Viggo Hagstrøm

Viggo Hagstrøm heime hos seg sjølv på Vindern blant bøker og kunst.  Foto: Øyvind Næss, Dagens Næringsliv.
Viggo Hagstrøm heime hos seg sjølv på Vindern blant bøker og kunst. Foto: Øyvind Næss, Dagens Næringsliv.
Viggo Hagstrøm (1954–2013) var ein av Oslos mest velståande homoseksuelle menn då han gjekk bort i januar 2013, ein månad før han ville ha fylt 59 år.

Viggo Hagstrøm var professor i juss og hadde ein kostbar hobby. Han samla på kunst, i hovudsak norsk bildekunst frå 1880 til 1940, særleg tidleg 1900-tals og spesielt måleri av Per Krohg. I tillegg samla han på norsk kunsthandverk og utvalde tekstil- og sølvarbeid. Alle kunstverka var grundig dokumenterte med referansar til opphav, omtale osv.

Alt som tenåring gjorde han seg kjend med Det Norske Forbundet, og i 1974 blei den 20-årige  jusstudenten utpeikt til å vere redaktør for Mulius, medlemsbladet for Oslo-laget av DNF-48. Den redaksjonelle leiaren i det andre nummeret i 1975 handla om Forbundets 25-årige historie med ei lita åtvaring til dei som utelukkande jubla over alt det positive som hadde skjedd:

Hva som vel kan diskuteres, er verdien av å dvele ved dystre minner fra fortiden. Personlig tror jeg et lite tilbakeblikk har sin verdi. Det er ingenting som tilsier at ikke pendelen skal svinge tilbake. Den har gjort det før, – ikke så altfor lenge siden. Vi har ingen garanti for at vår tålelige situasjon av i dag, vil bli fulgt av bedre forhold i samfunnet i morgen. (Mulius 2/1975: 3)'

Ifølgje redaktøren har fortida lært oss to enkle sanningar: At aleine er den homofile eit lett bytte i eit fordomsfullt og intolerant samfunn, men når vi står saman, kan vi vinne vår rett. I sin siste leiar av Mulius (nr. 5 og siste nr i 1975) tek Hagstrøm opp striden med AKP (m-l) og må vedgå at han synest nok ml-arane gjekk for langt. Han konkluderer mellom anna med at: "De homofile må kjempe sin egen kamp uavhengig av andre. De homofile må vinne selvrespekt. Ja til homofili uansett samfunnssystem er slagordet."

Juristen

I same nummeret skriv Hagstrøm elles om så ulike tema som pissoarromantikk og om rettstryggleiken for lesbiske mødre, eit politisk krav som Forbundet har reist. I den sistnemnde artikkelen syner jusstudenten andletet sitt. Han siterer lova, viser til domstolane og indikerer kva ein dommar må ta omsyn til, i alle fall ikkje det faktum at mora til barnet er lesbisk. Lova skal vere den same for alle mødre uansett legning. Til slutt spør han retorisk om det er ingen som har tenkt på homofile fedre?

Etter artium i 1973 byrja Viggo Hagstrøm å studere juss ved Universitetet i Oslo der han etter kvart skulle få sin faste arbeidsplass. I 1985 fekk han sin juridiske doktorgrad (Dr.juris) på ei avhandling om det offentlege sitt erstatningsansvar, og tre år seinare, i 1988, blei 34-åringen professor i rettsvitskap ved Institutt for privatrett. Året før skreiv Hagstrøm boka Aids som juridisk problem og forklarte kvifor i forordet. Gjennom venner som arbeidde profesjonelt med sjukdommen, fekk han ein førespurnad frå ein pasient om hjelp til å opprette eit testament:

Jeg var dårlig forberedt på å møte en mann, yngre enn meg selv [34], som ikke synest å ha levet et liv stort annerledes enn ungdommer flest, og som nu skulle dø. Ved siden av dødsangsten og uvissheten om hvilke sykdommer som i neste omgang ville komme, slet han med økonomiske og juridiske bekymringer, som sykdommen hadde brakt ham opp i. (Hagstrøm 1988: 4)

Hagstrøm var ein dyktig og svært populær forelesar, og ein respektert kollega som òg vart utnemnd til æresdoktor ved Københavns Universitet. Ved sida av skreiv han artiklar, gav ut lærebøker (= pensumbøker) og var redaktør for Tidsskrift for rettsvitenskap. Han vart oppnemnd som voldgiftsdommar og var leiar av Bankklagenemnda. Som det aktive organisasjons- og kulturmennesket Hagstrøm var, sat han i styret for Nasjonalgalleriet, men trakk seg ut i protest mot at direktøren (Allis Helleland) fekk halde fram. Hans store kunnskapar om og interesse for kunst gjorde han òg til styreformann i Bildende Kunstners Hjelpefond. Kunst hadde han samla på sidan han var 18 år, og både på kontoret og heime stod og hang det kunstverk overalt.

Homofil og einsleg

I august 2009 slepp han for første gong ein journalist inn i heimen sin, eit herskapshus på Vindern i Oslo, der Hagstrøm bur i andre etasjen medan foreldra (Sigrunn og Finn Hagstrøm) bur i første. Veslemøy Aga frå Dagens Næringsliv er imponert over det ho ser rundt seg. Både golv, veggar og trappa er fulle av kunstverk og bøker om kunst, også soverom, bad og do. kjøkken likeså, så dei fleste måltida inntek han hos foreldra. Journalisten lagar eit fornøyeleg intervju der eitt av spørsmåla er eit rykte som i alle år har florert blant studentane:

Er det sant at du har vært sammen med Per-Kristian Foss?
– Nei, det er ikke sant, svarer Hagstrøm kontant og knegger høyt.
– Det kan jeg komplett avdramatisere, det er overhodet ikke sant, det kan vi avsanne med en gang.

Men gode venner er viktig: "Jeg har veldig mange gode og nære venner. Når man er enslig sånn som meg, er det litt viktig." Homofili blir aldri nemnd i intervjuet, men Viggo Hagstrøms seksuelle legning var ingen løyndom. Dette blei òg smurd utover i media då han døydde i januar 2013 etter å ha lege i koma i fleire veker. Då kom det for dagen at Hagstrøm (58) fem månader tidlegare hadde gifta seg med den syriske asylsøkjaren Abdulbaset Mohamad (38). Enkemannen gjekk deretter til rettssak fordi han hevda at han ikkje var godt nok orientert om at Hagstrøm hadde testamentert kunstsamlinga si til Nordnorsk Kunstmuseum i Tromsø.

Hagstrøm hadde skrive testamentet i 2010 der det stod at arven etter han skulle fordelast mellom foreldra, Institutt for privatrett, Nordnorsk Kunstmuseum og nokre enkeltpersonar. Kunstmuseet i Tromsø skulle òg få foreldra sin arv etter han. Hagstrøms samla formue var på meir enn 20 millionar kroner, og av dette utgjorde kunstsamlinga verdiar for ca 12,5 millionar kroner.

I dommen frå Asker og Bærum tingrett kom det fram at ekteskapet ikkje betydde noko for Hagstrøm: "Han informerte ikke sine foreldre eller sine kolleger på Universitetet om at han giftet seg, og han fortsatte som før med å bo hjemme i samme hus som sine foreldre." Retten slo dermed fast at ekteskapet var proforma:

Retten finner ikke grunn til å trekke i tvil at ekteskapet mellom Mohamad og Hagstrøm også var basert på et kjærlighetsforhold, men legger til grunn at årsaken til at de valgte å gifte seg i august 2012, under ett år etter at de møttes første gang, var å sikre Mohamad opphold i riket. (Strømmen 2014)

Eit avgjerande moment i rettssaka var eit brev Mohamad hadde fått frå Hagstrøms foreldre ei tid før dødsfallet. Her stod det at Viggo Hagstrøm hadde oppretta eit testament der Mohamad ikkje var nemnd. Dermed var han varsla om at han som ektefelle ikkje hadde rett til nokon arv unntatt minstesummen for ektefellearv på 510 000 kroner. Det meste av dette måtte truleg Mohamad betale i sakskostnadar. Men Dagens Næringsliv kunne opplyse om at Abdulbaset Mohamad likevel ikkje gjekk heilt "tomhendt" ut av ekteskapet. Ei livsforsikring etter Viggo Hagstrøm gav han 4,9 millionar kroner. (Strømmen 2014)

Vi får tru at Viggo Hagstrøm hadde glede av forholdet til Abdulbaset Mohamad, men om han fann lykke i det kortvarige ekteskapet, det veit vi ingenting om. Kan hende trengte han sjølv lengre tid på å vurdere det? I intervjuet med Veslemøy Aga (2009) svarte han nemleg slik på følgjande spørsmål:

– Hva er lykke?
– Lykke er noe du kanskje først opplever i etterkant. Når man står midt inni det kan det være vanskeligere å se.

Litteratur

Aga, Veslemøy. 2009. "Kunstfiguren". Intervju med Viggo Hagstrøm. Dagens Næringsliv 28.8.

Hagstrøm, Viggo. 1975. "Leder" i nr. 2:3 og nr. 5:2,17 + andre artiklar. Mulius.

Hagstrøm, Viggo. 2008. AIDS som juridisk problem. Oslo: Tano.

Ljøgodt, K., A.E. Kragerud og P. Snare (red.). 2015. Kunstsamleren. Høydepunkter fra Viggo Hagstrøms donasjon. Oslo: Nordnorsk Kunstmuseum.

Strømmen, Karl-R. 2014. "Tapte retten til stor kunstsamling". Dagens Næringsliv 27.2.