Hans Hyldbakk (1898 - 2001)
Hyldbakk var ein allsidig skribent, mellom anna kjend for sine "Brev frå Kleiva" i avisa Driva, og som lokalhistorikar. Han forfatta bygdebøker for fem kommunar, til saman 11 000 boksider fordelte på rundt 20 bind. Sjølv ville ikkje Hyldbakk kalle seg for diktar, men ein rimsmed, skribent og kulturagent.
Om hjartevennen Knut
I september 1922 publiserte Hyldbakk romanen Ane Sjurshaugen som føljetong i avisa Arbeiderpolitikken, då på riksmål, men han gjekk fort over til nynorsk som i romanen Brotne band. Denne romanen gjekk som føljetong i over eitt år i avisa Heimveg, blei avslutta i april 1928, og nyutgjeven som bok i 2011 på Blomsterhaug forlag. Brotne band handlar om overgangen frå bonde- til industrisamfunnet med gjetaren og drengen Sverre Vatneplassen i sentrum. Han skriv glødande dikt om brorskap og sosialisme, og er eit bilde på forfattaren sjølv. Sverre er 30 år og framleis ein "grøn ungkar", men på ein gard eit stykke unna har han ein "hjartevenn" som heiter Knut. Dei har mange løyndomar saman, skriv Hyldbakk og legg til: "Han var så ljos og fager å sjå til, han Knut. Han var som ein bustad for reine og glade tankar, ..." Sverre blei heit når han tenkte på Knut. Auga glødde og munnen skalv.
Det er klart at det er varme kjensler mellom dei to vennane, i alle fall hos Sverre, men slikt kan ikkje skrivast meir direkte på 20-talet. Sverre skriv langt brev til Knut om vennskapen deira, men får ikkje svar og byrjar å drikke av kjærleikssorg. Ein kveld møter han opp full på ein avhaldsdans og blir kasta ut av Knut. Skamma er stor, og Sverre innser at: "No var banda brotne, ja brotne for alle tider." Då Knut giftar seg, blir Sverre beden om å skrive song eller dikt, men blir ikkje invitert i bryllaupet før den same dagen i eit angrande brev frå Knut. Men Sverre vil ikkje gå. Grunnen er ikkje at han kjenner seg sviken av Knut: "Nei, det er fordi eg har svike meg sjølv." Litt uklar slutt altså, men truleg går Sverre på festen likevel.
I 1930 skreiv Hyldbakk ein ny roman, Gunnar Hjelen, som han sende til Aschehoug, men den blei refusert og manuskripet brent. Dette gjekk svært innpå Hyldbakk som sidan aldri prøvde seg med romanskriving att.
Kjærleik i poesiform
Hans Hyldbakks første diktsamling, Harpespel, kom i 1929 på Noregs Boklag. Her er det mange lovsongar og dikt om vennskap og ulykkeleg kjærleik. Diktar-eg lengtar etter nærleik og kjærleik, men kjenner seg sviken og åleine, her på ein ungdomsfest i diktet "Utanfor":
Men eg gjekk i draum åleine
i mitt eige lukkeland,
lydde etter tonar reine,
sakna det dei andre fann.
[...]
Ingen kjem og ingen vankar
hjå ein einsam syndar-mann.
Same tvil og same tankar
var det einaste han vann.
I diktet "Ein ven" finn han trøyst i naturen, som han gjerne vil dele med ein venn: "Eg elskar alt vent i verda / og er som eit barn i tru. / Men aldri eg fann på ferda / ein dyrare skatt enn du." Det kan bli einsamt om kvelden når han sit og ventar forgjeves på vennen sin, som i diktet "Venting":
Eg ventar i dag, og eg venta i går.
Eg ventar um so eg skal venta eit år,og eingong so må han vel koma.
Diktet "Den tronge vegen" er ein metafor for å vere kristen og gjere alt riktig, men ikkje skilje seg ut på nokon måte for elles kan du bli hundsa: "Hol og tom må klangen ljoma / i den store stad Sodoma / frå ditt livsens harpespel". Men ein heil sommar får han oppleve lykke og glede, slik det er skildra i diktet "Elsk og truskap":
Du låg ved hans barm
og kjende hans arm
kring livet ei sumarnatt.
Og gleda var stor
i kjærlege ord
som til hjarta batt.
Men hausten den sumar dulde
i næter med vinterkulde.
Kåte gutar
Året etter er Hyldbakk Paa vandringsveg (Noregs Boklag, 1930) med mange dikt om sol og vår, safter som fløymer og draumar om kjærleik. Og i diktet "Eit Edens land" skjer det: "Her laugar unge menn / og nakne kaate drengjer", og "daa elskar dei kvarandre og daa / kyssar dei paa munnen". I det lange diktet "Kleivevandring" er det månelyset som hjelper eg-personen til ærleg å tilstå alle tinga han har kjær, og dei kviskrar til han med "so elskhugsglade mæle [...] um eit paradis med herlegdom og sæle". Der kan han synde fritt:
Og daa vakna i mitt bryst
kjærleiks traa og lekams lyst,
alle lengslor som fordømde er i kjøtet.
Og daa hildra det i haug,
og daa sildra det og saug,
som eg gjekk min veg til fyrste kjærleiksmøtet.
Og eg bad med hjartans ord:
‘Kjære milde moder jord
gjev meg endaa mange dagar til aa leva.
Lat meg synda sælt og smaatt
i di ljose maanenott
ofte enno fyrr du gøymer meg i æva!’
Einsam og homofil
Hans Hyldbakk var aktiv som skribent heile livet, heilt til han døydde 103 år gammal. I seinare dikt kan han minne litt om Tor Jonsson, men utan heilt å nå opp til same kvalitet, slik som i diktet "Om å nyte og yte" (Aspa skjelv i Øyalia, 1975):
Alt som skal gro på jorda,
Det må ein mann ha sådd.
Sådde du berre orda,
Lykka vart aldri nådd.
Som ung mann fatta Henning Sommerro interesse for og gjekk på besøk i den vesle raude husmannsstova til Hans Hyldbakk, ein bygdeoriginal "som folk tøkt va rar", fortalde Sommerro i eit intervju i 2012. Han la til: "Hyldbakk er ensom, homofil og mislykket romanforfatter." Vidare pusla Hyldbakk med poesi og tente pengar på å skrive bygdebøker. (Karlsvik 2012)
Kjærleik til heimbygda har vore viktig for Hyldbakk, og kjærleik til menneska, sa 100-åringen i eit intervju: "Mitt evangelium er liberalismens ide: fridom for menneska." Hundreåringen har ikkje sans for den norske bedehusmoralismen, den dømmande kristendommen: "Grekarane, derimot, dei dyrka kroppen – i kunst og idrett." Alle dei ulike sektene utartar seg fort til fundamentalisme: "I statskyrkja får ein vera med utan at ein er frelst. Og det er no bra, for slike karar som meg." Døden er den største demokraten i verda, meiner Hyldbakk, som har følgjande leveregel og livssyn: "Sanning. Du skal leva i sanning og ikkje gje deg ut for nokon annan enn du er. Men det er lov å smålyge litt når det trengst." (Sæter 1998).
Æresprisar og testament
Hans Hyldbakk skulle bli den lengstlevande medlemmen av Den norske Forfatterforening, og han blei heidra med fleire prisar frå kommune, fylke og stat. I 1976 fekk han Norsk kulturråds pris for arbeidet med bygdebøkene og året etter Statens kunstnarstipend. Han fekk Kongens fortenestemedalje i gull i 1994. Alt i 1979 sette kommunen opp ei bronsebyste av han, laga av Tore Bjørn Skjølsvik. Hyldbakk var ein særs nøysam mann, sparte pengar og testamenterte nesten ein million kroner til Surnadal kommune, i tillegg til huset på Kleiva. Her blir det no arrangert Vårsøghelg kvar pinse. Dessutan deler kommunen kvart år ut Kleivaprisen der pengane skal gå til å "fremje kulturelle og lokalhistoriske føremål", men vel å merke ikkje til stjerneidrett og fotball.
Litteratur
Karlsvik, Mette. 2012. "Sommeruro" i Dagsavisen 14.7.2012
Sæter, Einar og Svein Sæter. 1998. Hans Hyldbakk. Samtale med ein 100-åring. Oslo: Samlaget.
Tangen, Jan Inge. 2020. "En historie om levd liv" i fireflate.no, festivalavis for Moldejazz.