Godkjend av Riks etter ti år

Alder: 27

Eg er 27, homo og transmann.

Eg har alltid forelska meg i gutar, men det verka heilt utenkjeleg for meg – som jente – å skulle vere i eit forhold med ein, utan at eg heilt klarte å setje ord på kvifor. Eg likte tanken på å sjølv vere saman med ei jente, men kun fordi det fekk meg til å kjenne meg meir mandig, ikkje fordi eg faktisk ynskte det eller var forelska i ei. Det var ikkje før eg som 16-åring kom over definisjonen på transseksualisme (som det vart kalla), at brikkene fall på plass, og eg hugsar det som noko positivt, som ei glede: Det er ikkje noko gale med meg, dette går an, eg finst! Før denne hendinga, hadde eg ikkje hatt noko som helst grep om at det fanst noko anna enn cismenn og -kvinner.

Skamma traff meg som ei bølgje då foreldra mine reagerte negativt. Fram til då hadde eg ikkje tenkt at dette var noko å skamme seg over, men det vart snudd på hovudet over natta. Kontakten som vart etablert med Rikshospitalet lei under at eg korkje hadde nokon eg kunne stole på eller trygge rammer til å utforske, og stemninga heime var elendig, noko eg opplevde som min feil. «Dette er ikkje ditt problem, det er eit familieproblem» kunne mor mi seie, og samtalen handla om kor vanskeleg dette var for ho, heller enn korleis eg hadde det. Eg måtte forstå, eg måtte skjønne, framfor at ho og far min måtte det. Eg vart òg råda til ikkje å fortelje det til andre, for slikt kunne raskt spreie seg i ein tettstad på Vestlandet, samstundes som mor mi sjølv fortalde det til fleire av sine vener for å søkje trøyst og medkjensle. Dette skjedde utan at eg visste noko om det, og dimed også utan samtykke. Det kjennest framleis, den dag i dag, som eit kraftig overtramp.

Dette var seint på 2000-talet, og eg hadde ikkje kunnskap nok til å finne ressursar på nett som kunne hjelpe meg. Då eg fekk avslag frå Riks etter berre nokre månader, vart eg først letta, fordi eg håpa det kunne gjere ting lettare heime. Som svært heimekjær har tanken på å bryte fullstendig med familien aldri slått meg, korkje før eller sidan, og på dåverande tidspunkt vart det å «gje slepp på» eigen kjønnsidentitet det minste av to vonde. Denne spontane letten gav seg derimot raskt, og vart erstatta av uro og frustrasjon over å ikkje bli trudd på, og utan å ha nokon klar veg vidare. Foreldra mine trudde at no var det heile over, sidan Riks hadde sagt det, og hadde med det meir tiltru til Riks enn til meg.

Utanforståande faktorar som studier, eitt år på utveksling, ei etter kvart dødssjuk mor og hennar dødsfall, førte til at eg vart verande i skapet i mange år. Eg tenkte at eg ikkje hadde rett til å bruke eit mannsnamn, kalle meg mann, kle meg eller te meg som mann, når Riks hadde definert at eg ikkje var det, og at eg dimed ikkje hadde noko «bevis». Eg torde ikkje gå i guteavdelinga i klesbutikkane, og heller ikkje ta kontakt med skeive organisasjonar, for som tilsynelatande kvinne som forelska seg i menn, følte eg ikkje at eg hadde lov. I min norske studieby fekk eg ingen nære vener eg kunne vere open med, og eg hadde ingen frå før som eg hadde regelmessig kontakt med heller. I den grad eg klarte, slo eg frå meg tanken om at det nokon gong kom til å løyse seg, og fokuserte på å overleve.

Seint i 2016 vart eg ved eit samantreff del av ein ny venegjeng: ei lita gruppe på fem svært ulike personar, men med ein felles hobby. Sakte, men sikkert klarte eg å vere ærleg med dei, og for første gong i livet opplevde eg det eg vil kalle aktiv støtte, altså at nokon starta å bruke rett namn og rett pronomen, sjølv om eg ikkje hadde gjennomgått behandling enno. At denne nye gjengen min ikkje hadde kjent meg sidan barndommen, var nok både ein fordel og ein føresetnad.

Takka vere dei, klarte eg etter kvart å ta kontakt med Riks på nytt, endre namn og kjønn juridisk, og stille krav til far min, slik at tilmed han no har vent seg til rett namn og pronomen. Sidan eg flytta heimanfrå har vi hatt eit svært sterkt og godt forhold på alle andre område i livet, og det har vore viktig for meg at det ikkje skulle gå tapt. I skrivande stund (vår 2020) er den fysiske kjønnsstadfestande behandlinga framleis i startfasen, men berre det å endeleg ha kome gjennom det trange nålauget til Riks og merke på kroppen at ting skjer, er ein stor lette.

Eg skulle gjerne vore sterk nok til å klare alt dette på eiga hand då eg var 18, men som eit flokkdyr utan flokk var det i praksis ikkje mogleg. Det kjennest framleis som at eg har mista desse nesten ti åra av dei seine tenåra/tidlege tjueåra, der dei fleste får sjansen til å prøve og feile sosialt og i kjærleikslivet, og at eg i så måte ligg ti år bak mine jamnaldrande. Likevel trøystar eg meg med at forholda ikkje låg til rette for behandling på eit tidlegare tidspunkt, og at eg skal vere glad for at det skjer no, med eit sosialt nettverk rundt meg, og ikkje endå eit tiår fram i tid. Eg har vanskeleg for å sjå for meg at eg nokon gong kjem til å få meg kjærast, men skulle eg vere så heldig, så blir det i alle fall på rett premiss for begge to. Det å leve som opplevd kjønn er mykje viktigare for meg enn å vere i eit forhold som er basert på løgn, sjølv om det skulle bety at eg må gje opp kjærleiken fullstendig. Det er berre eg som må leve heile livet med meg sjølv, og det viktigaste er at eg sjølv klarar det