Den store sedelighetssak i Bergen (1938)

Den store sedelighetssak i Bergen 1938 Bergens Arbeiderblad
Bergens Arbeiderblad 30. juli 1938.
Den store sedelighetssak var namnet avisene gav på ei større etterforsking av menn som hadde hatt utuktige forhold til gutar under og over 16 år i Bergen.

Saka starta i 1937 med eit tips om mistenkeleg trafikk av gutar på rommet til ein av dei hovudtiltalte. Dette førte til ei stor etterforsking som viste at slike forhold var utbreidde i Bergen. Saka vakte stor skandale og moralsk panikk i byen.

I hovudsak var det snakk om menn over 21 år, mange betydeleg eldre, som hadde hatt seksuelle forhold til gutar under og over 16 år. Ofte var det snakk om ein slags guteprostitusjon.

Kring 20 av mennene blei berre dømd etter § 213, for å ha hatt sex med gutar i alderen 16 til 21 år. Tilsvarande heteroseksuelle forhold ville ikkje vore forbodne, så ein kan seia at § 213 her blei brukt for å handheva ein seksuell lågalder på 21 år for homoseksualitet. Politiet kom i løpet av etterforskinga også berøring med tilfelle der godt vaksne menn hadde hatt seksuell forhold til ungdommar over 21 år. Desse blei ikkje tiltalt, men fekk ei åtvaring.

Den store sedelighetssak var med på å sementera ei førestelling om at homoseksualitet og utukt med mindreårige hang saman. Problemforståinga var noko annleis enn ho ville vore ved ei tilsvarande sak i dag. I ein av dommane heitte det at det var snakk om "...forgåelser som kan være samfundsfarlige for så vidt som denne kan fremelske homoseksuelle tilbøieligheter hos ungdommen” (sitert frå Jordåen 2003, 103).

Den store sedelighetssaka er den største enkeltsaka i § 213s historie. Paragrafen blei elles svært sjeldan brukt, men i Bergen i 1938 blei det dømd heile 34 menn. 14 av desse hadde også gjort seg skuldige i utukt med mindreårige gutar (under 16 år).

Saka skapte også stor merksemd i pressa både i Bergen og nasjonalt.

Les meir om saka i hovudfagsoppgåva til underteikna (Jordåen 2003) der saka blei sett på innanfor rammene av ein større studie av forholdet mellom straff og psykiatri. Ei  nærmare utforsking av saka gjennom dommar, politiakter og pressedekning kunne gitt ein betre forståing av saka. I tillegg til at sjølve etterforskninga og behandlinga i rettsvesenet blei dekka, utløyste saka også ein meir generell avisdebatt om seksualmoral, homoseksualitet og misbruk.

Les også Nina Ratcliffs masteroppgave om den store skandalen.

Litteratur

Jordåen, Runar. 2003. Frå synd til sjukdom? Konstruksjonen av mannleg homoseksualitet i Norge, 1886-1950. Hovudfagsoppgåve i historie, Universitetet i Bergen.