Petter Dass

Maleri fra Melhus kirke som etter tradisjonen skal være av Petter Dass.
Maleri fra Melhus kirke som etter tradisjonen skal være av Petter Dass.

Petter Dass (1647–1707) er ein av dei mest kjende prestane og salmediktarane frå 1600-talet i Noreg. Prestestanden hadde på denne tida stor makt over eit samfunn der religionen gjennomsyra både lovverket og verdsbiletet. Dette gjaldt ikkje minst seksualitet og samliv. I sin «song til det sjette bodet» i Katekismus-sangene frå 1680-åra (gitt ut posthumt i 1715) gjekk Dass inn på dei ulike formene for brot på ekteskapet. I dette utdraget ser me at han peiker på både sodomi – seksualitet mellom menn – og på onani:

Endeel sig og bemænger
I Sodomiters Skam,
De paa sin Krambo hænger
En ret forbandet Kram;
Endeel og vel befrugter
Sit eget syndig Kiød
O hvilke Satans Frugter!
O Vee! o Skam! o Nød!

(Dass 1722, 62).