Ronald Fangen

Forsideillustrasjon frå boka "Over dype svelg". Eit essay om Ronald Fangens aktualitet av Jan Inge Sørbø (Gyldendal, 1999).
Forsideillustrasjon frå boka "Over dype svelg". Eit essay om Ronald Fangens aktualitet av Jan Inge Sørbø (Gyldendal, 1999).

Vi var begge to perverse [...] jeg er ganske enkelt urigtig i kjønslig henseende [...] jeg er lastefuld, et galt og skjævt menneske [...] Jeg er selvfølgelig ikke noget lykkelig menneske, det er aldri godt at være splittet [...] hvor jeg er et uværdig menneske, hvor jeg er en slave av min last, hvor jeg er fornedret og liten paa grund av den.

Berre 20 år gammal debuterte Ronald Fangen (1895–1946) som romanforfattar med den talande boktittelen De svake (1915). Her kjem vi truleg for første gong i norsk litteraturhistorie på innsida av ein homoseksuell person, ein som fullt og heilt er bevisst sin avvikande seksuelle legning.

Over femten sider legg Gottfred Harm ut om sin infame, motsette og perverse natur, og klagar over kor mykje han har lidd på grunn av legningen sin. Men han har akseptert lagnaden. Det finst så mangt som er skeivt i naturen, og alt har ein samanheng. Om hans plass er liten eller stor speler mindre rolle: "Jeg hører til det gale i naturen, men jeg hører den til, jeg er med i sammenhængen." Berre ein gong tidlegare, i New York, har Gottfred hatt kjensla av å stå på likefot overfor ein annan mann: "vi syntes at vi forstod paa den rigtige maate og at det var vi som egentlig hørte sammen; aa hvor alle andre var os vanvittig likegyldige".

Alt dette fortel Gottfred til romanens hovudperson, Terje Gude, seier han har lengta etter ein venn å snakke ut med, og spør så om Terje foraktar han. Nei, svarer Terje, på ingen måte ("jeg synes det er saa udmærket alt det du har sagt"), men han treng å vere litt aleine for å tenkje over det. Terje føler seg uvel og går ut, tek ein bil bort til sitt eige hotell og besvimer utmatta på rommet. Neste morgon les han i avisa at Gottfred har teke livet av seg.

Alt tidleg i boka har Terje vore fengsla av Gottfred og hans fantastisk skinande og kraftige auge, og for første gong i sitt liv blir Terje "av instinkt" interessert i eit anna menneske. Overfor kvinner er han "ingen ordentlig mand", og det er vel ingen tvil om at også Terje høyrer med til dei Ronald Fangen i boktittelen reknar som dei svake. Korleis det går vidare med hovudpersonen, får vi derimot ikkje vite.

Det er ingen tvil om at etter vennen sitt sjølvmord kjenner Terje Gude seg endå meir einsam og isolert. I sin analyse av romanen har Lars Rune Waage nettopp karakterisert temaet i boka som "seksualitet som isolasjon". (Waage 2008)

Tidleg moden

Ronald Fangen blei født i Kragerø som den nest yngste av seks barn. Då han var fem år gammal, skilde foreldra seg, og han flytta med mora til Finse der ho starta opp det noverande Finse hotell 1222. Fangen budde òg hos slektningar i Bergen der han gjekk på skule. Han var ein tidleg moden tenåring som las både Strindberg og Schopenhauer og skreiv fleire artiklar i bergensavisene. Men han var plaga av sjukdom og fekk ikkje tatt eksamen. Som syttenåring opplevde han at ein eldre bror tok sitt eige liv etter å ha blitt skulda for å ha fuska på den tekniske skulen i Bergen der han gjekk.

Same året besøkte Fangen eldste broren i Argentina og sende artiklar heim til Verdens Gang, der 18-åringen vart tilsett som journalist i 1913. I hovudstaden vanka han mykje saman med frilyndte forfattarar og journalistar, dei såkalla seinbohemane som m.a. Sven Elvestad og Herman Wildenvey. 20 år gammal, same året som han skreiv debutromanen De svake, giftar Ronald Fangen seg med prestedottera Solveig Nielsen. Dei fekk tre barn.

Sjølv om han i dag er nesten gløymd, har forfattaren og kritikaren Ronald Fangen ein viktig plass i norsk litteraturhistorie. Fangen er ein god forfattar og fortener å bli trekt fram, ikkje så mykje på grunn av det han skriv om homoseksualitet, men fordi han tek opp emnet og utgjer såleis ein vesentleg del av vår homolitterære arv.

Svin og degenerert

I Fangens neste roman Slægt føder slægt (1916), må også Georg Alm reknast med til dei svake. Han har ein svoger som gjev han nokre sanningsord med på vegen: "Du er ikke noget mandfolk." og "For du, din pene gut, er en liten djævel, en slik som skulde skytes, du er nok ikke rigtig iorden, saan kjønslig, dit svin!" Søstra til Georg er derimot meir forståingsfull, og meiner at ein kan ikkje forakte eit menneske fordi det har ei last. Eit menneske er då alltid noko meir enn berre lasta!

Verkeleg "levd" har Georg berre i fjorten dagar av sitt liv. Det var i London (stadig i utlandet) saman med den no avdøde vennen Rowland. Denne lykkelege tida kjem heile tida tilbake i tankane hans og "forkludrar" tilværet hans. Konklusjonen på all tenkinga hans er at sølibat er det beste. Platonsk kjærleik er tingen for han, for det er farleg å vikle seg inn i andre sine liv: "Man faar ikke lov til at nære den rene ømhet overfor dem." Av all denne grublinga får Georg til slutt feber og dør av hjernelamming.

I Ronald Fangens neste roman, En roman (1918), har Maximilian "degenererte" tankar og eit soverom ("kvindelig kjælent utstyrt") med bilete av bestevennen Juan over senga. Han går til sengs med Vera (iallfall ein gong), men drøymer om Juan: "Jeg føler ikke som de føler, – for kvinderne, jeg deler ikke deres begjær. Derfor har livet en anden farve for mig end for dem. Ingen venner uten Juan (...) og han har forstaat de fordømtes fanfare." Når Maximilian slåss med fetteren sin, ser det ut som om han nyt det, at det er noko "kjønslig" over det fysiske nærværet. Like etter denne episoden blir Maximilian skoten i skuldra av fetteren, som så skyt seg sjølv. Det er ein merkeleg roman Fangen har skrive, psykologisk uklar og utan nokon slutt eller form for "oppgjer" mellom Juan og Maximilian.

Det er kan hende den tyske diktaren Stefan George (1868-1963) som har inspirert Fangen til å gje karakteren sin namnet Maximilian. Den bråmodne og unge døde lyrikaren Maximilian Kronberger (1888 -1904) var ein del av kretsen den homoseksuelle Stefan George samla rundt seg. George gav han kallenamnet Maximin og starta ein slags kult med Maximin som mytisk figur.

Dei tre romanane som er nemnde her, tok ikkje Ronald Fangen med i sine samla verk, og han ville helst ha dei strokne frå produksjonslista si. Grunnen skulle vere at dei ikkje heldt mål litterært sett …

Som Herman Bang

I desse tre ungdomsromanane er Fangens personar kanskje ikkje så mykje meir annleis enn det folk flest, ifølgje Fangen sjølv, tenkte om Herman Bang: "uhyre sart og lite motstandsdyktig, feminin, svak, dårlig utrustet til det robuste liv" (jf. Fangens essay om Herman Bang frå 1919). Men Fangen såg opp til Bang fordi han var ukueleg, heva seg over all forakt og var seg sjølv fullt ut. Trass i at kjenslelivet hans "på et vesentlig punkt var unormalt", var han den beste vennen ein kunne ha fordi han var ekte. Dessutan viste han seg å vere levedyktig – i alle fall i større grad enn Fangens eigne personar.

Eit godt døme er Nils Bang (som utan tvil er kalla opp etter nettop Herman Bang) i Fangens roman Nogen unge mennesker (1929), som Philip Houm tolkar slik (jf. Norsk litteraturhistorie, Bind 6, 1955):

Han er livsudyktig, ferdig før han får begynt. Et eksempel – et av de tydeligste i hele vår litteratur – på det som psykologene kaller den annen pubertetskrise, den som gjerne inntreffer omkring 20-årsalderen og som i ekstreme tilfelle fører rett ut i selvmordet.

Om denne andre puberteten som kan skje hos unge menn i 18-25-årsalderen, skriv den svenske forskaren Benny Henriksson: "Från att ha haft misstankar om att han kanske är homosexuell kommer han så småningom att själv också beteckna sig som homosexuell. Många beskriver perioden som den andra puberteten." (Jf. lambda nordica 2/89)

Den unge følsame Nils Bang duger ikkje til å leve. Han søkjer trøyst i alkoholen og drøymer seg bort frå det heile. Den kompliserte vennskapen mellom "den svake" Nils og "den vellykte" Erik blir tilspissa av Astrid som prøver å overtale Nils til ekteskap. Nils er først passiv og lar ting skje, men blir etter kvart overvelda av dårleg samvit overfor Astrid som stolar på han: "han følte sig som en forbryder, han hadde noget at skjule; nu kunde han umulig fortælle hende hvor ganske anderledes alle disse ting var for ham, han skammet sig for det".

Mange av dei homoseksuelle giftar seg, stod det å lese i Populært tidsskrift for Seksuell Opplysning i 1932, men for Nils blir tanken på eit framtidig dobbeltliv umogleg, og han tyr derfor til sjølvmordet som den lettaste utvegen. Han ville ikkje lenger "tænke på hvor ofte han hadde følt sig utenfor, ganske anderledes, forpint over at alt i livet, mennesker, selve naturen, lyset var fremmed for ham, virket fiendtlig på ham". Sjølvmordet er vanlegare hos Ronald Fangen enn hos nokon annan norsk diktar, hevdar Philip Houm (op.cit). Som så mange homofile har Nils mot til å dø, men ikkje til å leve. For å vise sin sympati og det (unødvendig?) tragiske i dette sjølvmordet, bruker Fangen følgjande vers frå Olaf Bulls dikt "Seireren" (1913) som ei slags overskrift til siste kapitlet i romanen:

Ak, men mit hjerte i vé skriker, naar nogen blandt Eder bøier sit hode, tynget af sælsomme sorger, og viker –

Nogen unge mennesker er eit av mange døme på (tidlegare) litteratars ufullstendige tolking av eit verk. Når forfattaren har skildra Nils Bang såpass tydeleg som her (og så mange andre liknande personar), bør det vere kritikarens plikt å fortelje oss korleis Nils eigentleg er, og den verkelege grunnen til at han tek livet av seg. Philip Houm er så vidt inne på den rette samanhengen med si "annen pubertet"-forklaring, medan Kjølv Egeland nøyer seg med å slå fast at Nils er lagnadsbestemt til å lide nederlag og har ingen annan utveg enn døden. (Jf. Norges litteraturhistorie, 1975 og 1983) Sigurd Muri konkluderer sin korte omtale av romanen med at Nils har ein urealistisk holdning som kostar han både lukka og livet. Ikkje eit ord om kva den urealistiske holdninga skulle innebere. (Jf. Forfatternes literaturhistorie, 1981)

Ein av Ronald Fangens mest kjende romanar er Duel (1932). Her er det igjen eit rivaliserande forhold mellom to menn som er det sentrale. Det er ei bok om kompleksar og livsangst, og er ifølgje Philip Houm den mest særeigne boka om vennskap i heile vår litteratur ved sida av Jonas Lies Onde magter (1890). På same måte som det hos Lie er eit merkeleg hat-kjærleik-forhold mellom Bratt og Johnston (dei passa saman som stål og blautt jern – det blei kniv av det), har dei to barndomsvennene hos Fangen alltid følt gjensidig tiltrekning til kvarandre. Philip Houm (op.cit) oppfattar Klaus Hallem som ei ny utgåve av Nils Bang, men på eit seinare stadium, som etter å ha blitt redda av vennen Røyter frå å gjere sjølvmord, likevel klarer det seinare. Hallem kjenner seg splitta, nedverdiga og sjalu på professor Røyters suksess. Dei to vennene har filtra seg inn i kvarandres sjel og sinn i ein intens duell, som denne gongen fører til døden for dei begge.

På 30-talet blir Ronald Fangen sterkt påverka av Oxford-rørsla, betre kjend og berykta under nemninga MRA eller Moralsk Opprustning, som ikkje hadde noko til overs for homoseksuelle. Fangen blir omvendt og personleg kristen, og det han skriv seinare, ber stundom preg av forkynning. Kvaliteten på bøkene hans kjem ikkje opp på tidlegare nivå. Men i Fangens siste roman, En lysets engel, som kom ut sommaren 1945, finn vi spor etter det gamle tema: duell mellom to menn. Denne gongen handlar det om to fetrar og nære venner som blir ordentlege "duellantar", og hamnar på kvar si side under andre verdskrigen. Året etter døyr Fangen i ei flyulukke på Fornebu, 51 år gammal.

Litteratur

Fangen, Ronald. 1915. De svake. Kristiania: Helge Erichsen.

Fangen, Ronald. 1916. Slægt føder slægt. Kristiania: Helge Erichsen.

Fangen, Ronald. 1918. En roman. Kristiania: Helge Erichsen.

Fangen, Ronald. 1929. Nogen unge mennesker. Oslo: Gyldendal.

Fangen, Ronald. 1932. Duel. Oslo: Gyldendal.

Gatland, Jan Olav. 1990. Mellom linjene. Homofile tema i norsk litteratur. Oslo: Aschehoug.

Rougthvedt, Bernt. 2007. Riverton. Sven Elvestad og hans samtid. Oslo: Cappelen.

Sørbø, Jan Inge. 1999. "Over dybe svelg". Eit essay om Ronald Fangens aktualitet. Oslo: Gyldendal.

Waage, Lars Rune. 2008. "'Et galt og skjævt menneske'. To litterære skildringer av homoseksualitet på tidlig norsk 1900-tall". (M.a. om romanen De svake). Tidsskrift for kjønnsforskning nr. 3/2008: 23-40.