Torgeir Kasa

Torgeir Kasa, ukjent fotograf. Frå boka «Studentene fra 1913» (Oslo 1963).
Torgeir Kasa, ukjent fotograf. Frå boka «Studentene fra 1913» (Oslo 1963).
Torgeir Kasa (1894-1974) var ein psykiater som skreiv ein banebrytande artikkel om homoseksualitet i 1932. Kim Friele hylla han for å ha hjelpt familien hennar til å akseptera at ho var lesbisk.

Rolf Løvaas, som seinare blei den første leiaren for den norske homorørsla, som ung mann på 1940-talet gjekk på biblioteket for å lesa om homoseksualitet, var resultatet nedslåande. Det som møtte han var skildringar av abnorme og perverse menneske. I eit intervju med tidsskriftet Løvetann like før han døde i 1996, uttalte han likevel at det fanst eit unntak, eit lyspunkt, ein artikkel som var avvisande til straffelovas forbod mot seksualitet mellom menn (Didriksen 1996, 28). Teksten det var snakk om, var publisert allereie i 1932, i den første årgangen av Populært tidsskrift for seksuell oplysning. Tidsskriftet var starta opp av ei gruppe yngre radikale legar med den seinare helsedirektøren Karl Evang (1902-1981) i spissen. Han var ein sentral person i den norske offentlegheita heilt frå 1920-talet til han døydde på 1970-talet. Seinare er han hyppig nemnd som ein av dei sentrale nasjonale strategane i oppbygginga av den norske velferdsstaten og det norske helsevesenet etter andre verdskrig. Torgeir Kasa er derimot eit så godt som ukjend namn i dag. Kven var han og korfor var det han som blei Evangs medforfattar av artikkelen om homoseksualitet?

Bondestudent

Torgeir Kasa var fødd i Vang i Valdres i 1894 og vaks opp som ein av ni søsken på garden Kasa  (Frøholm 1985, 180-181). På eit tidspunkt då høgre utdanning stor sett var eit gode for dei mest privilegerte i samfunnet, la Kasa ut på ei bratt klassereise då han kring 1910 drog til Kristiania for å studera. I ei av jubileumsbøkene for studentane skreiv han seinare om korleis han opplevde dette:

Det var vanskelige forhold for oss som kom til Oslo som 15-17-åringer fra en liten fjell- eller fjordbygd, eller noen helt fra Finnmark. Mange av oss hadde knapt vært utenfor den snevre bygda. Vi måtte ta oss fram i en storby, de fleste uten noen veiledning eller støtte, og så var det å ta middelskolen og examen artium som privatister, og på kortest mulig tid for økonomiens skyld. De fleste måtte jo låne, og vi måtte spare på alt, ofte det mest nødvendige. […] Forholdene for oss lå nær opp til dem Garborg skildrer i «Bondestudentar», og ofte kunne de minne om «Sult» av Hamsun. (Studentene 1963, 129-130.)

Psykiater og spesiallege

Etter fullførte medisinstudiar spesialiserte Kasa seg innan psykiatri, og arbeidde mellom anna som reservelege ved Ullevål sykehus sin psykiatriske avdeling mellom 1925 og 1929. Frå 1931 til 1949 var han spesiallege i alkoholistforsorgen, og blei ein viktig aktør på dette feltet (Schrumpf 2003, 188). Dessutan var han i ei årrekke skulelege ved Torshov skole. Ikkje minst etablerte han privatpraksis som psykiater i Oslo. I 1922 gifta han seg med Rakel Kaspara Amundrød (1893- 1969). som var sjukepleiar, men som seinare byrja innan konfeksjonsbransjen i Oslo (Digitalarkivet: Klokkerbok for Idd prestegjeld, Idd sokn 1914-1940, Handelsregister 1924, 1418, Halden 01.03.1922).

Skeivt arkiv ønskjer meir informasjon om Torgeir Kasa. Me tar gjerne mot tips, og kan kontaktast på epost skeivtarkiv@uib.no eller på telefon 900 68 573 (Runar Jordåen).  

Hypnose mot homoseksualitet

Første gong Torgeir Kasa sitt namn var oppe i samband med homoseksualitet, var i januar 1932. Denne saka har ikkje tidlegare vore kjend, men den viser at han allereie på dette tidspunktet var oppfatta som ein slags ekspert på feltet.

Saka, som var oppe for Oslo lagmannsrett i midten av januar dette året, gjaldt ein 25 år gammal kjøpmann som var tiltalt for utuktig omgang med ei rekke gutar i alderen 14 til 16, forholda hadde pågått heilt sidan han sjølv var i den same aldersgruppa, altså i over eit tiår. Dagbladet slo saka stort opp på framsida: «Mannen blev arrestert i sommer og siden arrestasjonen har dr. Torgeir Kasa energisk studert hans tilfelle som er likeså interessant som sørgelig» (Dagbladet 13.01.1932). Den tiltalte hevda at «hans tilbøieligheter» ikkje var medfødd, men at dei stamma frå 13-14 årsalderen, då han var blitt påverka av dårlege kameratar. Journalisten fortel at mannen hadde vore nervøs og «puslet», men at det no var skjedd ei forandring med heile hans framtoning, han hadde ei fast røyst og ein friskare farga. Grunnen skulle vera at Torgeir Kasa hadde behandla han med hypnose.

I lagmannsretten sa mannen sjølv at han no for første gong i sitt liv hadde begynt å interessera seg for kvinner. Politilege Kristian Johan Kristensen hadde undersøkt mannen, og meinte han psykisk sto på eit barnleg nivå «og har beholdt barnets seksuelle uvaner». Tiltrekninga hans til gutar  - karakterisert som «hans homoseksuelle tilbøielighet» av Kristensen – var av ein slik art at han meinte den kunne behandlast, og derfor hadde politilegen søkt hjelp hos Torgeir Kasa – «en av de par fremragende læger som har tatt sig av denne gren av medisinen» (Dagbladet 13.01.1932, 9). 

Dagbladet sin journalist møtte på Kasa i ein av pausane i rettforhandlingane og fekk eit lite intervju. Han hevda at medfødt homoseksualitet var det ingenting å gjera med: «En mann som er medfødt homoseksuell optrer jo i virkeligheten som en kvinne, tenker og føler som kvinner, koketterer som en kvinne. Ingen hypnose hjelper der (Dagbladet 13.01.1932, 10)». Men i dette konkrete tilfellet var det ikkje slik, her var det tale om «erhvervede homoseksuelle tilbøieligheter». I slike tilfelle var det mogleg å behandla. Kasa forklarte korleis behandlinga blei uført, med hypnose:

I den hypnotiske tilstand forklarer man patienten det eiendommelige ved hans seksuelle hemninger. Mennesket gjennemgår forskjellige stadier, og under ugunstige forhold kan det komme til å stanses i sin utvikling, enten på det selvoptatte, selvforelskede stadium, eller på det det homoseksuelle. Hypnotisk behandling kan da hjelpe svært godt når det gjelder å modne de latente egenskaper, føre patienten videre fra det stadium han ulykkeligvis er stanset på. (Dagbladet 13.01.1932, 10).  

Trass i at Kasa meinte at mannen var blitt kvitt si tiltrekning til unge gutar, blei han straffa – han blei dømd til 3 ½ års fengsel. Saka har fleire interessante aspekt, men i denne samanhengen er det sentrale at den viser at Kasa no blei oppfatta som ein ekspert når det gjaldt homoseksualitet - eit omgrep me ser at på dette tidspunktet blei brukt også om utukt med mindreårige av same kjønn – og at han hadde ein teori om at det fanst ein medfødd og ein erverva type.

«Verdige og verdifulle» forhold

Om Evang allereie kjende Kasa, eller om det var medieoppslaga om saka i januar 1932 som gjorde han merksam på han, er ukjent, men i løpet av året må dei ha byrja å samarbeida om artikkelen til Populært tidsskrift for seksuell oplysning. Artikkelen førelåg på slutten av året, i den fjerde utgåva av bladet.

Evang sitt utgangspunkt var at han då han hadde hatt ei legespalte i vekebladet Arbeidermagasinet hadde fått ei rekke brev frå homoseksuelle, det han seinare karakteriserte som rystande historier om menneskelege lagnader. For Evang inngjekk dette i eit større seksualpolitisk engasjement som var forma av på den eine sida ein sterk fascinasjon for psykoanalysen og Freud, på den andre for marxismen og sosialistisk politikk. Det kan sjå ut for at Kasa hadde eit litt anna utgangspunkt. Han blei allereie oppfatta som ein fagleg autoritet på feltet, og må dermed ha jobba med homoseksualitet som privatpraktiserande terapeut og/eller ved ein av institusjonane han hadde vore tilknytt, til dømes den psykiatriske avdelinga ved Ullevål sjukehus.

Den todelte forståinga av homoseksualitet: ein medfødd variant som ein ikkje kunne gjera noko med, og ein erverva, som ein i mange tilfelle kunne behandla, som Kasa presenterte i samband med rettsssaka, står også sentralt i artikkelen han skreiv saman med Evang. Det same gjer ideen om at seksualiteten går gjennom fleire faser, og at forklaringa på homoseksualitet i desse tilfella kunne vera at utviklinga var «stoppa opp» på eit tidlegare stadium. Dette er ein tydeleg psykoanalytisk influert ide, som dei to dermed kunne einast om.  

Artikkelen slår også fast at ved erverva homoseksualitet kunne det vera eit visst håp om behandling, i tråd med det også Kasa hadde gjort i rettssaka. Når det gjeld den medfødde homoseksualiteten slo dei derimot fast at det neppe var mogleg å behandla. Dessutan oppfatta dei denne forma for homoseksualitet ikkje som ein sjukdom, men som ein naturleg variasjon. Ut frå dette meinte dei også at det under betre og meir aksepterande samfunnsforhold, ville vera mogleg for homoseksuelle å utvikla varige parforhold; slike forhold kunne vera  «verdig og verdifulle» både for dei det gjaldt og for samfunnet. Evang og Kasa gjekk inn for at forbodet mot sex mellom menn (§ 213 i Straffelova) burde opphevast, og dei slutta artikkelen med ein appell:

Av hensyn til den enkle og selvfølgelige menneskerett som disse tusener har på å føre et så lykkelig og verdig menneskeliv som mulig, er en endring nødvendig i den herskende morals og i samfunnets holdning overfor dem (Kasa & Evang 1932, 218).

Samanlikna med det meste anna som var skrive om temaet på dette tidspunktet, var artikkelen uvanleg positiv. Den opna for ikkje berre å tolerera homoseksualiteten, men også for at den under gitte tilhøve kunne vera ei positiv kraft i samfunnet på linje med heteroseksuelle forhold (for meir om artikkelen, sjå Jordåen 2020).

Dette forklarer artikkelens appell til mange av dei han omhandla. Den svenske «homoaktivisten» Eric Thorsell, som på 1930-talet prøvde å danna ein skandinavisk organisasjon for homoseksuelle, karakteriserte artikkelen som «en av de bästa jag någonsinn läst i ämnet» (Silverstolpe 1980, 117). I tillegg var altså artikkelen også viktig for Rolf Løvaas og dei andre tidlege norske aktivistane.

Kven skreiv artikkelen?

Spørsmålet om kven som eigentleg skreiv artikkelen kan også reisast. Då heftet kom ut sto Torgeir Kasa aleine som forfattar. Seinare blei dette oppgitt som ein feil, det skulle vera både Evang og Kasa.

Då artikkelen kom i svenske og danske lett omarbeida utgåver, sto den svenske legen Gunnar Inghe og Torgeir Kasa oppgitt som forfattarar. Dette kan tyda på at Kasa hadde ei sentral rolle, men det kan også vera at namnet hans blei brukt for å gi teksten tyngde: Verken Inghe eller Evang var psykiatrar, og på denne tida var homoseksualiteten rekna som psykiatrane sitt felt. I tillegg kjem det at Inghe og Evang var unge legar som var knytta til eit venstreradikalt miljø. Kasa var nokre år eldre og hadde ein posisjon som ein noko meir etablert autoritet.

Når ein ser på innhaldet i artikkelen tilsvarer todelinga i erverva og medfødd homoseksualitet det Kasa hadde sagt allereie i samband med rettsssaka i januar 1932. Den freudianske forklaringsmodellen for den erverva varianten, var altså noko han sto klart inne for.

Artikkelen har i tillegg eit tydeleg politisk innslag – det blir peikt på at dei seksuelle forholda generelt og når det gjeld homoseksualitet spesielt, berre kan betra seg under eit sosialistisk styre. Argumentasjonen for dette skriv seg tydeleg inn i det som ein finn i andre tekstar av Evang. Slik sett taler dette for at Evang har hatt meir enn ein finger med i spelet i utforminga av teksten.

Det er ikkje kjent om Kasa hadde nokon politisk tilknyting, men at han var med som forfattar tyder på at han har samtykka i alle fall eit stykke på veg til den seksualpolitiske og venstreorienterte visjonen.

Sannsynlegvis var altså både Kasa og Evang med på sjølve skrivinga av artikkelen, og det er umogleg å avgjera kven av ei som eventuelt hadde mest å seia.

Rolf Løvaas og Torgeir Kasa

Ein av dei som let seg inspirera av artikkelen var som allereie nemnd Rolf Løvaas. Ikkje lenge etter at det blei danna ei dansk foreining for homofile, Forbundet af 1948, kom han i kontakt med denne; då det våren 1950 var på tale å etablera ei norsk avdeling, var han ein av danskane sine kontaktpersonar i Noreg. Den 20. mai sto Løvaas sentralt i det første møtet organisasjonen hadde i Noreg på Bislet hospits. Danskane sin formann Axel Lundahl Madsen, var til stades, og frå no av var Løvaas den viktigaste tillitsmannen i Noreg – han blir rekna som den første formannen for den norske avdelinga av organisasjonen.

Allereie godt og vel ein månad før, den 12. april 1950,  hadde Løvaas ringt til Torgeir Kasa for å diskutera organisasjonsverksemda med han. I eit brev datert same dag, viste han til telefonsamtalen og refererte til at dei hadde avtalt å møtast. Ved brevet la han vedtektene til forbundet, i tillegg til den siste utgåva av organisasjonens tidsskrift Vennen. Han viste til at foreininga i Danmark heile vegen hadde hatt kontakt med fagfolk som juristar og psykiatrar, og at verksemda slik arbeidde lovleg og på eit solid grunnlag.

I anledning spørsmålet om eventuell opprettelse av norsk avdeling har jeg tillatt meg å henvende meg til Dem, da jeg vet De er en av de ledende norske forskere av homoseksualiteten og da jeg personlig beundrer den saklige og menneskelige holdning De i Deres artikler har vist overfor problemet. Jeg håper at De den 19. ds. vil være meg behjelpelig med å få belyst noen av de problemer og vanskeligheter som reiser seg for saken i forbindelse med de norske forhold samtidig som jeg gjerne vil få høre Deres personlige mening om tiltakene (Skeivt arkiv, Privatarkiv Rolf Løvaas: Løvaas til Kasa 12/4 1950).

Han nemnde også at «vi» ikkje hadde tatt kontakt med andre norske legar, men han spurde om Kasa hadde høve til å snakka med helsedirektør Karl Evang i forkant av møtet, eller til og med om Evang hadde høve til å vera med på møtet.

Kva som blei utfallet av samtalen er ikkje kjend, Løvaas nemnde ikkje noko meir om noko samarbeid med Kasa, og det ser ikkje ut for at han spelte noka direkte rolle for verksemda til Det norske forbundet av 1948 utover på 1950-talet heller. I motsetning til dette kom Karl Evang indirekte til å bli støttespelar for rørsla gjennom synspunkta han fremja i sine høyringssvar når spørsmålet om § 213 var oppe – desse samsvarte i det store og heile med Forbundet sine synspunkt.

Kim Friele hos Torgeir Kasa

Karen-Christine Friele har fleire stader fortald kva som skjedde då ho hadde time hos Kasa rundt 1960 (sjå t.d. Friele 1990, 73-74, Olsen 1983, 40, Henmo 2015, 18-19). Kva som var grunnen til at det nettopp var hos han ho fekk time, er uvisst, men Friele møtte forståing. I følgje sjølvbiografien Troll skal temmes sa ho til Kasa at ho hadde akseptert at ho var homoseksuell, og at det ikkje ville endra seg same kor mange samtalar dei hadde. Til dette svarte Kasa at det ikkje feilte henne noko, men han lurte på kva som då var grunnen til at ho ønskte hjelp hos han? Friele svarte:

Jeg sitter her sammen med Dem, fordi familien påstår at når jeg ikke skjønner at å være homoseksuell er et problem, ja, da representerer jeg et alvorlig problem for familien. En ekte homoseksuell skal vær så god strutte av lidelse. Hvis ikke, er jeg en innbilt, en falsk homoseksuell. Familien mener jeg ikke vet forskjell på den ene og den andre (Friele 1990, 74).

Det verkar som at Kasa har vore heilt einig med Friele, for han ønskte henne lykke til, og foreslo at mora, som sat klar på venterommet, skulle komma inn i staden for. Han forklarte det heile for Frieles mor, som så drog heim til Bergen og vidareformidla det heile til faren og resten av familien.

Denne beretninga tyder på at Kasa framleis blei oppfatta som ein ekspert på homoseksualitet, men det er uvisst kva former for behandling han tilbaud: Blei alle behandla som Friele, eller var det også tilfelle der han meinte å kunne behandla sjølve homoseksualiteten? Opererte han framleis med skiljet mellom ein medfødd normalvariasjon, og ein erverva sjukeleg tilstand, som i 1932? Og hadde han framleis tru på hypnose som ei mogleg form for behandling for dei sistnemnde tilfella? Valde han å ikkje behandla Friele fordi ho ikkje sjølv ønskte behandling, eller fordi han såg på det som eit tilfelle av medfødd homoseksualitet som ikkje kunne behandlast?

For Friele var møtet med Kasa uansett ei udelt positiv oppleving, ho har trekt dette møtet fram både i foredrag, intervju og dei ovanfor nemnde bøkene. Ho meinte ho var heldig som enda opp hos nettopp denne representanten for fagfeltet: «Jeg tør ikke tenke på hvilken fortvilelse og angst mine egne foreldre ville ha blitt påført hvis min mor, i stedet for dr. Torgeir Kasa, hadde oppsøkt dr. med. Ørnulv Ødegaard», skreiv ho i 1975 (Friele 1975, 38).

Klok, rommeleg og fordomsfri

Eit minneord skrive av forfattaren Knut Hauge, som hadde gått i terapi hos Kasa, gir eit lite glimt av stilen, personlegdommen og kva slags psykiater Torgeir Kasa var. Grunnen til at Hauge oppsøkte han var truleg ein heilt annan enn Frieles, men skildringa hans var like positiv. I motsetning til mange andre psykiatrar Hauge hadde opplevd, utstrålte Kasa menneskeleg varme. Han tok seg tid til å tala med pasienten, og var var ein «klok, rommeleg og fordomsfri psykiatrikar» (Hauge 1975, 103).

Vidare forsking

Torgeir Kasa er historisk interessant fordi han var med på å skriva ein av dei tekstane om homoseksualitet i Skandinavia som hadde størst nedslagskraft, både for einskildpersonar og for den seinare organiseringa av homofile. Teksten blei også tatt inn i Karl Evang sine populære seksualopplysningbøker i etterkrigstida, slik at han også nådde fram til nye generasjonar. I tillegg verkar det som Kasa blei oppfatta som ein ekspert på feltet, ein psykiater som ofte blei trekt inn når temaet homoseksualitet var oppe for eksempel i rettssaker (sjå Jordåen 2010).

Ei vidare utforsking av Kasas karriere kunne vore interessant for å få meir kunnskap om skeive sine liv på første halvdel av 1900-talet og utover i etterkrigstida. Ei utforsking av korleis Ullevål sjukehus behandla homoseksuelle på 1920-talet kunne også ha relevans her, i og med at Kasa var tilsett der i nokre formative år. Hans rolle i saka frå 1932 kunne også vore interessant å utforska vidare.

Kjelder: 

Didriksen, Nina. 1996. At vi torde. Løvetann. For homoseksuell og lesbisk frigjøring, 19 (3), 26-30.  

Friele, Karen-Christine. 1975. Fra undertrykkelse til opprør. Om å være homofil… og være glad for det. Oslo: Gyldendal.

Friele, Karen-Christine. 1990. Troll skal temmes. Oslo: Scanbok. 

Frøholm, Anders. 1985. Valdres bygdebok I. Gardar og slekter i Vang. Valdres: Valdres Bygdeboks forlag.

Handelsregister. 1924. Handelsregistre for Kongeriket Norge.

Hauge, Knut. 1975. Doktor Torgeir Kasa til minne. Tidsskrift for Valdres historielag. Årbok 1975, 103-104. 

Henmo, Ola. 2015. Kampene. Et portrett av Kim Friele. Oslo: Cappelen. 

Jordåen, Runar. 2010. Inversjon og perversjon. Dr. avh., Universitetet i Bergen.

Jordåen, Runar 2020. Verdige og verdifulle relasjonar? Karl Evang og Torgeir Kasa om homosesksualitet i 1932. Historisk tidsskrift, 99 (4).

Olsen, Bjørn Gunnar. 1983. To kvinner. Karen-Christine Friele og Wenche Lowzow forteller til Bjørn Gunnar Olsen. Oslo: Atheneum. 

Schrumpf, Ellen. 2003. «Berus eder!» Norske drikkekulturer i de siste 200 år. Oslo: Unipax.

Silverstolpe, Fredrik. 1980. En homosexuelle arbertares memoarer. Järnbruksarbetaren Eric Thorsell berättar. Stockholm: Barrikaden. 

Studentene. 1963.Studentene fra 1913. Biografiske opplysninger samlet til 50-årsjubileet 1963. Oslo.