Sigurd Hoel (1890-1960)
Som kritikar og allsidig skribent var Sigurd Hoel ein av dei førande aktørane i samfunnsdebatten i mellomkrigstida. Mest kjend er han likevel truleg som forfattar og forlagskonsulent. Hoel var fødd i Nord-Odal, men budde for det meste i Oslo. Han var svært interessert i psykoanalyse og homoseksualitet, og var i ti år gift med legen og psykiateren Nic Hoel. Dei hadde ingen barn.
Feite og feminine homoar
Sigurd Hoel er ikkje nådig i skildringa av defekte homoseksuelle i romanen Syvstjernen (1924). Boka er både krass og satirisk, og på "De glade mænds fest" er det ikkje berre dei to seksuelle avvikarane som blir uthengde. Men likevel sit lesarane igjen med eit svært negativt inntrykk av homoseksuelle menn, her den sminka og pudra rektor Prince:
En stor fet mand reiste seg og hilste, med et smil som var litt for elskværdig. De lyse svømmende øinene sat i et stort glat ansigt med tvehake. Panden var høi; det kunne ses at han barberte bort litt av haaret for å gjøre den høiere. Ansigtet lignet en skuespillers, men minnet også litt om et stort fat rømmegrøt med to flytende smørøier.
Prince og bibliotekar Thomas er ekstra feminine og fråstøytande til mannfolk å vere. Den homoseksuelle legninga krev ein heilt spesiell måte å vere på, som Prince er eksponent for: "Nu satte han sig igjen, med en nænsom omhu som om det var en skjøn kvinde han bragte til sæte, og ikke sin egen store bak."
Thomas er også skildra som var han ei kvinne i ein mannekropp. Han er feit, blid og innsmigrande «med noget slesk i sit væsen som passet bedre bak en disk end i et selskap blandt mænd». Seinare på kvelden begynner Thomas å hulke med si tynne, klagande stemme medan Prince trøystar han og lover å visa han vegen til lykke: "Skjønhetsglæde, sandt venskap, forstaaelse – Hellas, Platons Symposion, det ideelle liv –. Prince var en motbydelig person, men det gjorde ingenting, ingen, ingenting."
Sigurd Hoel såg på homoseksualitet som ein slags sjukdom, ei slags nervøs liding som med hell kunne helbredast. Dette var heilt i tråd med Freuds teoriar om det tredje kjønn og hans psykoanalytiske idear, som Hoel var svært opptatt av på denne tida. I eit foredrag i 1936 sa Sigurd Hoel mellom anna:
Seksualfortrengning var og er årsaken til disse sykdommene hysteri, tvangsneurose, homoseksualitet, sadisme, masochisme, melankoli, livsudyktighet i mangfoldig form. En eller annen av disse skavankene har vi nær sagt alle sammen en snev av på en eller annen måte. (Hoel 1945)
Syndarar i sommarsol
I Sigurd Hoels kanskje mest kjente roman, Syndere i sommersol (1927, filmatisert i 1934 og i 2001), ei bok som norske prestar åtvara mot, hevdar Evelyn at soldatane frå første verdskrig kom opp frå skyttargravene som "homoseksualister. De hadde lært at elske sine venner nede i skyttergravene. Hvad andet skulle de ta seg til mellem stormangrepene?" Og da krigen var slutt, "saa hadde de faat sit præg. De ville elske unge gutter!" Forfattaren er god i skildringa av rivalane og vennane Erik og Fredrik, særleg Erik med eit ansikt som varierer mellom ein "serafisk engel", eit portrett av den unge Heinrich Heine og ein pen djevel teikna av Albrecht Dürer.
Det homoerotiske spenningsforholdet mellom Erik og Fredrik får endeleg utløysing i eit slagsmål på slutten av romanen. Slåsskampen blir ikkje skildra direkte, men etterpå er Fredrik svært lykkeleg og "kilen i hele kroppen, av bare velvære, slik som man kan være det av og til når man har lagt seg om kvelden". I ein kommentar hevdar psykiateren Trygve Braatøy (i Edda 1933) at "slike ting som kan foregå under krig, de er så eksepsjonelt abnorme at vi hurtigst mulig ønsker å glemme dem". Men det er den gjensidige rivaliteten og beundringa mellom Erik og Fredrik som opptek Braatøy mest. Han oppfattar dei to vennane som bifile, noko som gjev seg utslag i den litterære skildringa: "Når man derfor vil artikulere den homoseksuelle strømning, er man nødt til å låne den de ord som kun har konvensjonell hevd i heteroseksuell omgang."
Kritikaren Eugenia Kielland (i Samtiden 1934) er sterkt indignert over Braatøy og det ho kallar hans siste skrik i psykoanalyse. Den logiske følgja av dette må då bli at: "Slagsmål mellem to menn spiller nemlig ved den anledning det gir til berøring av alle slag, den samme rolle som samleie mellem to av motsatt kjønn!" Kristian Elster ser derimot vennskapen mellom Erik og Fredrik som det sentrale i Syndere i sommersol, og det psykologiske innhaldet som "et realt slagsmål som er heftig og hemmelig kjærlighetsutløsning" (Jf. Norsk litteraturhistorie VI, 1934).
Sigurd Hoels neste roman, Ingenting (1929), handlar om den unge studenten Erik, som minner sterkt om syndaren Erik i sommersol. I Ingenting hungrar Erik etter opplevingar der han vandrar rundt i Oslos gater – "stormen inni ham av ungdom, lengsel, forvirring, av ensom og rådvill ømhet". Det er ei stille natt i ein park at Erik blir tilsnakka og forsøkt forført ved hjelp av "et par sterke, sugende, klebrige øine". Auga tilhøyrer sjølvsagt ein eldre mann, bleik og "litt poset i ansiktet kanskje":
Det var ikke lett å peke på noen bestemt påfallende feil ved ham. Men et eller annet var det, det var noget eget, noget nattlig ved ham. Erik hadde sett slike folk før. Det var visst ikke mulig å gå ute om natten i en by uten å møte dem. Underlige lyssky folk som aldri er å se ute om dagen.
Kan hende hadde Sigurd Hoel lese om den nye teorien om årsaka til homoseksualitet i Salmonsens konversationsleksikon, som i 1921 hevda at når mørket fall på, kom desse sleske nattemenneska krypande fram for å spre sine "Uregelmæssigheder i den saakaldte interne Sekretion". Som eit apropos kan nemnast at Sigurd Hoel blei analysert av sin ektefelle, Nic Waal i 1932. Ho fann ut at han var ein utprega anal tvangsnevrotikar fordi han blei krenkt då mor hans blei gravid på det stadiet då han var i ferd med å gå over til ei fallisk positiv binding til mora. (Jf. Søbye 1995).
Homoseksualitet var for Sigurd Hoel noko som uansett ikkje kunne skildrast positivt, men måtte problematiserast og handle om homoseksuelle si sosiale stilling, vanskar og årsaker. Dette kjem fram i det eintydige avslaget som Hoel som konsulent i Gyldendal i 1934 sender til lyrikaren Åsmund Sveen, som har sendt forlaget manuskriptet til romanen "Vinduet og vaaren"1, ein roman med homoseksuell tematikk. Det som synest å forarge Sigurd Hoel mest, er at dei homoseksuelle personane i romanmanuskriptet ikkje er sosiale kasus, men vanlege menneske. Hoel understrekar òg følgjande, "at det altid, utan undtagelse altid er angst, en særlig sterk og uovervindelig angst, som ligger ved roten av enhver homoseksualitet." Sveens romanmanuskript er dessverre tapt, men Hoels grausame Salbe er bevart.
Homofile modellar
Det er svært mange ugifte menn i Sigurd Hoels forfattarskap. Dei har ei konfliktftylt holdning til seksualiteten, og dei er redde for å binde seg, engstelege for å miste draumen og lengten etter det "ideelle" forholdet, eit forhold som stundom grensar opp til det platoniske. Om Sigurd Hoel brukte levande modellar til sine litterære personar, kan politikaren og journalisten Erling Falk (1887–1940) godt ha vore ein av desse. Han stod bak "Mot Dag" (der Hoel ei tid var redaktør), eit tidsskrift som stod sentralt i 1920-åras kulturliv.
Sigurd Hoel kallar Falk ein asket som var heilt utan behov for kvinner, og i 1976 meiner Philip Houm at Erling Falk "gjorde alt som stod i hans makt for at Mot Dag skulle bli et rendyrket manns-samfunn". I boka Mot Dag og Erling Falk i 1955 skriv Trygve Bull at Falk hadde ei sterk morsbinding og dermed var ugift, men legg for sikkerheits skuld til: "Det forelå iallfall ikke noe som helst i hans opptreden eller vesen som pekte hen på på inverterthet av noen art."
Sigurd Hoel kan òg ha tenkt på ein annan aktiv aktør i den norske arbeidarrørsla i mellomkrigstida, nemleg Martin Tranmæl (1879–1967) som blei "outa" i 1991 av Bjørn Gunnar Olsen i boka Tranmæl og hans menn. Her blir den homoseksuelle legningen nemnd innleiingsvis, men forfattaren gjer ikkje noko særleg poeng av dette seinare i boka, trass i boktittelen som indikerer at her skal det handle om Tranmæl og hans menn. Erling Falk blir forresten nemnd nærmare 100 gongar i boka.
1 Dette upubliserte manuskriptet dannar vidare utgangspunktet for Erik Eikehaugs roman Skatten og Tyven (2022)
Litteratur:
Gatland, Jan Olav. 1990. Mellom linjene. Homofile tema i norsk litteratur. Oslo: Aschehoug.
Gatland, Jan Olav. 2003. Det andre mennesket. Eit portrett av Åsmund Sveen. Oslo: Samlaget.
Gatland, Jan Olav. 2005. "Pripne biografar" i Prosa nr 4.
Hoel, Sigurd. 1945. Tanker i mørketid. Olso: Gyldendal.
Houm, Philip. 1976. Norges litteratur fra 1914 til 1950-årene. Oslo: Aschehoug.
Olsen, Bjørn Gunnar. 1991. Tranmæl og hans menn. Oslo: Aschehoug.
Søbye, Espen. 1995. Rolf Stenersen. En biografi. Oslo: Oktober.
