Per Knutsen
Han er fødd og oppvaksen i Buvåg på Hamarøy, nesten utan bøker i heimen. På folkeskulen hadde dei eit bokskap, men han las berre nokre få av dei: "Min åndelige føde besto av radio og ukeblad." Han fann likevel ei bok han likte godt, Skjønnhetsdronning skriven av Jo Tenfjord (under pseudonymet Hannebo Holm). I vekeblada stod det mykje om Jorunn frå Moss som blei Frøken Norge i 1959, og nr. 2 i Miss Universe-konkurransen. Dette nemnde han i 2012 i eit artig minne frå barndommen, kalla «Skjønnhetsdronningen i bokskapet»:
Da jeg var tolv, sa to klassevenninner til meg at jeg oppførte meg som en jente, og hvis jeg fortsatte med det når vi begynte på sentralskolen, kunne det gå meg ille. Jeg kastet alle jentegreiene mine. Utklippene med Jorunn fra Moss gikk rett i ovnen en dag jeg var aleine hjemme. Jeg bestemte meg for å bli gutt på ordentlig. Etter ei stund hadde jeg lurt alle til å tro at jeg var det.
Skjønnlitteraturen blei meir viktig for han på gymnaset i Nordfjordeid, og i 1971 då han reiste tilbake til Nordland og lærarskule på Nesna. Han var lærar i fire år, men fann ut at det ikkje var noko for han. I 1977 flytta (eller flykta) han til Bergen der han budde resten av livet sitt.
Forfattaren
Per Knutsens forfattarskap startar med at han som blakk student på lærarskulen høyrer på "Barnetimen for dei minste" i radioen. Han er ikkje særleg imponert. Sommaren 1974 skriv han eit stykke som NRK vil ha, og på fem år lagar han fem seriar for Barnetimen. Han skriv òg åtte manus til barne-TV-serien Labbetuss. Han tenkte at han kanskje kunne skrive ei heil bok viss han prøvde på alvor. Han ville gjere noko, eller bli noko som ikkje var vanleg, noko som gjorde han fri, og som fekk han til å bli synleg, sa han i 2016. Den første boka, Gutten og ørna, kom ut i 1976, og sidan greidde han ikkje å la vere å skrive. Vidare gav han ut fem barnebøker, og for "Gull og sølv" (1982) fekk han Kritikarprisen for beste barnebok. Han er flink å fortelje, vare skildringar av barn med innleving og forståing for personane. Han blei den første norske barnebokforfattaren som fekk statens treårige arbeidsstipend, og det fekk han to gongar.
Frå 1979 lever Per Knutsen av å vere forfattar og vil alltid ha med noko om homofili i bøkene: "Fordi vi er ein del av miljøet, av livet," sa han i 1987. Han skriv ikkje om homofili, men om personar som "tilfeldigvis" er homofile, og fordi dei er ein del av det verkelege livet. Og sjølvsagt fordi han er homofil sjølv, og fordi det er slike personar han føler at han kjenner best. Han har sympati for personane sine, men synest ikkje synd på dei. Dei er ikkje ofre, men heilt alminnelege menneske. Knutsen prøver å fange lesaren på dei to første sidene, særleg fordi unge lesarar er forventningsfulle i byrjinga av ei bok. Han har respekt for dei unge, og spesielt for dei mest sårbare, og tek parti for outsiderane. Han gjer aldri research, men stoler på eigen fantasi og si innlevingsevne.
Bøker om og for ungdom
Det viktigaste for han er forholdet mellom barn/ungdom og foreldre/vaksne. Det er like mykje bøker om barn som for barn og ungdom. Mange av bøkene handlar om forsømte tenåringar: "Det er alltid trist å se folk som ikke har det bra. Det som opprører meg mest er å se barn som har det vondt; barn som ikke blir sett, ikke lagt merke til og ikke blir tatt alvorlig."
Fleire av bøkene har handling frå små plassar i Nord-Noreg, ikkje ulikt Hamarøy, i fiskevær eller på industriplassar. Det er dei vaksne som er årsak til ungane sine problem, ofte er dei fråverande og/eller dysfunksjonelle. Barna eller ungdommane kjenner seg ofte svikne av dei vaksne, dei kan vere fortvilte og desperate og kjenner sakn etter nærleik og varme. Mangel på kjærleik er eit tilbakevendande motiv, og kva det gjer med eit ungt menneske. Likevel synest dei ofte robuste og i stand til å gjere opprør.
Han skriv ikkje lystige og muntre bøker akkurat, men psykologiske drama, seier han. Det er sikkert mogleg å skrive om homsar og lesber som har det bra, men det får andre gjere. Han giddar ikkje. Han kan aldri tenkje seg å skrive om lykkelege menneske. Han synest dei er kjedelege, og han føler seg meir i slekt med dei som "ligg nede" og har det tøft. Sjølv om det er mange dystre lagnadar i bøkene hans, er dei fulle av kjærleik og av menneske som treng kvarandre.
Per Knutsen trur ikkje at litteraturen kan forandre verda, men heller vere ei utstrekt hand og støtte til ulykkelege og einsame menneske som ser at dei ikkje er dei einaste som har det slik. Han liker å skrive om slike personar. Einsemda er kan hende det største tabuet i vår tid, meiner han, og litteraturen kan vere ei god hjelp. Det verste er å innrømme at vi er redde og einsame. Gjennom bøkene kan lesaren likevel tillate seg det. Derfor vil god litteratur aldri gå av moten.
Mordere
Han gjekk tom for lyst og idear til fleire barnebøker og ville skrive noko heilt anna. Kanskje inspirert av suksessen til Gudmund Vindlands homseroman Villskudd i 1979. Fem år seinare, i 1984, kom Per Knutsen sjølv offentleg ut som homofil med romanen Mordere. Han kan òg ha vore inspirert av ein annan nordlending, Odd Klippenvåg, som året før gav ut den homofile kjærleiksromanen Otto, Otto. Begge forfattarane byrja på Gyldendal, men skulle seinare gje ut bøkene sine på Cappelen.
Knutsens første vaksenroman, Mordere, har likevel tenåringar i hovudrollene; Finn er 18 og Åge er ein svært vaksen 15-åring, og handlinga er frå rundt 1960. Forholdet vekkjer oppsikt i det nordlandske fiskeværet. Ei tankevekkande bok, hard og brutal, øm og valdeleg, hatefull og kjærleg, og med dialog på nordnorsk:
– Kain en gluint vær kjærest mæ en ainna gluint? spør Åge til slutt, andpustent. – Går dæ an?
– E ha aildri hørt om dæ, svarer Finn. – Men e tru dæ går an. Trur du?
– Ja, sier Åge. – E veit dæ går an.
Mordere handlar om skuter, sjøfolk, jakt på kval og homoseksualitet. I Norsk litteraturhistorie fekk Øystein Rottem assosiasjon til Melvilles store roman Moby Dick. Som så ofte hos Knutsen går han lite inn i bakgrunnen til personane, og han er ikkje alltid villig til å forklare kvifor dei handlar som dei gjer. Men det kan gjerne vere bevisst. Eg liker heller ikkje å få forklart alt eg les, men må tenkje det ut sjølv. Slik blir fantasien vår trigga.
Per Knutsen skriv "sosialrealistiske bøker", eller "psykologisk realisme", som han sjølv har kalla det. Bøkene handlar om skakkøyrde barn, ungdom og vaksne med lengslar og sakn. Til vanleg er det ikkje ei svært kompleks handling hos Per Knutsen, men ei rett på sak-skildring i eit ofte direkte og ærleg språk. Han har eit godt blikk for nyansar i livet, og ei fin oppfatning av korleis det er å vere ung og forelska.
Wam og Vennerød
I 1988 gav Per Knutsen ut to skjønnlitterære bøker: Gutten som kunne fly blei lansert som vaksenroman, medan Svart cayal som ungdomsroman. Dermed kunne begge bøkene bli innkjøpt av Kulturrådet same året. Som hovudperson i Gutten som kunne fly møter vi einebarnet Lakki, ein rastlaus og rotlaus ungdom på 13 i gryande pubertet som må ta del i vaksenlivet, eit vaksenliv som dei skilde foreldra sjølve ikkje greier å takle. Lakki søkjer etter verdiar og haldepunkt i storbyen, men finn ingen og dermed flippar han ut. Gutten som kunne fly har ein symbolsk tittel sidan det veks ut vengar på ryggen hans, eit teikn på at Lakki skulle kunne flykte frå alt, anten fysisk eller med å ta livet sitt. Til slutt riv den frustrerte Lakki vengane av, noko som tyder på at han har bestemt seg for å gjere det beste ut av sin eigen livssituasjon. Lakki har mykje godt i seg, og han kjem seg ned på beina. Det er ei sterk, rystande og realistisk skildring. God forteljekunst med eit eige driv.
Fire år etter kom filmen Lakki som Wam og Vennerød baserte på boka. Filmen fekk dårleg kritikk og lite publikum, og er den Wam og Vennerød-filmen som har hatt minst suksess. Boka kom forresten i ny utgåve same året med filmtittelen: Lakki. Deretter relanserte Wam og Vennerød filmen med den originale tittelen Gutten som kunne fly, og filmen fekk prisen for beste ungdomsfilm ved filmfestivalen i Giffoni.
Per Knutsen sine bøker får som regel god omtale, men i Dagbladet blei ungdomsromanen Svart cayal slakta av Knut Faldbakken: "et eneste søl av halvtenkte tanker og temaer". Grunnen er nok fordi han meiner Knutsen tek for lett på temaet homofili, til dømes det at hovudpersonen Jonny litt klisjémessig sminkar seg og kler seg i kvinneklede. Men Jonny er først og fremst eit ungt menneske som testar grensene sine. I 1995 lagar Wam og Vennerød film av boka med tittel Sebastian, og gjev dermed hovudpersonen eit nytt namn. Denne filmen får betre mottaking, og er den filmen til Wam og Vennerød som har ein klar homoseksuell i hovudrolla. Begge filmane ligg ute på nettet.
Dramatikk
Ei natt i 1989 då Per Knutsen ikkje fekk sove, fekk han ideen til skodespelet Edel har fest. Det handlar om Edel, som med ein from bakgrunn frå landsbygda har flytta til byen, bur på hybel og jobbar som kassadame. Ein kveld får ho uvelkomment besøk av gateguten Ruben, narkoman, homofil og prostituert, og som nektar å gå sin veg. Stykket blei ein suksess på Den Nationale Scene (DNS) i Bergen med 85 framsyningar. Stykket blei òg oppført på Oslo Nye Teater. Men boka blei sensurert. Edel har fest hamna på bokbålet til ein kristen lærar ved Meldal ungdomsskule i Sør-Trøndelag, saman med dei siste ungdomsbøkene til Ingvar Ambjørnsen og Bjørn Erik Hansen. Han gjorde det utan å konferere med kollegaer eller administrasjonen. Dette var bøker som skulen fekk gratis frå Norsk kulturråd, men læraren som hadde ansvaret for skulebiblioteket, meinte at ungdommane ikkje hadde godt av å lese ord som faen, fitte og pikk. Saka blei slått stort opp, og læraren fekk sparken.
To år etter vann Knutsen 3. pris i Kulturrådets dramatikkonkurranse med det lett komiske stykket Er du naken? Her er det unge Steinar i nord som får langvarig besøk av ei sårbar tenåringskusine frå Oslo. Stykket gjekk 54 gongar på DNS. I 1992 fekk Knutsen oppført skodespelet En dannet kvinne som gjekk 35 kveldar på DNS. Dramaet handlar om livet til den norskfødde Gisken Wildenvey og litt om mannen, Herman. Innhaldet dreiar seg om påtrengande journalistar som dyrkar og utnyttar kunstnarmyten og kjendisar.
Svømmersken
I 1994 er Per Knutsen tilbake med ungdomsromanen Svømmersken som blei nominert til Brageprisen. Forteljinga er engasjerande og godt fortalt, fortetta og med spesielt godt driv. Det dreiar seg om møtet mellom Unni og Frode som bur i same blokka. Unni er neglisjert av den einslege mora som er alkoholisert og mykje borte. Ho ringjer på hos Frode og spør om å få låne pengar. Frode er frå Pakistan og heiter eigentleg Khalid, men trur at han ved å skjule seg bak eit norsk navn, lettare kan bli akseptert i samfunnet. Han er homofil og blei kasta ut av faren då han fekk vite det. Khalid drøymer om å bli skodespelar, men Unni dukkar opp og forstyrrar planen. Ho treng nokon som bryr seg og kan ta seg av henne. Ho pressar seg inn i livet til Khalid, og saman forandrar dei kvarandre.
I eit intervju med Bergens Tidende 20. oktober 1994 uttalte Per Knutsen: "Det verste med å være homse i dag er ikke at vi blir slått eller mobbet, men at vi blir usynliggjort. Vi er ikke en del av helheten, og alle er heterofile inntil det motsatte er bevist. Derfor er det viktig for meg å skrive om homofile."
Det var på denne tida Per Knutsen slutta å drikke, noko han hadde gjort sidan 18-årsalderen, og etter kvart meir enn berre helgedrikking. Noko av grunnen var at han flykta frå lagnaden sin, at han var homo. Han oppfatta det som ein grufull lagnad, sa han seinare. Han fekk alkoholproblem, og blei tørrlagd mot slutten av 1990-åra. Han samanlikna det å vere forfattar med det å drikke: "Å skrive er som å drikke alkohol. Det er ikkje smaken, men verknaden eg er ute etter."
Rått parti
Romanen Rått parti kom året etter og er ein slags kriminalroman for ungdom. Dei tre ungdommane har ein vanskeleg barndom bak seg og møter vaksenlivet i eit samfunn fylt av fordommar og svik. Dei rømmer frå ein ungdomsheim, blir meir kjende med kvarandre og med seg sjølve, og dei opplever alle kjærleiken forskjellig. Det er ei sterk skildring, og romanen blei sensurert av lærarar ved Vigestad ungdomsskule i Rogaland. Språk og miljø kunne smitte over på elevane fordi boka var så spennande og godt skriven. Rått parti blei tildelt Kulturdepartementets skjønnlitterære litteraturpris for ungdomsromanar.
Ikkje alle barne- og ungdomsromanar får meldingar i avisene, men her er Knutsen eit unntak. Rått parti fekk ti meldingar, ni av dei positive. Denne boka er omsett til svensk, dansk, tysk og nederlandsk, også andre av bøkene hans. I eit intervju med Bok og Bibliotek (2/1997) er overskrifta: "Rå forfattar med myke verdier". Her går det fram at forfattaren er "ingen pusegut", men freistar å skildre menneske av kjøt og blod. Han arbeider mykje med språk og form for heile tida å finne nye måtar å uttrykkje seg på, og eit språk som er tilpassa personane. Han brukar teatererfaringa til å skape dramatikk og til å komponere handlinga. Han vil vise at alt er ikkje like håplaust. Personane hans er ikkje handlingslamma, men står på.
Roman med stor R
Draumen var ein dag å skrive romanen med stor R. Det var det som dreiv han framover, innrømde han i 1997. Det same sa han til NRK i 2016, med eit hint til Olav H. Hauge: "Og så er det jo ‘Den draumen me ber på’, at eg skal ein gong klare å skrive det heilt store, og at eg fortset med å anstrenge meg, og held hovudet klart, og berre fortset, fortset, fortset."
Per Knutsen prøvde seg òg som krimforfattar, og etter mi meining lukkast han med originale plot og intrikat handling, både med Høytrykk (1997) og Tigermelk (1999). Dei homofile personane er "normale", og naturleg integrerte i handlinga. Forfattaren er flink med titlar, også i Å salte et hjerte (2001). Her skildrar han for første gong ein skaphomse på sin eigen alder, rundt 50, som blir forelska i ei polsk pornostjerne på nettet og reiser til Polen. Romanen fekk god kritikk.
Mykje omtalt blir også romanen Frøken Markussens rykte om eit "unaturleg" forhold på 60-talet som utfordrar fantasien hos lesaren, ei fin forteljing i eg-person. Dei to kvinnene er lesbiske på ei tid då dette er umogleg.
Skriv helst om det fæle
Per Knutsen synest det er mykje morosamare å skrive om intrigar og jævelskap enn om alminnelege, snille og greie menneske. Sjølv vedgår han: "Jeg er ikke noen typisk gladgutt og har lettere for å se det dystre og tragiske i tilværelsen enn det lyse og positive. Det er i de tunge stundene man lærer seg selv å kjenne. Gleden har nok med seg selv, den trenger man ikke å bearbeide." Det er dei fæle tinga som er best å skrive om, meiner han. Men det må jo vere ein himmel over det heile, ein lengsel. Det er eit fint trekk å ha i ein roman.
Sjølv er han 59 år då han i 2010 gjev ut romanen Gamle menns elskov om ein desillusjonert einsam homo på 68 år. Ifølgje forfattaren er handlinga litt spekulativ med vald og brutalitet, men boka er godt utført. Knutsen er ikkje redd for å bruke eit direkte språk og å skildre i detalj ting som ikkje vanlegvis blir skildra så inngåande. Det er glødande begjær, desperasjon og einsemd som driv hovudpersonen. Det er inga direkte oppløftande munter bok, heller ei mørk historie om kynisme og manglande solidaritet. (Jf. intervjuet "Knutsens gamle griser" i Blikk mars 2010)
Romanen fekk stor merksemd, ikkje minst på grunn av Bokprogrammet på TV der han og Siss Vik sit på London pub og diskuterer eldre homofile menns kjærleiksbehov. Her poengterer Knutsen på nytt at han liker betre å skrive om nokon som er "litt på skrå", enn om nokon som er heilt gjennomsnittlege. Dei beste skjønnlitterære tekstane handlar ofte om situasjonar som er forferdeleg pinlege. Det er jo når det gjer vondt, eller når det blir ubehageleg, at det blir bra, understrekar han. Knutsen har skrive mykje om det vonde. Han trur at alle menneske har ei slags grunnstemning ein tek med seg frå ein er liten: "Mi grunnstemning er ganske mørk, vil eg seie."
Broren til Hugo
Per Knutsens nest siste roman, Broren til Hugo (2016), er kanskje hans beste bok, og eit døme på det særeigne med han: at han skriv varmt og vakkert om det vonde. Med ein nøktern forteljestil skriv han usentimentalt om brørne Erkki og Hugo og om ein barndom i helvete nordpå på 50-talet. Hugo må velje vekk foreldra for å vere seg sjølv. Faren vil banke homoseksualiteten ut av sonen. Han vil kurere den gale forma for kjærleik ved tvangspuling eller ei klok kone. Litt overdrive etter min meining, men ei truverdig skildring av ekte kjensler og seksuell identitet. Knutsen fekk Havmannprisen for denne romanen.
I oktober 2021 stilte Per Knutsen til samtale på Litteraturhuset i Bergen og blei intervjua i Blikk. Han sa mellom anna: "Bøkene mine blir ofte karakterisert som ‘homo-litteratur’, det er selvsagt sant, men også litt irriterende, for jeg skriver jo om mennesker." Knutsen hevda òg at det finst ein annan klangbotn i det vi kallar skeiv litteratur. Å forsøke å sirkle inn kva det er og kva som gjer kulturuttrykk skeive, er interessant, også fordi det peikar på kva som manglar i hovudkulturen.
Per Knutsen døydde av kreft 71 år gammal i Bergen 19. august 2022.
Artikkelen er ein forkorta versjon av eit foredrag om Per Knutsen på ein minnekveld på Hamarøy bibliotek 8. juni 2023.
Kilder:
Knutsen, Per. 1976. Gutten og ørna. Oslo: Gyldendal.
Knutsen, Per. 1984. Mordere. Oslo: Gyldendal.
Knutsen, Per. 1988. Gutten som kunne fly. Oslo: Cappelen.
Knutsen, Per. 1988. Svart cayal. Oslo: Cappelen
Knutsen, Per. 1989. Edel har fest (dramatikk).
Knutsen, Per. 1994. Svømmersken. Oslo: Cappelen.
Knutsen, Per. 1995. Rått parti. Oslo: Cappelen.
Knutsen, Per. 1997. Høytrykk. Oslo: Cappelen.
Knutsen, Per. 1999. Tigermelk. Oslo: Cappelen.
Knutsen, Per. 2001. Å salte et hjerte. Oslo: Cappelen.
Knutsen, Per. 2004. Frøken Markussens rykte. Oslo: Cappelen.
Knutsen, Per. 2010. Gamle menns elskov. Oslo: Cappelen.
Knutsen, Per. 2016. Broren til Hugo. Oslo: Cappelen.