Per Bronken (1935-2002)
Ved sida av teaterarbeidet skreiv Per Bronken dikt. Alt som 20-åring i 1955 debuterte han som lyrikar med diktsamlinga Kom drikk også mitt blod, ein dristig og nærmast valdeleg tittel som forståeleg nok vekte oppsikt og sjokkerte kritikarane. Tittelen er henta frå opningslinja i diktet «Kranser av blod», eit sterkt dikt tydeleg inspirert av bibelens Salome, tenåringsdottera til Herodes som dansa framfor kongen og forlangte Johannes døyparen sitt hovud på eit fat. Inspirasjonen kan Bronken ha funne i Oscar Wildes franskskrivne skodespel Salome frå 1893 over same tema (norsk utg. 1899), eller han har sett Richard Strauss’ opera bygd på Wildes stykke. I si debutsamling i 1951 skreiv forresten Jens Bjørneboe ein sonett om Salome. Men Per Bronkens særmerkte dikt, «Kranser av blod», skil seg kraftig ut, her eit utdrag:
Du danset i sanseløs rus foran tronen
så hissende at ildstunger
slikket oppetter dine lår
rundt deg sto hoffet med strittende kjønnsdeler,
og da du sank ned foran kongens føtter
med et siste stønn, sprøytet sæden
ut over purpurteppene, ut over marmorflisene
kongen veltet seg avmektig i sin gylne drakt
hans svulmende fallos hadde banet seg vei
gjennom gullglinsende juvelslåtte klær
du bøyde deg frem og kysset dette sædsvettende lem
forlangte mitt liv som belønning.
I diktet «Nattens topografi» frå Dikt før daggry (1956), går diktaren uroleg rundt i byens nattlege gater for å finne ein stad å gøyme seg bort. Han liker ikkje dagen, men natta er forbanna. Likevel flyktar han inn i mørket, inn i ein djupare og tettare nattskog:
Universets perverse
drifter er avslørt
stjernenes sykdom
er synlig for alle
beskyttet av mørket
hengir husene seg
til unaturlig elskov
gatene onanerer
Eit dikt om pissoar
I 1979 gav Bronken ut utvalde dikt med tittelen Kranser av blod, og her er «Kranser av blod» eit dikt i avdelinga «De utstøtte», ei gruppe menneske som Bronken tydelegvis har stor sans for, nattmenneska som først tør å vise sitt rette ansikt etter mørkets frambrot. «Dans, dans før morgonen kommer og gjør oss gale!» oppfordrar han i diktet «Marion» frå same avdeling. To andre dikt frå «De utstøtte» er henta frå samlinga Naken som de andre (1958), som det svært poetiske diktet med tittelen «Pissoar». Kommentarar skulle her vere overflødige:
Grotten i skjenselens fjell:
et gravsted for fortvilelsen
med veggene tilsølt av den forvrengte
lidelsens innskrifter
Med hjertet gjennomtrengt
av lukten fra seklers urin
kommer de perverse
til møtestedet av rust
«Se ikke på oss!
Hvert blikk utsletter
våre sjeler
og huden smuldrer rundt oss»
Natten gjør dem usynlige
Skammens bolig blir
en paviljong for de forkomne
omgitt av hager med gylne springvann
Fleire av Bronkens dikt hadde fortent ein full presentasjon, og stundom ligg analysen rett opp i dagen, ut frå tittelen. Tenk berre på endå eit dikt frå «De utstøtte» som han gjev tittelen «Forbudt kjærlighet» (1958 og 1979). Innhaldet er utan tvil svært talande sjølv om angst og opphissing er skildra med dramatiske metaforar:
Øynene viker
Hvis blikk møtte blikk
brant de hverandre ut
De stumme skrikene strekker
hendene mot hverandre
men flykter innover i lysken
tilintetgjort av angsten
Blodet løsner og faller
lik tårer i brystet
strømmer gjennom kroppen
mørkere enn smerten
Per Bronken kan si litteraturhistorie og er ein dyktig gjendiktar, noko som syner seg i samlinga Sannhet svøpt i dunkel dis (1980). Her er gjendiktingar frå alle tider, frå renessanse og fram til Brecht, mellom andre fleire forfattarar som har ein «dunkel dis» av samekjønnskjærleik, som til dømes tyskarane August von Platen og Stefan George.
Avbroten homoidyll
Per Bronkens einaste roman, Avbrutt karneval (1961), handlar om den unge vakre Jan («fin og følsom. Skriver vers») og hans møte med livet: politisk og seksuelt. Blant andre møter han overklasseguten Marek som gjerne driv gjøn med sine medmenneske, og leikar med kjenslene deira. Spesielt utsett er den «jentepene» Felix med veike, barnslege ansiktstrekk: «øynene var mange, mange år eldre enn han selv ... svarte og bunnløse, tragiske, lidende.» Marek utnyttar Felix og behandlar han som ein slave. Likevel er Felix desperat forelska i Marek og følgjer han overalt, til og med på horehus, for Marek er tilsynelatande heterofil: «Mulig jeg går i seng med en mann en dag ... man skal jo prøve alt! Men det blir ikke med Felix ... det ville være for grotesk! Jeg er faktisk nysgjerrig ... jeg mener, hvordan gjør de det?» Og her speler forfattar Bronken lesaren eit underleg puss, for han let Marek uttale: «Hvordan kan de få noen fornøyelse ut av det...? Det er virkelig en utfordring til fantasien!»
Ein kveld går Marek for langt. Nokre vennar som ikkje trur noko på at Felix er så forelska i Marek, skal gøyme seg i rommet medan Marek «avslører» den stakkars Felix. Det viser seg å ikkje vere særleg vanskeleg. Når Marek begynner å kjærteikne Felix, tek han i armane sine, kysser han og fortel han omatt og omatt kor mykje han elskar han, ja då blir Felix sjølvsagt forferdeleg rørt og græt av glede, «kysset meg over hele ansiktet, hulket inn mot halsen min.» Han har jo i lengre tid og venta på nettopp dette. Desto større blir sjokket når lyset plutseleg blir slått på, og gjestene kjem stormande fram frå gøymestadane sine.
Den planlagte fella og vellykka avsløringa går slik inn på Felix at han tek livet av seg. Marek står ikkje heilt upåverka tilbake og angrar seg tydeleg på det han har gjort mot vennen. Opplevinga på sofaen med Felix har dessutan sett sine merke, og Marek set ved sida av den døde kroppen heile natta og minnest: «Leppene hans var så myke, så vergeløst myke [...] Da de rørte ved mine, gikk det opp for meg for første gang... [...] Brått demret det for meg hva jeg var iferd med å gjøre. Men det var forsent...»
Kritikaren Nils Chr. Brøgger er ikkje nådig i sin kritikk av romanen og skriv at Bronken viser «en gnistrende talentfull talentløshet». Vidare hevdar han at Bronken kopierer sine litterære forbilde og skjuler seg sjølv bak eit utal av maskerte ansikt og narrekapper. (Vinduet 1961)
Eitt av Bronkens litterære forbilde dukkar opp i hans siste diktsamling Knapt tilmålt tid (1987), nemleg den homofile greske lyrikaren Konstantin Kavafis (engelsk Cavafy). Her har Bronken gjendikta ti av Kafavis sine dikt, fleire av dei same som Kjell Arild Pollestads over hundre gjendikta dikt i boka Sidan jeg ikke kan tale om min kjærlighet (2002). For interesserte lesarar av Kavafis kan eg anbefale ei 550 siders fullstendig utgåve av Cavafys Collected Poems, samt eit 120 siders tilleggsbind med Cafays The unfinished Poems (begge 2009). Samtlege dikt er gjendikta og kommenterte av den eminente amerikanske kritikaren og forfattaren Daniel Mendelsohn.