Sigrid Undset og kjærleik mellom linjene

Sigrid Undset ca. 20 år. Foto: Ukjent.
Sigrid Undset ca. 20 år. Foto: Ukjent.
Hun var Nobelprisvinner, katolikk og Norges mest berømte forfatter i sin tid. Men bak fasaden finner vi hint om forbudte følelser, sterke vennskap – og en fascinasjon for det som brøt med datidens normer. Var Sigrid Undsets store kjærlighet egentlig en kvinne?

I mellomkrigstida var Sigrid Undset (1882-1949) kanskje Noregs mest kjende internasjonale forfattar, og ho fekk Nobelprisen i litteratur i 1928. Truleg var det trilogien om Kristin Lavransdatter (1920–1922) som gjorde utslaget. Ho var gift med målaren Anders Svarstad frå 1912 til 1927, og dei fekk tre barn.

I 2020 skreiv Christine Myrvang ei bok som vekte oppsikt, med den pregnante tittelen Tause kilders tale. Var Dea Sigrid Undsets store, uforløste kjærlighet? Her undersøkjer forfattaren om Undset kan ha vore tiltrekt av kvinner, og særleg den svenske brevvenninna Andrea (Dea) Hedberg. Myrvang går til kjeldene og leverer her eit grundig og veldokumentert bidrag til Undset-forskinga, til norsk litteraturhistorie og til norsk homohistorie.

Jenny

Sigrid Undset var ikkje ukjend med fenomenet homoseksualitet, noko ho sjølv hadde sett og opplevd i kunstnarkretsane i Roma der ho budde ei tid i 1909. I romanen Jenny (1911) blir hovudpersonen prøvd forført av den forfalne danske målarinna Loulou von Schulin «som la sig indover Jennys fang og strøk hendes arme. ‘Nu passer vi paa de stakkels kønne hænder.’» Ho løfta den eine handa opp i vêret og sa: «Hvor er den dog deilig, ikke?»

Det gjekk særdeles skumle rykte om korleis Louolou von Schulin hadde reist frå mann og barn, tatt tilbake jentenamnet, kalla seg frøken og dyrka venninneskapet. Ho gjorde kur til Jenny som blei på det sterkaste åtvara av Gunnar:

«Jeg begriper bare ikke, du fandt dig i hendes tilnærmelser igaaraftes. Æsj, jeg vilde heller spise en tallerken med levende metemark –»
Jenny lo litt. Saa sa hun alvorlig:
«Stakkar – hun er vel igrunden ulykkelig –»
«Aæh – ulykkelig. Jeg traf hende i Paris i 1905. – Det værste er, hun er vist aldeles ikke pervers av naturen. – Bare dum – og forfængelig –.»

Jenny innrømde at ho stundom fekk lyst til å vere med på slike opplevingar, men blei straks irettesett av Gunnar: «Det er farlig, Jenny, [...] jeg synes, det er ækkelt, [...] Jeg vilde nødig se dig plumpe nedover ...» Men han kunne berre ta det roleg, forsikra Jenny: «Jeg skal nok sætte punktum før –.»

Korset

Undset synest det nok er litt spennande med avvikande seksualitet, for i Korset (1922), det tredje bindet av Kristin Lavransdatter dukkar det opp ein homoseksuell riddar. Utanlandsk og usympatisk framstilt, feit og forfengjeleg i «fløil og sarcenet», er mannen som vil ta sonen Naakkve i teneste som væpnar. Kristins husbond, Erlend, gjennomskuar fort den overmåte vennesæle og innsmigrande framandkaren: «(J)eg sælger ikke mine fagre ungfalker ut av mine hænder og bort i pukens». Når sanninga endeleg går opp for Kristin, blir ho heilt forferda og sjuk av tanken:

Rædsel og skam tok hende slik at hun fik kvalme; benene hendes blev likesom kraftløse. Hun hadde nok visst om slikt – som noget uendelig fjernt – men at dette unævnelige kunde vaage sig helt frem til hendes egne dørstokker –.     

Det er eit langt sprang frå Kristin Lavransdatters 1300-tals homofilisyn og fram til vår eiga tid. I ein artikkel i Samtiden i 1940, «Kristendom og kjønnsmoral», minner Sigrid Undset oss om at utanom kristendommen, har svært mange kulturar tolerert homoseksualitet som ei ganske alminneleg form for kjønnsliv. Med det meiner ho homoseksuell omgang som ei avveksling for folk som er leie og mette av heteroseksuelle forhold, som eit surrogat når tilhøva elles vanskeleggjer «normal kjønnslig tilfredsstillelse». (Meiner ho den klassiske (mannlege) homoseksuelle: fangen, soldaten og sjømannen?) Eller når ein av intellektuelle og emosjonelle grunnar helst vil omgå sitt eige kjønn og forsegla «sine vennskaper med erotiske intimiteter som en selvfølgelig sak».

Trass i den kristne kyrkjas iherdige motstand på dette feltet, så vil ungdommen her i landet – stadig ifølgje Undset – snart oppdage at 

man behøver ikke nødvendigvis en partner av det annet kjønn for å oppnå erotisk tilfredsstillelse, orgasme, kameratskap, inderlig samhørighet med et annet menneske – eller eventyr, avveksling, scener og spenning, hvis det er det man liker. Det er bare hvis man vil bygge hjem og avle barn at man være en mann og kvinne sammen.

Til og med i dag ville eit slikt utsagn for mange vere som å banne i kyrkja. Og orda blir ikkje mindre sterke når vi veit dei kjem frå ein nobelprisvinnar og ein truande katolikk!         

Då svenske Karin Boye besøkte Noreg i 1939 viste Sigrid Undset stor begeistring for den lesbiske diktaren. Inge Krokann hadde aldri opplevd at Sigrid Undset «gjekk så opp i eit anna menneskje som no i Karin». Undset tok gjesten med seg opp på loftet, «og då dei kom nedatt hadde Karin ei praktfull sølje i bringa som minne om kvelden». (Jf. Abenius 1965).

Litteratur

Abenius, Margit. 1965 (1950). Karin Boye. Stockholm: Aldus/Bonniers.

Gatland, Jan Olav. 1990. Mellom linjene. Homofile tema i norsk litteratur. Oslo: Aschehoug.

Myrvang, Christine. 2020. Tause kilders tale. Var Dea Sigrid Undsets store, uforløste kjærlighet? Oslo: Universitetsforlaget.