150 års homokamp

Karl Heinrich Ulrichs
Karl Heinrich Ulrichs heldt den første appellen for skeive rettar.
I år blir det markert at det er 150 år sidan Karl Heinrich Ulrichs (1825–1895) steig opp på ein talarstol i München i det som blir rekna som den første offentlege appellen for skeive sine rettar.

Ulrichs skreiv på 1860-talet ei rekke pamfletter under psevdonym om likekjønna kjærleik eller «uranisme» som han kalla det. Han rekna seg sjølv som ein av «urningane» som var fødd med ei «kvinneleg sjel i ein mannleg kropp», og brukte tilsvarande nemninga «urninder» om kvinneelskande kvinner med ei «mannleg» sjel.

stempel.jpg

Bundespost ærar i år Ulrichs med eige poststempel i høve 150-årsmarkeringa.
Bundespost ærar i år Ulrichs med eige poststempel i høve 150-årsmarkeringa.

Ulrichs var utdanna jurist, men etter rykte om at han hadde tatt del i «unaturleg vellyst med andre menn» blei han utelukka frå både offentlege embete og etterkvart også frå å vera advokat. Seinare livnærte han seg mellom anna som journalist og skribent.

Pamflettane om „den gåtefulle mann-mannlege kjærleiken“ gav han ut under psevdonym frå 1864. Han argumenterte her for at uranismen var ei naturleg og ikkje-sjukleg legning og dermed logisk sett umogleg å straffa som „unaturleg“. I fleire av dei små og mellomstore tyske statane var likekjønna seksualitet heller ikkje straffbart, men utsiktene for tysk samling under pröyssisk dominans kunne i denne saka medføra ei forverring. Dette var bakgrunnen for at Ulrichs i august 1867 sette kursen mot Det tyske juristmøtet i München. Her samlast 500 tyske juristar seg, og den 29. august gjekk Ulrichs på talarstolen og tok til orde for avkriminalisering. Han kom ikkje lenger enn eit par setningar før han blei avbroten av ei rasande forsamling.

Det var altså på kort sikt ingen vellykka aksjon. Ulrichs fekk verken snakka ferdig eller gehør for sine synspunkt i arbeidet med ei ny straffelov: Då denne forelåg i 1871 var det med den berykta § 175 som gjorde „utukt mot naturen“ mellom menn forbode.

karl-heinrich_ulrichs_platz0.jpg

Karl Heinrich Ulrichs har fått flere gater og plasser oppkalt etter seg. Her fra fødebyen Aurich i Niedersachsen. Foto: Matthias Süßen (Wikimedia commons CC-BY-SA 4.0).
Karl Heinrich Ulrichs har fått flere gater og plasser oppkalt etter seg. Her fra fødebyen Aurich i Niedersachsen. Foto: Matthias Süßen (Wikimedia commons CC-BY-SA 4.0).

Ulrichs var like fullt stolt av at han hadde hatt mot til å ta ordet og dermed å stå opp mot det han karakteriserte som tusenvis av år med fordommar. Han publiserte seinare heile talen og brukte frå no av aldri igjen psevdonym.

Ulrichs sine idear om „ei kvinneleg sjel i ein mannleg kropp“ blei ei inspirasjonskjelde både for seksualvitskapen – ikkje minst slik den blei utforma av Richard von Krafft-Ebing på 1870 og 80-talet – og for personar som sjølv identifiserte seg som urningar. Av desse var den norske rettshistorikaren Ebbe Hertzberg, som i brev frå 1890-talet avslører god kjennskap til Ulrichs sine skrifter. Ein annan som var direkte inspirert av Ulrichs var Magnus Hirschfeld i Berlin, som i 1897 sto i spissen for grunnlegginga av den første organiserte homorørsla i verda. På denne måten blei ein av Ulrichs sine draumar oppfylt, han hadde nemleg arbeidd for å oppretta ei foreining for «urningar», men utan å lykkast.

På årsdagen for Ulrichs sin tale i slutten av august blei det heile markert med ei «reenactment» av juristmøtet og eit seminar i München. Postvesenet har dessutan bidratt med eit eige stempel i høve jubileet. Ulrichs har i seinare år også vore æra på anna vis, blant anna ved at ei gate i Berlin og ein plass i München er kalla opp etter han. Volkmar Sigusch og Hubert Kennedy har skrive biografiar om Ulrichs.