Olea Nordby og Gina Skoglund

Olea Nordby og Gina Skoglund budde saman som eit par i Trysil i Innlandet frå 1910 til 1960.

Olea Nordby (1878-1960) og Gina Skoglund (1890-1970) budde saman som eit par i Trysil i Innlandet frå ca. 1910 til Olea døde i 1960.

Paret var gardbrukarar og offisielt var Gina Skoglund tenestejenta til Olea Nordby. Dei er gravlagd saman på kyrkjegarden i Innbygda i Trysil.

Offisielt var Gina Skoglund tjenestejenta til Olea Nordby.

Olea var kjent som ei respektert og tøff kvinne. Ho eller hen kalla seg av og til Ola Fjell og omtalte seg som «gubben» (mens Gina var «kjerringa»). Ho gjorde det som blei definert som «kararbeid», men også typisk kvinnearbeid, og var kjend for å vera god til å hekla, strikka og brodera. Ho kledde seg også i kvinneklede. Mykje tyder altså på at Olea såg på seg sjølv som kvinne, men historia er også relevant å diskutera i ein transhistorisk samanheng.

Som i veldig mange andre tilfelle veit me heller ikkje i dette tilfellet korleis fortidas menneske forsto seg sjølv. Om me oppfattar Olea og Gina som eit kvinnepar, levde dei i eit tid og eit miljø der ein moderne lesbisk eller homoseksuell identitet ikkje var særleg utbreidd. I borgarskapet levde mange ugifte kvinner, "peppermøer", saman i parforhold, som ofte blir kalla "romantiske vennskap". 

Les meir om dette fascinerande paret i Trine Rogg Korsvik sin artikkel på Kvinnehistorie.no.