Christian Meyer Ross
Sidan studerte Ross bildekunst i Christiania og i København der han blei ordentleg kjend med den elleve år eldre Bjørnson, som skulle bli ein god og nær venn, først i München og seinare i Roma. Ross måla eit stort portrett av Bjørnson som no heng på Aulestad. Seinare drog Ross til München der han (og Eilif Peterssen) var ei god støtte og kollega for Harriet Backer. Deretter stod Paris for tur og endeleg Roma der Ross busette seg i 1879.
Christian Meyer Ross var ein sjeldan kultivert mann med historisk interesse, og han henta gjerne motiva sine frå rokokko- eller empire-tida. Han var kjend og ettertrakta som ein monden portrettmålar som sverma for ein aristokratisk omgangstone og raslande silkedrakter. Hans soignerte målariske overflatebehandling av sosietetsdamene sine silkekjolar gjorde at han blei kjend for omgrepet "Ross-silke". Dette viss ein skal tru Jens Thiis i boka Norske malere og billedhuggere frå 1904. Elles måla Ross fleire portrett som den kritiske Thiis kalla "sødladne". Men han understreka at den ugifte Ross var eit elskverdig menneske med hjartelag og mykje humor.
I Roma var Ross i mange år ein sjølvskriven formann i Skandinavisk forening for kunstnarar og vitskapsmenn. Han var svært populær og eit sentralt midtpunkt for den skandinaviske kunstnarkolonien og andre kunstnarar. Han tok gjerne på seg ansvaret med å arrangere selskap, spelte piano og underheldt elles med sine språkkunnskapar. Når det var karneval, kledde Ross seg gjerne ut, stundom i ballerinakostyme og dansa til ære for gjestane – trass i sin store mage og fullskjegg.
Christian Meyer Ross var som sagt ein av Bjørnson sine kjæraste vennar og mest trufaste omgangsfelle, og i eit brev frå 1874 til sin "Kære, kære væn" syner Bjørnson dette broderlege vennskapet gjennom eit svært fortruleg og kameratsleg språk. Han vil at Ross skal måle eit bilde av den dansande Lucretia Borgia til han: "Du gør det, hører du! [...] Og dog gør de det ikke så fint som du kan gøre det, din dovning, når du rigtig anstrenger dig [...] Dit svin, ..."
Den norske diktaren kunne derfor følgje på nært hald det tette forholdet mellom Ross og Themistocles, den greske tenaren og kokken hans. Ross hadde full tiltru til tenaren og skal ha testamentert eigedelane sine til han. Det gjekk rykter om at Themistocles seinere skal ha dytta Ross ned ei trapp, noko som førte til den norske målarens død i april 1904, 61 år gammal. Ved gravferda til vennen hadde Bjørnson tenkt å halde minnetale - på italiensk, men gråten hindra han. Han fekk likevel gjeve uttrykk for det smertelege tapet i eit brev til Alexander Kielland to dagar etter: "Men Ross’s død har jo lagt slør. Herregud, herregud, hvad vi tapte!" Minnetalen på italiensk heldt Bjørnson ved 17. mai-feiringa i den skandinaviske foreininga.
I tillegg til sine mange portrett måla Ross òg folkelivsscener frå byen Sora der han ofte var om sommaren. Her fann han gjerne fram til nokre sjarmerande unge gutar og menn som modellar og motiv, sjå til dømes det homoerotiske måleriet Firfisledreperen (1888) som Nasjonalmuseet eig, og Italiensk gategutt eller Appelsingutten (1881) som er i privat eige. Meir om dette i Knut Ljøgodts artikkel nemnd nedanfor. Som ein slags pendant til desse måleria av Ross nemner Ljøgodt den tyske fotografen Wilhelm von Gloeden og dei mange bilda hans av halvnakne sicilianske ynglingar.
Nemnast her skal dessutan at Cristian Meyer Ross var ein kjenning av Ebbe Herzberg, den norske stasråden som fekk karrieren øydelagd på grunn av legningen sin. Herzberg omtaler Ross i eit brev til vennen Poul Andræ, sjå meir i Jordåen 2022, nedanfor.
Litteratur
Bull, Francis. 1960. Nordisk kunstnerliv i Rom. Oslo: Gyldendal.
Jordåen, Runar (red.). Brev til Poul Andræ 1892–1912. Oslo: Nasjonalbiblioteket.
Ljøgodt, Knut. 2000. "Christian Meyer Ross (1843–1904" i Kunst og Kultur, nr. 1.
Thiis, Jens. 1904. Norske malere og billedhuggere. Bergen: John Grieg.