Skeivhet i et heteroseksuelt forhold

Alder: 36

Kvinne, 36 år.

Hei. Eg har lyst å dele korleis eg har både frivillig og ufrivillig valt å leve mitt liv i eit heteroseksuelt forhold. Som biseksuell. Eventuelt bifil. Uansett er eg skrudd saman slik at det å elske nokon, ta imot kjærleik, og føle seg verdig kjærleik – er akkurat like vanskeleg om eg er saman med menn eller kvinner. Lang historie for å forklare årsaka til at kjærleik er vanskeleg å forholde seg til for meg, men kort sagt skuldast det fysisk og psykisk maktmisbruk i barndom i form av tvang/manipulering frå foreldre. Eg er 36 år, stolt kvinne, sambuar med ein mann (43 år) og ilag har vi ei datter på snart 1,5 år. Familielivet vårt er i min auger idyll, ekte kjærleik, og svært viktig for meg. Men kjæresteforholdet oss i mellom er bortimot fullstendig dødt. Etter at dattera vår kom til verda har sambuaren min fått fødselsdepresjon, mista overskotet og mista all sexlyst. Eg har venta på han og sakna han i 1,5 år no, og i mellom tida har eg funne meg ein ekstravenn (mannleg), som er der for meg på dei vis som eg saknar frå min sambuar. Kynisk og trist, ja, eg tykkjer det.

Medan eg held på med dette "mitt vanlege liv" så aukar merksemda mi veldig i høve til mi biseksuelle side. Eg har sidan ungdomsskulen alltid vore svært fascinert av kvinna; kor vakker kvinna er, dei nydlege formene, kvinna representerar i større grad Kjærleik for meg enn mannen, vurdert ut i frå ustråling og tiltrekkinga EG føler. Men forelska? Nei, det er eg no vel ikkje??? Men på den andre side; er eg så mykje meir forelska i menn, då? Kanskje? Eg veit ikkje. Eg tykkjer ikkje det er så viktig kva eg er, biseksuell, bifil, lesbisk, hetero… Eg har VALT å leve heterofilt. og det er "sånn passe". :-)

Men det som er vanskeleg, og trist tykkjer eg, er at sambuaren min IKKJE vil vite av og akseptere/respektere mi skeive side! Han veit at eg anser meg sjølv som biseksuell, og at det er viktig for meg å få lov å stå for det – ja, helst leve det ut under hans tillatelse ein gong i blant. Helst ville eg ha fått min mann sin tillatelse til å treffe ei kvinne for sex ca 1 gong i halvåret. Då hadde eg hatt det betre med meg sjølv og å leve livet i tråd med mine eigne ynskjer, trur eg. Han kunne gjerne ha fått sett på, og eventuelt vere med oss to damene, om han har lyst. Det hadde vore ei nydeleg tillitssak mellom oss to, min mann og eg. Men nei. Han vil ikkje høyre om mine fantasiar. Han vil ikkje vere med på slikt. Og han vil ikkje at eg skal treffe nokon – uansett om det er menn eller kvinner. Og eg er skuffa. Og nevner det ikkje meir. Men i dag har eg meldt meg på Late Bloomers Ladies seminar. Dette er ei viktig side av meg som person. For mi sjølvkjensle og min identitet. Det går på stoltheit, faktisk. Eg er. Eg tør. Eg er stolt over det; min bisekualitet. Synd mannen min ikkje deler gleda mi. Kan hende eg ein dag får meg ei hemmeleg elskarinne. Då vert eg nok hoppande glad, og takksam. :-)