Karl Evang

Karl Evang. Foto Rigmor Dahl Delphin, Oslo museum: OB.RD4110a, via digitaltmuseum.no,
Karl Evang. Foto Rigmor Dahl Delphin, Oslo museum: OB.RD4110a, via digitaltmuseum.no,

Karl Evang (1902-1981) var lege som ut frå eit sosialistisk samfunnssyn engasjerte seg for reform av helsevesenet. Som markant helsedirektør som frå 1938 til 1972 fekk han gjennomført mykje av sitt program.

Evang var også opptatt av reformer og opplysning knytt til seksualitet. Då han hadde ei legespalte i vekebladet Arbeidermagasinet på slutten av 1930-talet fekk han mange spørsmål om homoseksualitet. I eit radioprogram i 1965 skildra han dette: 

Her kom det da brever som skildret hvordan denne forferdelige kjensgjerning […] at man er annerledes enn de andre, hvordan den kjensgjerning begynte å gå opp for disse unge mennesker. De nektet å tro det selv til å begynne med. Og så kunne vi da gjennom brevene følge dem, særlig de som var på små steder, deres isolasjon, deres forsøk på å komme over dette, deres første kjærlighetsopplevelser, deres nederlag og deres seire. […] 

Dette var ein del av bakgrunnen for at han saman med psykiater Torgeir Kasa skreiv ein artikkel om temaet i Populært tidsskrift for seksuell oplysning. Artikkelen tok til orde for avkriminalisering av sex mellom menn, og for ein større samfunnsmessig aksept for likekjønna forhold. Samtidig tok Evang og Kasa utgangspunkt i ein medisinsk forståingsmodell av homoseksualitet.

Til skilnad frå dei fleste andre legar i samtida meinte forfattarane likevel at homoseksualitet i mange tilfelle var ein "normalvariasjon" og at varige likekjønna forhold kunne vera "verdige og verdifulle". 

 

Også som helsedirektør vidareførte Evang dette synet. 

 

Evang var medlem av organisasjonen Mot Dag og i NKP. Seinare meldte han seg inn i Arbeidarpartiet. Han var motstandar av norsk NATO-medlemskap, og etter at han gjekk av som helsedirektør meldte han seg inn i SV. 

Les meir om Evang sitt syn på homoseksualitet i denne artikkelen i Historisk tidsskrift. 

 

Litteratur

Jordåen, Runar. 2020. Verdige og verdifulle relasjonar? Karl Evang og Torgeir Kasa om homoseksualitet i 1932. Historisk tidsskrift, 99 (4), 301-315.