Speijer-rapporten

Speijer-rapporten på norsk
Det norske forbundet av 1948 gav i 1971 ut den nederlandske Speijer-rapporten på norsk, som eit ledd med arbeidet for å oppheva forbodet mot seksualitet mellom menn.
I 1972 blei homofile forhold mellom menn lovleg i Noreg. Ei vitskapleg utgreiing frå Nederland, den såkalla «Speijer-rapporten, spelte ei avgjerande rolle for at dette lykkast.

Å få fjerna forbodet, som var nedfeldt i Straffelova av 1902s § 213, hadde vore den viktigaste kampsaka for den norske homorørsla heilt sidan oppstarten i 1950.

Særleg etter andre verdskrig hadde paragrafen i liten grad vore brukt. Likevel hadde forbodet stor effekt: Det var med på å oppretthalda det negative synet på likekjønna seksualitet som rådde i samfunnet, og det var ved fleire høve trekt fram som eit argument mot at lesbiske og homofile skulle organisera seg. Av frykt for reaksjonar var difor Det norske forbundet av 1948 (DNF-48) lenge svært forsiktige når det gjaldt å annonsera og ta opp medlemer.

I 1966 blei Karen-Christine (Kim) Friele vald til ny formann, noko som, i takt med eit opnare debattklima, innleia ei meir offensiv linje i den norske homorørsla si historie.

Seksuell lågalder

For Friele og hennar allierte sto det klart at ei oppheving av § 213 måtte vera grunnlaget for all vidare kamp for aksept.

§ 213 hadde som nemnd vore lite brukt, og på 1950-talet hadde DNF-48 frykta at paragrafen skulle bli erstatta av ein høgre seksuell lågalder for homo- enn heteroseksualitet. I praksis ville dette betydd ei forverring. For ein slik paragraf, måtte ein forventa, ville bli aktivt brukt. Dessutan låg det i korta at ein slik paragraf ville ramma både lesbiske og homofile menn.

Dei fleste landa i Vest-Europa hadde ein slik differensiert seksuell lågalder for homo- og heteroseksualitet. I 1967 hadde ein til dømes i England og Wales avkriminalisert likekjønna seksualitet mellom vaksne av same kjønn så lenge det skjedde privat. Men det var berre snakk om ei delvis avkriminalisering; den seksuelle lågalderen blei sett til 21 år, fem år høgare enn for heteroseksuell sex. Mange menn som hadde sex med menn skulle dermed i årevis framover blir offer for forfølging av politi og rettsvesen i Storbritannia.

Dei norske homoaktivistane hadde grunn til å frykta at noko liknande ville skje i Noreg.

Forføringsteorien

Heilt sidan tidleg på 1900-talet hadde det vore argumentert for av psykiatrar og psykologar at ungdom måtte «vernast» frå homoseksualitet. Den underliggande premissen, som var så og seia udiskutabel, var at ei større utbreiing av homoseksualitet ville vera til skade for samfunnet. Psykiatrar og psykologar argumenterte for at den seksuelle orienteringa til eit individ ofte ikkje var fastsett før rundt 20-årsalderen. Om ein blei hetero- eller homoseksuell var avhengig av kva impulsar og erfaringar ein blei utsett for i ungdomsåra – om ein blei «lokka» med på sex med same kjønn kunne ein risikera at seksualiteten kom inn på feil spor.

Denne teorien har blitt kalla for «forføringsteorien», og på slutten av 1960-talet hadde han framleis mange tilhengarar, også blant norske fagfolk innan psykiatri og psykologi. Derfor sto det klart for Friele og kampfellane hennar at spørsmålet om forføringsteorien og ein høgre seksuell lågalder kom til å bli ein gordisk knute.

Speijer-rapporten og avkriminaliseringa i Nederland

Seksualitet mellom personar av same kjønn blei legalisert allereie i 1811, men i 1911 blei det i straffelova (§ 248bis) innført eit forbod mot slik seksualitet mellom ein person over 21 år og ein under. Den liknande grensa for heteroseksualitet var 16 år. Kort tid etter denne gjenkriminaliseringa blei det danna ein organisasjon for å kjempa mot forbodet, men det var først på slutten av 1960-talet at kampen byrja å bli intensivert.

I denne samanhengen blei det sett ned ein komité som skulle utgreia spørsmålet om homoseksualitet med særskild vekt på «forføringsteorien»: Var det slik at unge over 16 år kunne utvikla varig homoseksualitet eller bli skada i si heteroseksuelle utvikling om dei hadde homoseksuelle opplevingar i ungdomstida?

Leiar for komitéen blei Nico Speijer (1905-1981), professor i sosialpsykiatri ved universitetet i Leiden. Innstillinga konkluderte med at homoseksualitet «forårsakes av en vekselvirkning mellom instinktive (medfødte) tendenser og faktorer som viser seg i de tidligste barneår – således at det lenge før barnet fyller 16 år er avgjort hvor vidt vedkommende vil utvikle seg hetero- eller homoseksuelt» (Det norske forbundet av 1948 1971, 34). Derfor var det ingen fare for at ungdom over 16 år kunne «forførast» til homoseksualitet av vaksne homoseksuelle.

Speijer-rapportens konklusjonar var avgjerande for at § 248bis i 1971 blei oppheva. Nederland blei med dette det første land i Vest-Europa som innførte lik lågalder for homo- og heteroseksualitet.

Kontakt mellom Friele og Speijer

Parallelt med debatten i Nederland, var DNF-48 og Kim Friele i full gang med å arbeida for å fjerna § 213 i Noreg. I Frieles privatarkiv hos Skeivt arkiv ligg ei rekke brev og dokument som viser korleis organisasjonen følgde arbeidet i andre land. Her ligg til dømes brevvekslinga mellom Friele og Antony Grey (1927-2010) i den britiske organisasjonen Homosexual Law Reform Society. Grey viste til arbeidet som gjekk føre seg i Nederland, og sannsynlegvis var det dette som sette Friele på sporet av Speijer-rapporten.

Den 6. juli 1970 skreiv Karen-Christine Friele til Nico Speijer (SkA: A-0001, Friele, Fa2). Her gjorde ho greie for at DNF-48 planla å gi ut eit hefte med artiklar frå ulike ekspertar frå inn- og utland. Ho ønskte at Speijer skulle bidra til denne publikasjonen med ein artikkel om hovudfunna frå hans rapport.

Speijer svarte den 14. juli at han diverre ikkje hadde tid til å skriva ein artikkel til Forbundet sin publikasjon, men han ville senda rapporten og la dei få publisera heile eller delar av han (ibid).

På dette brevet svarte Friele at ho allereie hadde mottatt rapporten på engelsk, frå Antony Grey, og at DNF-48 no hadde kome til at dei ville distribuera han på engelsk (ibid, Friele til Speijer 20.7.1970).

Speijer som våpen i den norske debatten

Når Forbundets publikasjon, § 213: Onde eller nødvendighet? kom ut i desember same år, inneheldt den likevel eit avsnitt om Speijer-rapporten, eit resymé (Friele 1970).

Vidare gav DNF-48 ut ei omsetjing av rapportens konklusjonar i april 1971. Friele arbeida på dette tidspunktet ved Opplysningskontoret for forsikring, som var ein slags bransjeorganisasjon. I eit intervju har ho beskrive korleis Speijer-rapporten blei mangfaldiggjort:

«Så stensilerte jeg den, i nattens mulm og mørke i Forsikringens Hus! Nødverge-retten rettferdiggjorde dette gigantiske papirtjuveri, hevdet jeg» (Eikvam 1996: 11).

Den 19. april skreiv DNF-48 brev til stortingsrepresentantane, dagen etter til justisminister Oddvar Berrefjord (Ap), der dei argumenterte for avkriminalisering med referanse til Speijer-rapporten (Halsos 1999: 161).

På dette tidspunktet var det klart at det om ikkje lenge ville skje noko. Forbundet hadde møtt særleg forståing og engasjement frå den unge stortingsrepresentanten Arne Kielland (Ap), som hadde tatt opp saka i Stortinget i desember 1970. No var det kome ei ny regjering og han ville reisa forslaget på ny.

DNF-48 var framleis ein liten organisasjon med få ressursar; Friele hadde kontor i skreddarverkstaden til Willy Mikkelsen i Hagegata på Tøyen på Oslos austkant. Mikkelsen og sambuaren hans, Jan Nordbø, la også ned ein stor innsats i denne perioden. Det gjaldt å få informasjon ut til Stortingsrepresentantane og overtyda dei om at ei fullstendig avkriminalisering var vegen å gå. Her spelte den stensilerte utgåva av Speijer-rapporten ei sentral rolle, noko Friele fortel om i sin sjølvbiografi:

Når jeg tenker tilbake på mai 1971, må jeg alltid tenke på den formiddagen Randi Lund (pseudonym) og jeg halte og dro en gebrekkelig gammel håndkjerre full av Speijer-rapporter nedover Markveien midt i rushtiden. Det tutet og bertet hele tiden mens vi skranglet nedover, ut og inn mellom busser og biler. Jeg kan aldri glemme kampen med tiden, den ustanselige aktiviteten i skredderverkstedet i Hagegata for å nå stortingsrepresentantene tidsnok til at Speijer-rapporten kunne gi de tvilrådige syn for sagn. Jeg kan se alt sammen tydelig for meg, kanskje fordi jeg aldri har opplevd noe som riktig kan sammenlignes med disse fjorten dramatiske dagene for nitten år siden. (Friele 1990, 197.)

Då Arne Kielland gjekk på talarstolen den 2. juni 1971, var mange stortingsrepresentantar takka vera dei norske homoaktivistane allereie kjende med konklusjonane frå den nederlandske rapporten. I sin interpellasjon spurde Kielland om regjeringa ville vurdera å oppheva § 213 i Straffelova (Stortingsforhandlinger 1970/71, 2945). Han åtvara med det same om å innføra ei «særlov» med høgre seksuell lågalder, og viste til at Speijer-komiteen hadde «tatt livet av» forføringsteorien, og dermed også argumenta for ei slik særlov (ibid, 2947, Halsos 1999, 74).

Utan å gå inn på detaljar i den vidare saksgangen, må det nemnast at Speijer-rapporten blei ein viktig del av debatten og beslutningsgrunnlaget for vedtaket om å oppheva § 213 i 1972. I Odelstinget røysta 65 av representantar for og 13 mot ei fullstendig avkriminalisering av sex mellom menn (i Lagtinget var tala 18 mot 4) (Halsos 1999, 52). Det er grunn til å tru at argumentasjonen frå Speijer-rapporten bidrog til det tydelege fleirtalet. Men ikkje alle var samde, representantane som røysta mot ønskte i staden ein høgre seksuell lågalder.

Vidare forsking

Martin Skaug Halsos har i si hovudoppgåve i historie vist kor sentralt Speijer-rapporten sto i den norske debatten om avkriminalisering av homoseksualitet (Halsos 1999). Også Karen-Christine Friele har sjølv stadig trekt fram kor viktig rapporten var for den norske debatten. I ein publikasjon frå 1975 konkluderte Det norske forbundet av 1948 at Speijer-rapporten «ble helt avgjørende for debatten om avkriminalisering i Norge» (Det norske forbundet 1975, 6).

Det er likevel meir å seia om Speijer-rapporten si innverknad både i Norge og internasjonalt. Eit prosjekt om korleis denne rapporten og andre forskingsresultat frå utlandet blei brukt i den norske debatten kan ha stor verdi.

Det kan verka som at den britiske Wolfenden-rapporten frå 1957 si verknadshistorie i langt større grad har vore utforska enn den nederlandske Speijer-rapporten (sjå mellom anna Lewis 2016). For den norske debatten på byrjinga av 1970-talet er det liten tvil om at den sistnemnde var viktigast.

Ved Skeivt arkiv finst korrespondansen mellom Kim Friele og Nico Speijer. Vidare er korrespondansen mellom Friele og Antony Grey inne på Speijer-rapporten. Det kan også vera andre moglege spor etter Speijer-rapporten i Frieles arkiv.

Litteratur

Det norske forbundet. 1971. 16 år for homofile. Konklusjonen på en hollandsk komitérapport. Oslo: Det norske forbundet av 1948.

Det norske forbundet. 1975. Homofili og forføring. Oslo: Det norske forbundet.

Eikvam, Turid. 1996. «Kim om pionertiden.» Løvetann, 19 (5): 8-11.

Friele, Karen-Christine. 1970. § 213: Onde eller nødvendighet? Oslo: Det norske forbundet av 1948.

Friele, Karen-Christine. 1990. Troll skal temmes. Oslo: Scanbok.

Halsos, Martin Skaug. 1999. «§ 213 i Almindelig Borgerlig Straffelov av 1902. Homoseksualitet i Norge og rettslige sanksjoner mot den fra slutten av 1800-tallet til 1972.» Hovedfagsoppgave, Universitetet i Oslo.

Lewis, Brian. 2016. Wolfenden’s Witnesses. Homosexuality in Postwar Britain. London: Palgrave Macmillan.

Skeivt arkiv (SkA): A 0001, Friele, Karen-Christine. Fa2. Politiske saker: § 213.