Willy Laumann-Olsen

Willy Laumann-Olsen om homofili Glåmdalen
Willy Laumann-Olsens innlegg om homofili, faksimile frå Glåmdalen 27. januar 1973.
Willy Laumann-Olsen (1904-1973) var lærar og politisk aktiv på venstresida i norsk politikk. I 1973 skreiv han eit lesarinnlegg til forsvar for homofile.

Laumann-Olsen var fødd i Oslo og vaks opp i eit arbeidarmiljø der. Han blei allereie som ungdom aktiv i den politiske arbeidarrørsla. Under 2. verdskrig sat han nokre månader i fangenskap på Møllergata 19 og Grini fordi han skulle ha "Fornærmet 'riksregjeringen' og den tyske 'Wehrmacht'".  (Giertsen 1946, 19.)

Etter krigen arbeidde Laumann-Olsen som lærar i Nes på Romerike. Her var han også aktiv kommunepolitikar for Norges kommunistiske parti (NKP). I eit avisintervju i 1949 forsvarte han Furubotn-fløyen i partiet, og det er mogleg dette førte til at han sjølv blei ekskludert eller melde seg ut.

Seinare budde han i Aurskog-Høland, dei siste åra av sitt liv nærmare bestemt på Finstadbru.

Laumann-Olsen var også ein aktiv samfunnsdebattant og hyppig representert med lesarbrev i avisene. I kjølvatnet av eit fjensynsprogram om homofili i 1973 blussa det opp ein avisdebatt om temaet. Laumann-Olsen var ein av dei som tok ordet, og for ein person av hans generasjon utmerkte han seg med eit uvanleg positivt syn.

Han reagerte særleg på påstandar som hadde vore framsett om at homofili var ein sjukdom eller eit motefenomen. Han viste her til Karl Evang og Torgeir Kasa sin artikkel i Populært tidsskrift for seksuell opplysning (1932/1947) der det heitte at det ikkje var ein sjukdom i dei tilfella der det var medfødd (Laumann-Olsen 1973, 4).

Om Willy Laumann-Olsen hadde noko personleg interesse i dette spørsmålet, er uvisst. Som tilhøyrande venstresida kan han ha vore særleg mottakeleg for seksualreformrørsla sitt bodskap, og dermed også for Evang og Kasas for si tid radikale syn på homoseksualitet.

Om du veit meir om Laumann-Olsen, ta gjerne kontakt på epost skeivtarkiv@uib.no eller på telefon 900 68 573 (Runar Jordåen). 

 

Kjelder:

Giertsen, Børre R. 1946. Norsk fangeleksikon. Grinifangene. Oslo: Cappelen.

Laumann-Olsen, Willy. "Medfødt homofile er ingen sykdom." Glåmdalen, 27. januar 1973: 4.

Dødsannonse, Aftenposten Morgen, 10. desember 1973, 27.