Johan Nordahl Brun

Johan Nordahl Brun. Manuskript- og librarsamlinga, Universitetsbiblioteket i Bergen.
Johan Nordahl Brun. Manuskript- og librarsamlinga, Universitetsbiblioteket i Bergen.

I ei tid då kyrkja spelte ei sentral rolle hadde prestane sine ord frå preikestolen mykje å seia. Sodomi eller omgang mot naturen - seksualitet mellom personar av same kjønn - var rekna som ein av dei verste formene for synd, men samtidig noko ein helst ikkje ville nemna, av frykt for at det å setja ord på det syndige kunne bidra til å gjera det omtalte kjent. 

Likevel var det etterkvart prestar som tok bladet frå munnen.  Ein av desse var ingen ringare enn den kanskje mektigaste representanten for kyrkja i landet, biskopen i Bergen, Johan Nordahl Brun. Den 1. januar 1801 heldt han ei preik i Domkirken i høve inngangen til det nye hundreåret. Her snakka han mellom anna om forfallet i samtida, som han sette i samanheng med dei nye ideane om fridom og likskap som breidde om seg i kjølvatnet av den franske revolusjonen: 

Egteskab har tabt meget af sin Hæder, og Løsagtighed, som vel til alle Tider gik isvang, har [...] afskuret sin Skjendsels Brændemærke. Laster, før uhørte, og som sedelæren ikke burde nævne. Sodoms misgjærning og Onans brøde, mod dem er hele bøger agtede nødvendige, velmente bøger, men spørgsmaal er endnu om man bør anbefale deres læsning? (Brun 1877, 356).

Les meir om Johan Nordahl Bruns tale for det nye hundreåret i Just Bings framstilling av Bergen 1800-1814 (Bing 1914, 1-5: 

Litteratur

Bing, Just. 1914. "Bergen 1800-1814." I Bergen 1814-1914 b. 1, redigert av Carl Geelmuyden og Haakon Schetelig, 1-5. Bergen: Bergen kommune. 

Brun, Johan Nordal. 1877. Gammelt nyt om & af Biskop Johan Nordal Brun. Kristiania: Grøndahl & Søn.