Christian Sandal og Hjalmar Meidell

Hjalmar Meidell som ung. Bildet er frå boka "Minner fra guttedagene, teaterminner og annet". 1930. ED. B. Giertsen A/S, Bergen.
Hjalmar Meidell som ung. Bildet er frå boka "Minner fra guttedagene, teaterminner og annet". 1930. ED. B. Giertsen A/S, Bergen.

Rasmus Christian Olaus Sandal (12.10.1872–17.5.1951) og Hjalmar Sigvard Meidell (7.9.1871–4.2.1957) var to skeive bergenske teaterprofilar og velkjende figurar på byen. Sandal var skodespelar og instruktør ved Den Nationale Scene, medan Meidell var dramatikar og tannlege.

I sine Minner fra guttedagene, teaterminner og annet som kom ut i 1930, fortel den då 61-årige Hjalmar Meidell om sitt kjennskap og vennskap med Christian Sandal: "Hvorledes vi 'fannt hinannen' husker jeg ikke lenger. Men beslektede sjeler har en fin sporsans. Og vårt bekjenntskap blev meget snart til vennskap." (s. 8) For oss innvidde er det ingen tvil om kva beslektede sjeler tyder i denne samanhengen, nemleg same innstilling til det motsette kjønn. Vennskapet deira byrja alt i første klasse på Bergens katedralskole. Likevel var det ikkje det som skjedde på skulen som danna grunnlaget for vennskapet, men felles fantasi og lyst til å kle seg ut og spele teater.

På eit loft i Welhavens gate 11 (no nr. 46) i heimbyen Bergen spelte dei to barndomsvennene seg gjennom store delar av den dramatiske verdslitteraturen, i eigenprodusert regi, scenografi og kostyme, og med seg sjølv i alle rollene – mannlege som kvinnelege. Framføringa var fylt av lidenskapeleg patos med svært varierte og fantasifulle kostume. Det kunne vere eit kanarigult silkeskjørt med ein knallraud silkebluse til, eit grønt underskjørt med mange "falbelader" (= frynser og rynker) eller ein neglisjé. Verken Sandal eller Meidell var redde for å spjåke seg til med sminke og ekstravagante gevantar. Dei fekk hjelp av nokre kameratar som spelte menn, og det blei jamvel utveksla kyss på scenen. Mest mogleg ekte skulle det vere, og alltid med eit entuasiastisk publikum av familie og venner. Til og med den seinare statsministeren Johan Ludwig Mowinckel var blant tilskodarane, og dåverande skipsreiar Kristian Jebsen.

Hjalmar Meidell og Christian Sandal laga òg dokketeater, eit teater dei kalla Meisan eller Delldal etter begge sine etternamn. På denne scenen var det ikkje først og fremst skodespelinga som gjaldt, men sjølve teksten og orda. Her fekk dei to gutane god verbal trening i å tolke dei store klassikarane, både norske og utanlandske. Dei brukte stemmene sine utan å tenkje på at dei kom i stemmeskiftet.

Den mangfaldige teatererfaringa kom godt med seinare både for dramatikaren Meidell og for instruktøren Sandal. Det som berre hadde vore ein leik skulle sidan bli livsens alvor. Som Meidell forklarer i sine Minner fra guttedagene: "Vi svermet for teatrets kunstnere, både for dem av hunkjønn og for dem av hankjønn. De stod for oss som halvguder." (Meidell 1930, 28) Både Hjalmar Meidell og Christian Sandal skulle etter kvart bli faste ansikt på Den Nationale Scene og elles i byen, og dei skal ikkje ha lagt særleg skjul på sine seksuelle preferansar.

Christian Sandal

Christian Sandal utdanna seg til skodespelar, og med visse unntak var han alle år stort sett fast ved Den Nationale Scene. Her var han òg instruktør og i ein periode teatersjef. Den mest sentrale posisjonen hadde likevel Sandal som teatrets sekretær (dvs teatersjefens høgre hand og ein slags dramaturg) og ansvarleg redaktør for programbladet. I 1898 var han blant stiftarane av Norsk Skuespillerforbund, og på 50-årsdagen blei han utnemnd til æresmedlem. På 50-årsdagen for Den Nationale Scene i 1926 fekk han overrakt Kongens fortenestemedalje i gull av kronsprins Olav.

Etter at han gjekk av skreiv Christian Sandal ei rekkje skodespelarprotrett i Bergens Tidende, ei uvurderleg kjelde for teaterhistorikarar. Han skreiv òg ei vise med tittelen "I sin ungdom" der teksten avslører litt av forfattarens tankar om det å vere annleis på denne tida, her eit utdrag (sitert frå Losnedahl 1989, 116):

Og nogle helst vil gaa med den pige de har kjær,
mens andre altid pebersvende være vil, de svær'
i sin ungdom.
[---]
Og en vil ha sig kone, en anden vil ha mand,
en tredje elskerinder saa mange som han kan
i sin ungdom.

 

Hjalmar Meidell

Alt som 22-åring tok Hjalmar Meidell tannlegeeksamen og hadde eigen praksis i heimbyen Bergen. Men det var forfattaren i han som som fekk mest næring. Som dramatikar blei Meidell feira både her i landet og i utlandet. Alle hans 16 skodespel blei trykte og oppførte, to av dei omsette til fem ulike språk og oppførte mellom anna i Stockholm og Berlin. Meidell gav òg ut fleire diktsamlingar, essays og historiske bøker. Likevel er han i dag nesten gløymd, noko Bergens Tidende lurer på kan skuldast at "Meidells åpenbare homofile legning og hans kompromissløse stil og levemåte etter hvert ble tung fordøyelig kost for byens borgerskap" (Kolbjørnsen 2003).

Hjalmar Meidell budde heile livet i Welhavens gate 11, i mange år saman med mora som blei tidleg enke. I Bergen er det framleis dei som hugsar den gamle teatermannen og tannlegen som ein elegant herre:

En gentleman med stokk, svinelærshansker og gamasjer. Alltid korrekt. Alltid vennlig. Alltid parat med et lite glass sort plommelikør med en umiskjennelig duft av tannlegesprit, servert i stettglass til de unge som kom på besøk. (Kolbjørnsen 2003)

Litteratur

Kolbjørnsen, Astrid D. 2003. "Husets hemmeligheter" i Bergens Tidende 29.6.

Losnedahl, Kari Gaarder. 1989. Christian Sandal og 16 store samtidige scenekunstnere i Bergen. Bergen: Den Nationale Scene.

Meidell, Hjalmar. 1930. Minner fra guttedagene, teaterminner og annet. Bergen: Giertsen.

Aarseth, Asbjørn. 1969. Den Nationale scene, 1901-31. Oslo : Gyldendal.