«Dame-Lund» – Anton Theodor Lund (1867–1921)

Det eldste kjente fotografiet av Anton Lund finst i forbrytaralbumet til Kristiania-politiet. Det vart tatt da Anton vart dømt for tjuveri sommaren 1886. Her er Anton – med fangenummer 1850 – 19 år gammal. Eigar: Justismuseet.
Det eldste kjente fotografiet av Anton Lund finst i forbrytaralbumet til Kristiania-politiet. Det vart tatt da Anton vart dømt for tjuveri sommaren 1886. Her er Anton – med fangenummer 1850 – 19 år gammal. Eigar: Justismuseet.
Anton Theodor Andersen Lund, i samtida kjend som «Dame-Lund», kom frå små kår i det som i tiåra kring 1900 var landets kanskje mest illgjetne strøk: Vaterland midt i Kristiania by. I desse kvartala var det skjenkestover, brennevinsutsal og bordell i fleng, og i bakgater og smug rådde forbrytarar av mange typar og storleikar. Anton skulle tidleg bli ein av dei, og allereie mens han var tenåring, hamna han på straffeanstalt. Han vart snart ein gjengangar i politiarkivet, og der figurerte han med tilnamna «Frøkna», «Dama» og «Dame-Lund» gjennom det meste av karrieren.

Unge år – på vatn og brød

Det er ikkje kjent at Anton Lund har etterlate seg tekstar av noko slag der han sjølv kjem til orde. Vi veit derfor ingen ting om korleis han oppfatta å bli kalla «Dama», «Frøkna» og «Dame-Lund», eller om kva han sjølv tenkte om eigen kjønnsidentitet eller seksualitet. Alle samtidige kjelder bruker pronomenet "han" om Anton, og det vil bli brukt også i denne framstillinga.

aass_karl_tolvtesgt_24-26_-_no-nb_digifoto_20160209_00163_nb_ns_001052y_-_1000px.jpg

Her ser vi bakgarden i Karl XIIs gate 24 og 26, to adresser som Anton hadde i ung alder. Ukjent fotograf / Eigar: Nasjonalbiblioteket.

Det er ikkje lett å grave fram sikre opplysningar om dei første åra i livet til Anton, men han var iallfall fødd 23. mars i 1867 og døpt Theodor Anton i Grønland kyrkjelyd i oktober same året; det første namnet hadde han etter morfaren som han aldri møtte. Mora heitte Thea Birgitte Lund og kom frå Rygge i Østfold. Ho brukte Bergitte som namn i det daglege og dreiv truleg med diverse småhandel. «Handler paa Torvet med Mad» står det i folketeljinga for 1865, og i andre kjelder står det «Melkehandel» og «kurvkone». Foreldra var ikkje gifte, og faren Anders Andersen frå Gjøvik ser ikkje ut til å ha spela noka rolle i sonens liv. I folketeljinga frå 1870 finn vi Birgitte saman med Anton i Store Vognmandsgade 27 på Vaterland, ein stor bygard med over seksti bebuarar. Mellom dei var skreddarar, telegrafbod, sjømenn og urmakarar – og mange som ikkje hadde noko å skrive i rubrikken «Borgerlig Stilling». Fire år seinare skifta gata namn til Karl den XIIs gate, mens parallellgata kunne kvitte seg med føreleddet «Lille» og vart den einaste Vognmannsgata heretter. Begge desse gatene skulle Anton komme til å føre opp som bustadadresse ved mange høve seinare. Saman med Stenersgata og Tomtegata utgjorde dei hovudårene gjennom Vaterland, men i dag er det lite som er attkjennande av dette gatenettet. Det meste vart omregulert i 1960-åra, og no er mykje av grunnen fylt opp av velkjente bygg som Oslo City, Oslo Spektrum og Oslo Plaza Hotel.

Folketeljinga frå 1875 viser at Birgitte og «Theodor Anton» da hadde flytta til Karl XIIs gate nr. 24, og den vesle familien Lund må ha skifta husvære fleire gonger mens Anton var liten. Men dei drog ikkje så langt, for i adresseboka for 1880 står «kurvkone» Bergitte Lund oppført under Vognmannsgata 24 og året etter under Vognmannsgata 19 – omtrent hundre meter unna. I 1884 finn vi meldinga om at «Pige Thea Birgitte Lund» i Vognmannsgata 16 er død av «Cancer ventriculi», dvs. magekreft, den 28. august. Dermed stod Anton heilt utan nær familie. I 1861 hadde Birgitte fått ein son som vart døypt Ludvig Peter, men han levde berre i to dagar, og andre søsken finst det ikkje opplysningar om. Om Anton fekk nokon skulegang, veit vi heller ikkje, men allereie da han var i konfirmasjonsalderen kom han i teneste hos kjøpmann H.A. Hansen på Lilletorvet. Anton oppgjev tittelen «Handelsbetjent» når han i 1885 første gong hamnar i politiarkivet. Da er han knappe 18 år og må sone straffa si på arbeidsanstalten i Storgata 26. Allereie året etter får han ein ny dom for tjuveri, ti dagar på vatn og brød, og det er truleg i den samanhengen han først vart fotografert for forbrytaralbumet.

Litt seinare kan vi sjå spor etter han i Bergen der han tok teneste som bryggearbeidar og «opvarter». Men han må ha vore med på langt meir lyssky aktivitetar der òg, for i 1888 vart han ilagd ein dom på seks månaders tvangsarbeid. Hausten 1889 fekk Anton ei mulkt for å ikkje ha møtt til sesjon, så kanskje var reisa til Bergen eit forsøk på å komme unna militærtenesta. Våren 1890 fekk han ein dom for tjuveri, og da vart han sendt heim til Kristiania for å sone åtte månader i Botsfengselet.

anton_lund_1890.png

Dette bildet vart tatt i samband med fengselsstraffa som Anton sona i 1895–1896. Her blir «Frøkena» ført som tilnamn i politiregisteret. Eigar: Statsarkivet i Oslo.

«Frøkna» på Akershus

Anton tok hyre på skip etter dette, og han står med både «dampskibstjener» og «sømand» som stilling i politirapportane. Dokument frå fengselet viser at han var på krigsskipet «Harald Haarfagre», men det kan òg ha vore fleire. Den kriminelle bana hans tok iallfall ikkje slutt, for i november 1895 fekk han ein ny dom for tjuveri, denne gongen med elleve månader på Akershus straffeanstalt som utfall. På fotografiet som vart tatt til forbrytaralbumet denne gongen, møter vi for første gong det som hadde festa seg som tilnamn på Anton, nemleg «Frøkna».

At vaneforbrytarar gjekk under klengenamn, var temmeleg vanleg på denne tida. Om ein blar i namnelistene i kunngjeringsbladet Politi-Tidende, kan ein finne dusinvis av dei – på både kvinner og menn. Og fleire mannlege forbrytarar er førte opp med namnet «Dama». Bakgrunnen for ei slik namngjeving kan vel vere så mangt, men det var neppe særleg positivt meint. I ein artikkel i Dagbladet den 19. oktober 1912 blir tradisjonen med tilnamn på kriminelle nemnd, og journalisten kommenterer da: «[H]ele 13 mandfolk nyder den tvilsomme hæder at bli kaldt ‘Dama’». Ei slik kjønnsinvertering blir altså rekna som noko nedverdigande, og det å bli kalla «Frøkna» var vel ikkje stort meir heidersfylt.

I politiregisteret står Anton oppført med to saker knytte til det som var denne tidas «homoparagraf», nemleg § 21 i kriminallovas kapittel 18. Frå 1842 hadde denne lova slått fast at «Omgjængelse, som er imod Naturen, belægges med Strafarbeide i femte Grad». I mai 1895 vart Anton mistenkt for nettopp slik «unaturlig omgjængelse». Da hadde han vorte pågripen saman med ein mann «med hvem han angivelig havde forsøgt legemlig omgang under en plankestabel i Tomteveien [ein gangveg ikkje langt frå Vaterland bru]». Anton nekta for dette, og saka gjekk ikkje vidare. Den same paragrafen vart nytta att i 1898, og da var det samtidig klagemål om lekamsfornærming inne i bildet. Denne gongen var Anton mistenkt for «utugt» med ein jarnbanearbeidar, men også denne saka vart lagd bort. Kva som faktisk ligg attom desse politisakene, er vanskeleg å få greie på i dag, men dei gir oss klare indikasjonar på at Anton hadde ei seksuell orientering som braut med normene.

På denne tida ser det elles ut til at Anton hadde funne fram til sin faste modus operandi som vinningsforbrytar: Med sjarme og kløkt kom han i kontakt med menn på ulike skjenkestader på Vaterland – helst tilreisande som var urøynde med livet i storbyen – og baud dei på spennande, men oppdikta historier om seg sjølv. Så narra han dei til å spandere drikke, mens han på utstudert vis fekk hand om alle vekslepengar, og det kunne vere nokså mykje når ein betalte to glas øl med ein stor seddel. Når offeret var retteleg pussa, inviterte Anton til meir skjenking heime hos seg, og slik vart offeret letta for det som måtte vere att av verdiar i lommer og pengebøker. Så vidt vi kan finne ut, var det aldri snakk om vald eller våpenbruk frå Anton si side; han var ein simpel bondefangar som på sløgaste vis skrønte og lokka med sterk drikk for å få lurt til seg annanmanns eigedelar.

«Dame-Lund» blir eit namn på byen

02349wsytajg.jpg

Tilreisande bønder som skulle gjere handel i byen, var typiske offer for den typen svindel som Anton Lund var involvert i. Bildet viser oppstilte vogner og kjerrer i ein bakgard på Vaterland, truleg i 1860-åra. Eigar: Oslo Museum (CC 3.0).
Den mest kjende historia som Anton var blanda inn i, gjekk hardt utover ein bonde frå Hallingdal som besøkte Kristinia seinhausten 1900. På ei kro på Vaterland støytte han på Anton, som denne kvelden gav seg ut for å vere politimann – eller «Detektiv» – ute på etterforsking. Dette skal hallingen ha tykt var interessant, og han baud Anton på eit glas vin. Den falske detektiven slo ei skrøne om at han var på jakt etter ei kvinne på rømmen, og no kunne hallingen få bli med og sjå på pågripinga. Hallingen ville gjerne få eit innblikk i «Storstadens Mysterier», som ei avis formulerte det, så han vart med lenger inn i Vaterland – «Aastedet for saa mangen mørk Daad». På ein skjenkestad i Vognmannsgata møtte dei «tilfeldigvis» på rømlingen saman med nokre andre karar. Kvinna, som i nokre kjelder blir omtalt som Hulda Diets, brukte ifølge avisreferata «sine kokette Øine» til å få hallingen til å spandere drikke på heile gjengen i fleire omgangar. Stemninga steig, og etter kvart var tida inne for å føre rømlingen til fengselet. Ein vognmann vart tilkalla, og så gjekk ferda mot botsfengselet på Grønland – med påtakeleg mange omvegar innom fleire kroer «hvor Lund rekvirerede, medens Bonden betalte», som ei avis skriv. Hallingen var no så rusa at han var nær ved å slokne, så da sette følgjet i staden kursen mot Bygdøy. Der tok dei frå han resten av pengane og stakk av. Den stakkars dauddrukne bonden sovna under open himmel på Bygdøy, og neste morgon vart han funnen i Drammensveien, liggande med hovudet i rennesteinen. I forklaringa si til politiet hevda han at han måtte ha fått «et eller andet Bedøvelsesmiddel» i det han hadde drukke, for han hugsa lite av hendingane og var elles i uvanleg dårleg form da han vakna. Anton vart i januar 1901 dømt til tre års straffarbeid for brotet, mens kumpanane hans fekk korte fengselsstraffer. Retten meinte altså at det var klart kven som var hjernen og hovudmannen bak overfallet.

anton_lund_1901.png

Etter den vidgjetne bortføringa av ein bonde frå Hallingdal i 1901 fekk Anton Lund ei lang straff. Da vart han fotografert av politiet att, og atter vart «Frøkna» ført opp som tilnamn. Eigar: Statsarkivet i Oslo.

Dette bondefangeriet fekk mykje omtale i avisene, og i fleire av artiklane blir eit anna tilnamn på Anton trekt inn, nemleg «Dame-Lund». I omtalen i Ørebladet den 15. januar 1901 blir det jamvel brukt i overskrifta, og her får vi dessutan ei slags forklaring på opphavet: «Lunds læspende Tone og kokette Haandbevægelser har vistnok skaffet ham navnet ‘Dame-Lund’, hvorunder han er godt kjendt i Vaterland.»

Tilnamnet «Dame-Lund» vart også brukt i fleire aviser som meldte om «et blodig Drama» som fann stad på Akershus landsfengsels snikkarverkstad mot slutten av soningstida til Anton i 1904. Han og ein medfange, Anders Johannesen, hadde tretta fordi Johannesen var så forarga på den stadige skravlinga til Anton. Ifølgje referatet i avisene kalla Johannesen Anton «en Talemaskine», og munnhoggeriet enda i at Johannesen tok ein kniv og gav Anton ei djup flenge frå øret og nedover halsen.

Ein lespande ungkar

Etter at såret var grodd og soninga var over, gjekk det ikkje lenge før Anton vart sikta på nytt. Denne gongen for å ha tuska til seg ein god slump pengar frå ein handelsreisande. Mannen, som heitte Stenset, tilhøyrte ifølgje ei avis «den Klasse af Mennesker, som føler sig særlig tiltrukket av Livet nede i Vaterland», og like før jul i 1904 vart han ført til husværet til Anton i Vognmakergata 15, «en stille og fredelig Ungkarlsleilighed», som ei avis omtalte det, for å få seg noko å drikke. Vilhelm Dybwad, mangeårig forsvarsadvokat i Kristiania, fortel frå rettsforhandlingane i eit stykke i humorbladet Theaterkatten i 1905, og her blir òg særdrag ved framferda til Anton særleg kommentert. Han blir skildra som «en mørkhaaret, lidt skaldet Person paa ca. 40 Aar, sort Mustache, tunge Øielaag over trætte, lidt skjelende Øine», og så kjem det fram at han snakkar «lidt læspende». Mange år seinare, i 1937, omarbeidde Dybwad forteljinga i ei bok med tittelen Retten er satt, og der har hovudmannen, altså Anton, vorte «en femtiåring», men det blir framleis peika på at han har «to legemsfeil»: Han skjeglar «i 40 grader» og «lesper som en forkjølet hallo-dame ved juletid». At Anton faktisk skjegla litt, kan ein sjå på bilda i politialbuma, og ettersom fleire kjelder nemner lespinga, var nok den òg reell. I boka si koplar Dybwad altså talefeilen direkte til ein kvinneperson, og også vidare i teksten skin det gjennom at lespinga konnoterer noko feminint. Dybwad har opplagt nytta mykje diktarleg fridom i skildringane frå rettssalen, men vi får like fullt eit inntrykk av ein særling med fleire drag som bryt med bildet av den typiske mannlege forbrytaren: Den tiltalte har lagt håret i «elegant permanent-krøll over tinningene», og sjølv om han er lurvete i kleda, blir han sagt å sjå «formelig nobel» og «statmannsmessig» ut. Ein kan elles tykkje det er påfallande kor sterkt han understrekar at han ikkje er gift og at dei kvinnelege impliserte i saka berre er «venninder» eller «damebekjentskaper». Han heiter forresten Adam Lund i denne versjonen, og Dybwad lar han bruke fornamnet sitt som forklaring på «Dame-Lund»: «Fornavnet har dem snudd om til ‘Dama’, og sålessen har jeg fått klengenavnet ‘Dame-Lund’. Men det betakker jeg meg for.» Dybwad har elles lagt den s-rike frasen «Med største fornøielse» i munnen på den lespande hovudpersonen fleire gonger, og dette yndlingsuttrykket blir òg fletta inn i ein fleirtydig kommentar i Norges Handels og Sjøfartstidende si melding av boka den 23. oktober 1937: «[M]an burde ellers kunne tvile på om Dame-Lund vilde gå i fengsel ‘med største fornøyelse’ hvis det hang slik sammen.» Ut i frå resten av teksten er det vanskeleg å forstå korleis det kursiverte «slik» skal tolkast, men det opnar for å lese inn noko underforstått om at ein person med eit slikt tilnamn må vere «slik», altså skeiv, og at eit fengselsopphald derfor vil vere særleg ubehageleg.

Anton vart dømt til eitt års fengsel i den første rettsrunden, og så vart straffa skjerpt til to år i lagmannretten. I januar 1907 var han ute att, men det gjekk berre eit år før han vart sikta etter den ferske lausgjengarlova som vart innført for å regulere særleg «omstreiferi», tigging og alkoholmisbruk. Ei avis skreiv at Anton var «anmeldt for at føre et forargeligt Liv», og det var nok ein kombinasjon av lediggang, altså mangel på fast arbeid, og både bruk og omsetting av alkohol som låg til grunn. Straffeutmålinga sa «inntil tre års» tvangsarbeid, og etter om lag 15 månader vart han sleppt fri att. Men i juli 1910 vart han pågripen på nytt og måtte sone «resterende tvangstid». I juli 1913 vart han dømt etter lausgjengarlova nok ein gong. No låg paragrafane om «Drukkenskab» til grunn for siktinga, og det er mykje som tyder på at Anton hadde eit problematisk forhold til alkohol. I kjeldene kjem det fram at han gjennom åra fekk ei lang rekkje mulkter for «gauking», altså ulovleg innførsel, produksjon og sal av alkohol, særleg øl og såkalla laddevin, eit billeg vinprodukt som ofte var sprita opp eller tilsett essensar og sukker. Tung drikking stod dessutan heilt sentralt i framgangsmåten Anton nytta for å komme ned i pengepungen til offera.

Bademeister Lund

Merkeleg nok vart bortgangen til «Dame-Lund» omtalt i eit stykke i Akershus Amtstidende den 6. juni 1908, men Anton var beviseleg i live i mange år etter det. Kanskje var det berre eit laust rykte om «en af den senere Tids mest bekjendte Forbryderskikkelser i Kristiania» som redaksjonen sleppte gjennom. Fleire kjelder viser iallfall at «Dame-Lund» var omgitt av mange mytar i samtida. Ein av dei gjekk ut på at han ved eit høve hadde snytt ein tilreisande for 5000 kroner, noko som tilsvarar nærare 400 000 kroner i vår tids kroneverdi. Ei anna historie sa at Anton hadde store summar nedgravne i Ekebergskogen, i eit jarnskrin han kalla banken sin, mens andre sa at han gøymde tusenvis av kroner på eit loft i Rådhusgata. Og så var det dei som sa at Anton fekk ein medfange på straffeanstalten til å stikke han i låret slik at han kunne sone resten av straffa på sjukestova. Kan hende er det knivhistoria med Johannesen som hadde vorte vridd og vrengt på.

Anton kom ut av fengselet att i februar i 1914, men det er uklart kva han så tok seg til. Etter kvart fekk han iallfall ei stilling som bademeister i eit bygg han kjente godt frå før, nemleg Prinds Christian Augusts Minde i Storgata 36. «Prindsen» var eit stort kompleks som romma mellom anna spesialskule, sinnssjukeasyl og arbeidsanstalt, og her hadde Anton vore på tvangsarbeid i fleire omgangar i yngre år. Omkring 1915 vart «Prindsen» gjort om til kommunal pleie- og arbeidsheim særleg retta mot fattige og huslause. Her var ei «husvilleavdeling», ei «pleieavdeling» og ei «arbeidsavdeling». Det badet som ein bademeister hadde hand om på denne tida, var langt frå nokon svømmehall slik vi kjenner det i dag. Meir truleg hadde han oppsyn med eit vaskeanlegg der ein kunne få gjort rein både seg sjølv og kleda sine. Vi veit ikkje når Anton fekk denne jobben, men han står oppført med tittelen «bademester» i adresseboka for 1918. Da hadde han flytta vekk frå Vaterland og heldt hus i Seilduksgata 41 på Grünerløkka. Litt etter flytta han til Lakkegata 24, og her budde han – åleine i eit husvære i tredje etasje – da han døydde den 29. oktober 1921. Livet til «Dame-Lund» tok slutt på Ullevål sjukehus, etter 54 år – monaleg mindre enn dei ca. 60 som var snittet på den tida. «Avdødes paarørende kjendes ikke» står det i dødsmeldinga til Oslo skifterett, og det kjem fram at gravferda vart kosta av Kristiania fattigvesen. Anton hadde nok ikkje gøymt unna så mange tusen korkje i jarnskrin eller loftsrom likevel. Om flyttinga frå Vaterland innebar ein slutt på den kriminelle løpebana, veit vi ikkje, men namnet hans står iallfall ikkje i Politi-Tidende etter 1914.

Fotografi av Lakkegata 24.jpg

Dei siste åra budde Anton Lund i Lakkegata 24, huset til høgre for gatekrysset. Bildet er tatt I 1932, omtrent ti år etter at Anton gjekk ut av historia. Fotograf: Ruth Raabe / Eigar: Oslo bymuseum (CC 3.0).

Det er i det heile tatt mykje som er uvisst om den småvokste Anton Theodor Lund, men gjennom store delar av livet var han iallfall tett knytt til det som gjekk føre seg i Kristianias lumske underverd. Han var så å seie fødd inn i det som mange såg som byens forbrytarstrøk framfor noko, og Vaterlands krinkelkrokar kjente han som si eiga bukselomme. Det er elles ting som tyder på at han stod på god fot med ho som vart kalla «dronninga av Vaterland», Abelone Konstance Kristensen (1858–1920). Under diverse skalkeskjul, som mjølkeutsal, delikatesseforretning og fråhaldskafé, dreiv Abelone frå 1880-åra omfattande bordellverksemd i Karl XIIs gate, i same bygard som Anton hadde budd i som liten. Etter ei dramatisk mordsak i 1893 der Abelone vart sikta for å ha drepe ektemannen sin, vart ho kjend over heile byen. Da ho rett etterpå vart sikta for «horehushold», fekk ho enda meir merksemd, og som Bernt Roughtvedt omtaler, vart ho ståande som sjølve symbolet på «det mørke Kristiania» kring 1900. Ho vart frikjend i mordsaka, men hamna i fengsel i fleire omgangar seinare. Heilt fram til 1913 heldt ho fram som leiande horemamma på ei rekkje adresser på Vaterland. Dei siste åra budde ho i Vognmannsgata 15, det vi kjenner som åstaden for fleire av bondefangeria til Anton. Her var ho – iallfall offisielt – «Kaffivertinde», men alle visste at det var andre ting som var til sals hos henne. I den same bygarden, «bag en meget tvilsom Frihandlerskes Butik», som ei kjelde formulerer det, hadde altså «Dame-Lund» tilhald i periodar, og folk meinte å vite at han her dreiv med «baade Spil og Drik og Sang». I eit stykke i Dagbladet den 2. juli 1911 blir det sagt at «Dame-Lund» hadde «det allerværste hus i Vaterland»: «Han leiet værelser ut til gatepiker og drev det saa vidt i sine pengeforlangender, at han tok betaling for timen!». I adresseboka for 1910 står «A. Lund, arb.» ført opp som bebuar i Vognmanngata 15, og viss det er hald i det Dagbladet skriv, skal ein ikkje sjå bort frå at Anton og Abelone hadde ei form for samdrift. I så fall var det ein relasjon som hadde ei nokså lang historie, for i ei rettsforklaring i samband med «halling-saka» i 1901 kom det fram at Anton, som både her og i andre forhøyr fortalte at han var pianist av yrke, hadde spela hos «den berømte Abelone». Også i andre historier blir det fortalt at han spela piano og song, så han må ha vore ein allsidig mann, sjølv om han var på kant med lova i mykje av det han hadde for seg.

Litteratur og kjelder

Akershus Amtstidende 6. juni 1908

Anonym [= Dybwad, Vilhelm] (1905). 800 Kroner i Strømpeleggen. (Fra Lagmandsretten.) Theaterkatten, 13, s. 17–32. Jacob Dybwad Forlag.

Beretning om Oslo kommune for årene 1912–1947, band I (1952). «Prinds Christian Augusts Minde. Nytt arbeidshjem» (s. 520–526).

Christiania Nyheds- og Avertissementsblad 20. november 1900

Dagbladet 2. juli 1911, 22. oktober 1912

Dybwad, Vilhelm. (1937). Retten er satt. Gyldendal Norsk Forlag.

Heiestad, Nicolai. (1950). En liten gutt ifra Vaterland: Minner fra 80-årenes Christiania. Tiden.

Jarlsberg og Larviks Amtstidende, 16. september 1904

Kart over Christiania 1896

Kongeriget Norges Criminallov af 20 August 1842. (1842). J. Melgaard.

Kristiania Adressebog, diverse årgangar.

Kristiania Intelligenssedler 25. oktober 1889

Lov om løsgjængeri, betleri og drukkenskab av 31. mai 1900. (1908). Grøndahl & Søns forlag.

Morgenbladet 19. november 1900 , 21. september 1904.

Norges Handels og Sjøfartstidende 23. oktober 1937

Oslo byleksikon. Prinds Christian Augusts Minde

Oslo byleksikon. Karl XIIs gate.

Politi-Tidende, diverse årgangar 1890–1913. 

Roughtvedt, Bernt (2014). Saken mot Abelone: en sann historie om om bordeller, bondefangeri og et drap i det gamle Vaterland. Cappelen Damm.

Statsarkivet i Oslo. Dødsfallsprotokoll – Oslo skifterett. Rekke C, avd. II.

Statsarkivet i Oslo. Journal over sedelighetsforbrytere nr. 1 (1884–1909) – Sedelighetsavdelingen.

Ørebladet 15. januar 1901

 

Artikkelforfattaren vil rette ein takk til Marius Berg og Runar Jordåen for hjelp med arkivsøk.