Hommann (hovmann) – ‘gutevoren gjentunge’

E. Støren Orkdølafylket
E. Størens artikkel om døyande ord i Orkdal frå 1925.

Eilert Støren (1860–1929) var distriktslege i Meldal i Trøndelag i førti år og skreiv mange stykke om tradisjonsstoff frå Orkdalsregionen. I ein artikkel frå 1925 tek han opp ein del lokale ord og uttrykk som var i ferd med å døy ut. Mellom desse er hommann. Støren gjer greie for tydinga slik:

Om Småpiker som er viltre og gutteagtige – som f. Eks. vil ride Hestene til Havnen og heller bruke Herrecykkel end den, som passer for deres Kjøn, kan man høre det bli sagt av rigtig gamle Folk, at «hu er rettele e Hommansførkje» eller «e Hommans-kari», selv om hun ikke heter Kari. (Støren 1925, 87)

Støren viser til ordet Homand som bakgrunn for den lokale varianten, og han skriv at dette i eldre tid vart brukt om underordna betjentar eller kontoristar hos embetsmenn. Ettersom slike utsendingar frå øvrigheita ikkje alltid stod særleg høgt i kurs hos allmugen, meiner Støren at ordet har gått over til å tyde ‘uvøren person’ meir generelt: «Så blev Navnet hængende ved gutteagtige Småpiker» (ibid.). I eit anna stykke skriv Støren om Hommandskari som er «brukt om en gutteagtig Smaapike, som vilde klyve høit og lavt og ride Hestene til Havnen og var vanskelig at holde Styr paa» (1923, 22).

Ordet Støren løftar fram, er kjent frå mange delar av landet, og det har eit vidt tydingsfelt. Opphavet er hófmaðr ‘mann i følgje med eller i teneste hjå ein stormann’, og så har dette utvikla seg til variantar som hobmann, håmann og håmmån i talemåla. Vi kan finne ei rekkje ulike tydingar, mange temmeleg nedsetjande. Ein av definisjonane som er med i Norsk Ordbok, er «kvinne el gjente som ter seg som ein kar, stor, gutevoren gjentunge», og denne varianten blir heimfest til Kvikne og Meldal. Frå Meldal finst òg «hovmannsfakter» registrert med tydinga ‘ukvinneleg åtferd’, og «hovmannstre», «hovmannstruge» og «hovmannskløft» er mellom nemningane for ‘kvinne som ter seg som ein kar’.

Vi kan finne att hommann i ei gammal folkevise om «Liti Kjersti stalldreng». Visa dreiar seg om eit maskeradetema der den fagre møya Kjersti «let seg karmannklede skjera» fordi ho ville «ein riddare vera». Utkledd som mann får ho hyre som stalldreng hos kongen:

I åtte år batt ho hestar i band,

liksom det var ein liten hommann

(Liestøl m.fl. 1929, 73).

I like mange år deler den utkledde stalldrengen seng med kongssonen, og det niande året blir Kjersti med barn. «Eg hev vore kongje i tredve år, min stalldreng hev alli født bonn fyrr no», seier kongen undrande, men han tilgjev dei for påfunnet og deler ut pengegåver fordi dei var så sløge og klarte å narre han. Og så får dei halde bryllaup.

Denne visa finst i fleire variantar i Norden, England og Skottland, og ho tilhøyrer såleis ein internasjonal sjanger med opphav i mellomalderen.

Kjelde:

Støren, Eilert. 1925. Døende ord. Orkdølafylket, 6 (2), 82-88

Støren, Eilert. 1923. Om Øl og Ølbollerim. Årsskrift for Orkdølafylket, 1-29.

Liestøl, Knut m.fl. 1959. Folkeviser II. Oslo: Samlaget.