Bauta i homorørsla er død.

Svein Skeid vart 70 år gammal.

Svein Skeid er ein bauta i den norske homorørsla, aktiv sidan 1970-talet. Han la ned ein imponerande personleg innsats for å fjerna fetisjisme og BDSM som diagnosar, ein innsats som vil bli ståande i historiebøkene.

Samla historie

Svein var også sjølv ein engasjert homohistorikar. Tidleg på 1990-talet intervjua han Erling Næss (1895-1992) som kunne fortelja om møteplassar og nettverk for menn som hadde sex med menn frå tidleg på 1900-talet.

Svein var ein engasjert formidlar av Oslos homohistorie, basert på det unike og verdifulle materialet han hadde samla inn. Me i Skeivt arkiv fekk tidlegare i år æra av å publisera dette materialet på Skeivopedia.

I samband med 70-års markeringa av norsk homorørsle våren 2020, deltok Svein i ein podkast frå Skeivt arkiv der han fortalte om sitt møte med Erling Næss.

Raus og varm

Svein Skeid skapte historie i dobbelt forstand: ved sin makelause innsats som homo- og bdsm-aktivist, og ved å dokumentera og formidla den skeive historia. Me i Skeivt arkiv lærte også Svein å kjenna som ein uvanleg raus og varm person. Me kjem til å sakna han!

Skeivt arkiv intervjua Svein i april 2017. I dette utsnitter snakkar han om den legendariske homoutestaden Metropol:

Video: 

Sure dørvakter, men viktig treffsted.