Homoskandalen i Bergen (1909)

Arbeidet homoseksualitet homoskandale Fridtjof Sundt
Avisa Arbeidet avslørte 15. mai 1909 at ein kjent borgar hadde gjort seg skyldig i homoseksualitet. Nokre dagar seinare avslørte dei også namnet hans: Fridtjof Sundt.
I mai 1909 avslørte avisa «Arbeidet» at ein framståande og akta borgar i byen, skipsmeklaren Fridtjof Sundt (1867-1922), var mistenkt for å ha hatt seksuelle forhold til to unge gutar. Saka førde til regelrett moralsk panikk i Bergen, men skapte også store oppslag i hovudstadspressa.

Før 1906/07 var omgrepet homoseksualitet så godt som ukjend for norske avislesarar. Det var utanlandske skandalar som brakte ordet til Noreg i desse åra: Den store sedelighedssag i Danmark og Harden-Eulenburg-Affæren i Tyskland. Den førstnemnde var ein stor kriminalprosess der ei rekke menn blei dømde for seksuelle forhold til menn, den andre var ein skandaleprosess som involverte skuldingar om homoseksualitet hos sentrale personar ved keisar Wilhelm IIs hoff.

Skandalar av denne sorten var gjort moglege av ei moderne massepresse, av aviser som dreiv moderne avsløringsjournalistikk. I front sto gjerne anten såkallae boulevardaviser (tabloidaviser) eller opposisjonelle aviser til venstre i det politiske landskapet. I Tyskland og Danmark hadde dei sosialdemokratiske avisene gått i front. Bergenske Arbeidet, organ for Arbeidarpartiet i byen, hadde dermed førebilete å sjå til: Når dei no var på sporet av ei vaskeekte norsk homoskandale, kunne dei dra vekslar på framgangsmåten og retorikken frå den utanlandske kampanjejournalistikken i sine søsteraviser.

Avisa sitt bodskap var maktkritisk: Her hadde ein svært markant representant for byens borgarskap, kulturliv og etablissement sannsynlegvis gjort seg skyldig i seksuelle forhold til unge gutar på 15 og 18 år. Den borgarlege pressa hadde forsømt seg, ved ikkje å omtala dette, hevda redaktøren.

Det blei piska opp ei stemning i byen som var knytt til det mange meinte var ein dobbeltmoral. Men resultatet var også det ein med eit moderne ord vil kalla ei sterkt homofobisk stemning.

Av dei som tok ordet i debatten var psykiateren Henrik Dedichen, som i ein artikkel i hovudstadsavisa Social-Demokraten, kritiserte korleis saka hadde vore omtala: Han meinte Social-Demokraten hadde framstilt homoseksualitet som ei last som berre forderva menneske utførte. Dette var ikkje tilfellet, meinte Dedichen, det var heller slik at "mange mennesker fødes med saadanne abnorme anlæg, at de bare kan tiltrækkes kjønslig av sit eget kjøn. Og denne sin natur kan de ikke ændre." (Dedichen 1909, 3.)

Han tilføyde at det var ein tilstand ein fann hos både kvinner og menn og i alle sosiale lag, og han beklaga måten desse individa, som han såg på som ein slags sinnssjuke, sto i fare for å bli straffeforfølgde.

Alle vi, som har den lykke at være født sunde, skulde ha en liten smule medlidenhet med disse naturens stedbarn paa jorden og ikke hidse med stadig nye korstog mot dem. Det er mulig, at der findes lastefulde individer ogsaa blant dem. Men de fleste kan ikke for, at de føler, som de gjør (Dedichen 1909, 3).

Homoskandalen i Bergen er ei kompleks sak. Sundt blei etterforska for brot på § 213 i Straffelova som forbaud seksualitet mellom menn. Interessant nok blei det eine forholdet ikkje funne bevist (til 15-åringen). Forholdet til 18-åringen var det derimot sterke indikasjonar på at hadde funne stad, men grunna at paragrafen berre skulle brukast når «almene hensyn» tilsa det, kom det ikkje til påtale. Dette er ganske overaskande – ikkje ein gong når det hadde valda «offentlig forargelse» av denne grad, såg ein altså grunn til å ta i bruk paragrafen.

Skandalen førte nok til at Fridtjof Sundt og andre som han fekk seg ein kraftig støkk. Men han heldt likevel fram med å vera ei samfunnsstøtte i Bergen med viktige verv i kulturlivet. På øya Skorpo (Skorpen) i Os hadde han ein stortstilt landsstad der han samla kunstnarar og vener.

Les meir om homoskandalen og Fridtjof Sundt i Runar Jordåens artikkel frå 2017. Denne blir lagt ut på skeivtarkiv.no våren 2022. 

Litteratur:

Dedichen, Henrik. 1909. "De homosexuelle tilbøieligheder". Social-Demokraten, 03.06.1909, [3].

Jordåen, Runar. 2017. «Homoskandale! Sosialdemokrati, sensasjon og seksualitet i Bergen i 1909.» I  «Han e’ søkkane go’!» Et festskrift til byarkivar Arne Skivenes, redigert av Ragnhild Botheim, Ine Merete Baadsvik, Gudmund Valderhaug og Aslak Wiig, 424-445. Oslo: ABM-media.