Vi søkjer arkivar med digitalkompetanse 

En pilleboks holdes mot en bakgrunn av arkivhyller. På lokket står: «En pille mot fordommer, Hiv Norge.»
Spennande jobb ledig ved Skeivt arkiv. 

Ved Skeivt arkiv skjer eit stort arbeid med innsamling av arkiv frå private og organisasjonar. Materialet skal ordnast og gjerast tilgjengeleg for forskarar, masterstudentar og andre interesserte. 

Interesse for historia

Vi er i dag sju personar som arbeider med arkiv, forsking og formidling. Det er eit spennande arbeid der vi stadig oppdagar nye historier, som utløyser stor interesse blant publikum. 

Kven er du?

Ein av våre kollegaer skal dessverre vidare til andre oppgåver, men vi er svært spente på kven du er og kva du vil tilføra arbeidet vårt.  

Digitalt

Vi tenkjer at du særleg skal arbeide med innsamling, ordning, tilgjengeliggjering og informasjonsarbeid knytt til digitale og digitalt skapte arkiv, og utvikling av Skeivt arkiv sine digitale formidlingsløysingar. 

Søk her.