«Han kan ikke være ham foruten.»

Domsaktene i arkivet etter Trondheim politikammer ligg på Statsarkivet i Trondheim, og gir eit detaljert bilete av saka, inkludert Karl og Johan sine eigne tankar og refleksjonar.
Domsaktene i arkivet etter Trondheim politikammer ligg på Statsarkivet i Trondheim, og gir eit detaljert bilete av saka, inkludert Karl og Johan sine eigne tankar og refleksjonar.
Dei to arbeidarane Karl Nervik og Johan Schjølberg  i Trondheim blei i 1916 dømd til 60 dagars fengsel for eit seksuelt forhold.

Anna Nervik (28) troppa opp på Politikammeret i Trondheim i mai 1916. Ho forklarte at mannen hennar sto i eit "usedelig forhold" til ein annan mann. Slik starta ein prosess som skulle føra til fengsel og straff, men også et livslangt samliv.

Dei to mennene

Karl Nervik (1889-1959) var fødd i Orkdalen, men flytte til Trondheim der han arbeidde som malarsvenn. Han blei i 1913 gift, og kona Anna (1887-1966) kom opprinneleg frå Titran på Frøya. Dei hadde ein son. Karl arbeidde som malarsvenn.  

Johan Schjølberg (1866-1955) var kommunearbeidar og enkemann. Han var også fødd i Orkdal.

Høyr podkasten om dei to. Historikar ved Skeivt arkiv, Runar Jordåen fortel til Bjørn André Widvey.

Krenka sine plikter

Karl og Johan innleidde hausten 1915 eit kjærleiksforhold, og våren 1916 budde dei saman hos sistnemnde. Adressa var Fagerviken, som i dag er Bynesveien 42.

Dette resulterte i at Anna Nervik i mai 1916 meldte dei to for eit usedeleg homoseksuelt forhold (§ 213) og for å ha krenka sine pliktar mot ektefelle og barn (Johan for medverknad til det sistnemnde).

Avslørt

I første omgang var reaksjonen frå politiet at dei åtvara Johan og Karl og bad dei halda seg frå kvarandre. Så skjedde kkje. Tvert om, dei drog til gruvesamfunent Løkken verk der dei leigde seg eit rom i ein av arbeidarbrakkene og fekk seg arbeid.

Då dette blei avslørt blei begge arrestert. I følge politirapporten 4. Juli sa Karl at «han har fattet sådan kjærlighet til Schølberg at han ikke kan være ham foruten. Og det forhold som er oppstått mellom ham og Schølberg, er det ingen som kan sette seg inn i eller formå at sønderrive».

Saka gjekk i forhørsretten i Trondheim over fleire dagar i juli og august 1916. Saka enda med at dei begge blei dømd for brot på paragrafane 213 og 219 i Straffelova, til fengsel i 60 dagar.

Samlivet

Det kanskje mest uventa i denne saka, er det som skjedde etter at straffa var sona. Dei to levde nemleg saman resten av livet. Me veit ikkje kor dei budde dei første åra, men frå 1918 budde dei saman på ulike adresser i Trondheim. Den siste adressa dei budde på var Ilevolden 3b, som i dag er Nidareid 7. Her flytta dei inn rundt 1940 og budde til dei døde (Johan i 1955, Karl i 1959). Me veit ikkje i kva grad "skandalen" i 1916 påverka dei resten av livet når det gjeld familieforhold og nettverk. I alle fall var barn, barnebarn, oldebarn og andre til stades i Johans godt besøkte gravferd, der han blei skildra som "gammel, strevsom og sagtmodig mann".

Vidare forsking

Skeivt arkiv held på å utforska denne saka. Saka er av interesse fordi ho gir oss innblikk i røyster frå lågare sosiale lag, blant reflekterer Johan og Karl over kjærleiken til personar av same kjønn. Dessutan er det mogleg å følgja dei vidare i livet gjennom adressebøker, folketeljingar osv. Ei vidare utforsking kan forhåpentlegvis gi oss ei djupare forståing og me er særleg interesserte i å finna bilete av dei to. For meir detaljar om det me førebels veit – høyr vår podkast om saka.