmann frå Grinimuseet at denn forfølginga var ein del meir omfattande: vel 60 norske menn blei dømd av SS-domstolen i Oslo (SS- und Polizeigericht Nord) og i Wehrmacht sine domstolar i Norge (Maartmann 2025), då ikkje etter den norske § 213, men etter § 175 i den tyske straffelova . Grunnen til at desse mennene blei dømd i det tyske rettsvesenet og etter tysk lov, var at dei hadde hatt seksuelle forhold til tyske menn eller andre menn som var underlagt Wehrmacht eller SS. Maartmann viser også at eit større tal tyske menn som var stasjonert i Noreg blei dømd i desse domstolane. Maartmann fann også at nordmennen jamnt over fekk mildare dommar enn tyskarane i desse rettssakene. Grunngjevinga for dette var at ein i Noreg pga den milde § 213 i svært liten grad hadde gripe inn mot homoseksualitet, og at nordmennen derfor til ein viss grad kunne orsakast med at dei ikkje hadde visst at dette var eit alvorleg lovbrot. Dei fleste av nordmennene fekk slapp unna lengre opphald i fengsel og straffeleirar, men nokon av dei blei deportert til fengsel og tukthus Tyskland. Les meir om denne straffeforfølginga i Maartmann sin artikkel i Historisk tidsskrift

Det er kjent eit tilfelle av mogleg forfølging av eit lesbisk forhold i Noreg under krigen, dette gjald Helene Gottaut (1923-1997) (Schoppmann 2019).

I tillegg til tre artiklar i Historisk tidsskrift i 2025, resulterte forskingssamarbeidet Skeivt arkiv var ein del av i eit seminar på Litteraturhuset i Oslo i november 2025 med Grinimuseet / Museene i Akershus som hovudarrangør. Seminaret blei filma og gjort tilgjengeleg av Skeivt arkiv - sjå det her.  

Nasjonal Samling og homoseksualitet

Haldninga til homoseksualitet blant norske nasjonalsosialistar på 1930- og 1940-talet er ikkje utforska grundig (men sjå Kristiansen 2006 og Jordåen 2025) . I 1936 aksjonerte Nasjonal Ungdom mot eit møte i Mentalhygienisk foreining der lege, sosialist og seksualopplysar Karl Evang heldt ei innleiing.  På ein løpesetel som blei spreidd under møtet blei det trekt fram at innleiarane på møtet fremja "allslags unatur og perversitet", og Evang sitt positive syn på homoseksualitet blei kritisert (Østbye 1943, 258). Fleire stader i NS sin propaganda blei Evang sitt namn samanlikna med Magnus Hirschfeld og ein av hans nære medarbeidarar, legen Max Hodann (som var i eksil i Noreg). Hans W. Kristiansen har undersøkt fleire årgangar av NS-avisa Fritt folk utan å ha funne noko særleg av antihomoseksuell retorikk. Han konkluderer med at "den homoseksuelle" i denne delen av NS sin utoverretta propaganda ikkje blei framstilt som noko sentral farleg figur og trugande gruppe, i motsetning til for eksempel "jøden", "bolsjeviken" og "frimuraren" (Kristiansen 2006, 329, om NS).

Om NS markerte seg tydeleg mot Evang og seksualopplysninga på 1930-talet, blei det ikkje nødvendigvis oppfatta som ein sentral komponent i deira ideologi. Også nokre personar som mange visste var homoseksuelle blei tiltrekt av dette tankegodset: Dette gjaldt blant anna Åsmund Sveen, NS-medlem og sentral kulturbyråkrat under krigen. Eit eksempel på eit NS-medlem som sannsynlegvis blei utestengd av partiet på grunn av homoseksualitet var Arthur Einarsen

Kvardag, samhandling og motstand

Vilkåra for skeive, og eventuell straffeforfølging av dei under okkupasjonen, er eit svært lite utforska område innan den norske okkupasjonshistoria. Ein artikkel av Hans Wiggo Kristiansen frå 2006 og ein av Runar Jordåen og Raimund Wolfert frå 2015 var dei første vitskaplege artiklane på feltet, om ein ser bort frå at Nils Johan Ringdal og Anders Gogstad hadde vore borte i temaet i si forsking om politiet og helsevesenet under krigen. 

Eit forskingssamarbeid mellom Runar Jordåen, Camilla H. Maartmann, Hans Wiggo Kristiansen og Maria Fritsche resulterte i ny kunnskap som blei presentert i tre artiklar i Historisk tidsskrift i 2025. Funna til Jordåen og Maartmann er allereie nemnde. Hans Wiggo Kristiansen og Maria Fritsche si forsking handla om kva dommane og ei unik samling intervju Kristiansen gjorde tidleg på 2000-talet kunne fortelja om kvardagsliv om menn som søkte likekjønna relasjonar til andre menn: Dei viser at mennene opererte i eit landskap med aukt straffeforfølging, og dermed større risiko, men også i ein situasjon med utvida moglegheiter for å møta menn, grunna det store talet tyske menn som var stasjonert i Noreg på grunn av okkupasjonen. Les meir om dette i Fritsche og Kristiansen sin artikkel i Historisk Tidsskrift.

Bortsett frå intervjua Kristiansen utførte tidleg på 2000-talet, finst det svært få tidsvitneintervju som berører tematikken.  Ved Skeivt arkiv finst eit intervju med Juristen Dermot Mack, som seinare blei leiar for Det norske forbundet av 1948, der han kort kjem inn på at mørklegginga av hovudstaden gjorde at møtestadene i det offentlege rommet i endå større grad enn før gjorde det mogleg å møtast i skjul i parkar og pissoar (Eikvam 1984, sjå også Bjørn André Widveys artikkel på Gaysir der forholda i Tromsø er nemnde). 

Nokre norske skeive var aktive i motstandsrørsla, dette gjaldt mellom anna turistsjef i Oslo, Alfhild Hovdan, stortingsmannen Carl P. Wright (Høgre) frå Porsgrunn og skodespelaren Knut Jacobsen. Heller ikkje her er det lett å seia noko om omfanget. I ei tid då seksuell identitet ikkje var noko som blei snakka ope om, har seksualiteten neppe vore særleg avgjerande for kva innstilling ein hadde til okkupasjonen. I boka Homofile - myter og virkelighet (1978) fortalde ein av informantane, "Johan", at han under krigen drog over til England, verva seg og var med på invasjonen i Frankrike (Bergh, Bjerck og Lund 1978, 52).

Vidare forsking og innsamling

Meir forsking på forholda for skeive under okkupasjonen vil kunna utvida vår forståing av dette avsnittet i norsk historie. Ei nærare utforsking av publikasjonar knytt til NS og andre nasjonalsosialistiske organisasjonar i Noreg, er nødvendig for å få eit meir komplett bilete av korleis temaet blei sett på ideologisk og praktisk. 

Skeivt arkiv vil i åra som kjem jobba vidare saman med Grinimuseet om å få ein betre oversikt over dommar og anna relevant materiale, og vil også bidra med forsking på feltet. Skeivt arkiv ønskjer også å intervjua tidsvitne eller familiemedlemer av aktørar som deltok i skeive nettverk og miljø under krigen. 

Homoseksualitet spelte ei relativt rolle i diskusjonen om nazismen allereie på 1930-talet, norske venstreorienterte intellektuelle såg nazismen som eit døme på at seksuell undertrykking kunne framkalla homoseksuelle, sadistiske autoritære tendensar hos ein del personar. Dette handla om heilt konkrete skuldingar om homofile nazistar og meir abstrakt teoretisering bygd på ei psykoanaltisk seksualitetsforståing. Heller ikkje denne tematikken er i særleg grad utforska i ein norsk samanheng. Mange norske fangar i konsentrasjonsleirane observerte og beskreiv homofile fangar i konsentrasjonsleirane. Dette temaet er berre såvidt utforska (Jordåen 2015, 2017), ei meir systematisk utforsking kan gi eit interessant innblikk i korleis norske fangar såg på homoseksualitet. 

Heller ikkje eksilmiljøa i London, Stockholm og andre stader har vore utforska nærmare, men Øistein Parmann skriv om at han i Stockholm kom inn "i et meget interessant, men oppslitende miljø av kunstnere, skuespillere og homoseksuelle" (Parmann 1997, 30).  

Det er med andre ord rom og behov for meir forsking på eit felt og ein periode me i dag veit lite om.

Kjeldemateriale

Kjeldene vedrørande endringsforslaget i av § 213 i den norske Straffelova av 1902 i 1942 er digitalisert av Arkivverket og tilgjengelege på Digitalarkivet. 

Materialet frå Reichskommisariat vedr. psykisk sjuke ("Geisteskranke"), homoseksuelle, abort og seksualinngrep finst i arkivet etter Reichskommissariats avdeling for sunnheitsvesenet: Arkivverket: Reichskommissariat, (AV/RA-RAFA-2174), Eb: Hauptabteilung Verwaltung, Ebe Abteilung Gesundheitswesen. 

Det som spesifikt gjeld homoseksualitet ligg her: Arkivveket: Reichskommissariat, (AV/RA-RAFA-2174), Eb: Hauptabteilung Verwaltung, Ebe Abteilung Gesundheitswesen, L0005: B I Medizinische Angelegenheiten, 1940-1945, og går frå s. 92 til s. 100.

Materialet frå Politidepartementet og Justisdepartementet i 1942 blei som nemnd over tatt ut og arkivert saman med materiale frå 1950-talet vedr foreslått revisjon av § 213 i Straffelova er tilgjengeleg her: Digitalarkivet, Arkivverket: Justisdepartementet, Lovavdelinga, RA/S-3212/D/De/L0028/0002: Straffeloven, Straffelovens revisjon, Homoseksualitet 2 mapper 1951-1955. Dokumenta vedr endringsforslaget i 1942 ligg frå side 225 til 325. 

Det sistnemnde materialet blei digitalisert av Arkivverket i 2022 i høve Skeivt kulturår. Materialet frå Reischkommissariat blei digitalisert i februar 2024 på initiativ av Skeivt arkiv.

Litteratur

Bergh, Steinar, Birgit Bjerck og Elin Lund. 1978. Homofile – myter og virkelighet. En undersøkelse blant homofile kvinner og menn i Norge. Oslo: Pax.

Eikvam, Turid. 1984. Intervju med Dermot Mack, lydopptak. Tilgjengeleg hos Skeivt arkiv og digitalt: Dermot Mack i opptak fra 1984 | Skeivt arkiv

Gogstad, Anders. 1991. Helse og hakekors. Helsetjeneste og helse under okkupasjonsstyret i Norge 1940-45. Bergen.

Jordåen, Runar. 2011. Versuch zur Verschärfung der Homosexuellenverfolgung im von der Nazi-Wehrmacht besetzten Norwegen (omsett av R. Wolfert). Mitteilungen der Magnus Hirschfeld-Gesellschaft, (46/47), 42-53.

Jordåen, Runar. 2015. Sachsenhausen konsentrasjonsleir. Skeivopedia, publisert 24.04.2015, henta 28.01.2021. 

Jordåen, Runar. 2017. Einige norwegische Berichte über Homosexuelle in deutschen Zuchthäusern und Konzentrationslagern zwischen 1940 und 1945 (omsett av R. Wolfert). Mitteilungen der Magnus Hirschfeld-Gesellschaft, (58/59), 29-44.

Jordåen, Runar. 2025. "Infisering av folkekroppen"?  Den norske straffelova og seksualitet mellom menn under okkupasjonen. Historisk tidsskrift, 104(3), 237-255.

Jordåen, Runar og Raimund Wolfert. 2015. Homoseksualitet i det tyskokkuperte Norge. Sanksjoner mot seksuelle forhold mellom menn i Norge 1940-1945. Historisk tidsskrift, 94 (3), 454-485.

Kristiansen, Hans W. 2006. Norske homoseksuelle og antihomoseksuell retorikk i NS-pressen (1940-1945). I P.O. Johansen (red.), På siden av rettsoppgjøret, Oslo 2006: 303-336.

Maartmann, Camilla Hedvig. 2025. Tysk straffeforfølgelse av homoseksualitet i Norge under 2. verdenskrig. Historisk tidsskrift, 104(3), 220–236. https://doi.org/10.18261/ht.104.3.3

Parmann, Øistein. 1997. Med Kalle som følgesvenn og veiviser gjennom livet. I På sporet av en virkelighet. Festskrift til Karl Brodersen. Oslo: Antropos: 29-36.

Ringdal, Nils Johan. 1987. Mellom barken og veden. Politiet under okkupasjonen. Oslo: Aschehoug.  

Schoppmann, Claudia. 2019. På sporet av Helene Gottaut, "Wehrmachthelferin" i det okkuperte Norge. Skeivopedia 19.07.2019.

Widvey, Bjørn André. 2019. -Tyskerne var de beste elskerne! Gaysir 19.01.2019, henta 27.01.2021. 

Wolfert, Raimund. 2012. Nirgendwo daheim. Das bewegte Leben des Bruno Vogel. Leipzig: Leipziger Universitätsverlag.

Wolfert, Raimund. 2017. Paul Gerhard Vogel. Skeivopedia 09.11.2017, henta 27.01.2021. 

Østbye, Halldis Neegård. 1943. Nasjonal Samlings historiske kamp 1933-1940. Oslo: NS Rikspropagandaledelse.