Utpressingssaka i 1932

Pengeutpressing av homofile var framsidestoff i 1932
Pengeutpressing av homofile var framsidestoff i 1932
Ein velståande skogeigar frå Odalen blei pressa for store pengesummar av ein gjeng unge menn, deriblant to landslagspelarar i fotball. Saka blei slått stort opp i avisene våren og sommaren 1932 – med det kom også problemet med pengeutpressing av homoseksuelle menn på dagsorden.

I 1932 skreiv Karl Evang og Torgeir Kasa ein artikkel til Populært tidsskrift for seksuell oplysning om homoseksualitet. Artikkelen var eit oppgjer med samfunnet sine negative haldningar til likekjønna kjærleik og seksualitet. Desse haldningane førte ifølgje forfattarane til ein svært vanskeleg situasjon for homoseksuelle: 

Straffeloven og også den offentlige mening har gjort disse mennesker til et stadig bytte for pengeutpressere. Vi har her i landet nylig sett tydelig eksempel på dette […] (Evang og Kasa 1932, 264).

Det Evang og Kasa her refererte til må har vore ei sak som blei meldt til politiet våren 1932 og som blei framsidestoff i aviser over heile landet våren og sommaren dette året. Avisene hadde også tidlegare omtala pengeutpressing knytt til homoseksualitet, og året før hadde ei sak i Bergen fått ei viss pressedekning. Saka i Oslo i 1932 står likevel i ei særstilling når det gjeld omfanget av presseomtale.

Store summar

Offeret var ein bonde og skogeigar frå Odalen i 50-60-åra. Under eit opphald i Oslo i 1929 hadde han besøk av to unge menn på hotellrommet. Dagen etterpå oppsøkte dei han, og påsto at han kvelden før hadde oppført seg uanstendig og at “de vilde anmelde ham for homoseksualitet og dessuten skandalisere ham overfor hans familie" (Dagbladet 1932a).

Ifølgje avisene si dekning av saka hadde mannen av helsemessige årsaker problem med å hugsa, særleg om han hadde drukke alkohol. Han påsto at han då utpressinga starta heller ikkje var medviten om “at han hadde noen slags homoseksuelle tilbøieligheter ". Då han ikkje hugsa kva som hadde skjedde på hotellrommet gav han likevel etter for utpressarane sine trugslar.

I første omgang betalte han utpressarane, som ikkje berre var dei to mennene, men, som Dagbladet skreiv  "en hel sverm av unge slyngler ", 30 000 kroner (Dagbladet 1932b). Seinare skal han ha blitt pressa for ytterlegare titusenvis av kroner – slik at det er snakk om summar som i dagens verdi (2019) ville tilsvart fleire millionar kroner.

Ubarmhjertige slyngler

Dei mest aktive blant utpressarane var fire unge menn som av Dagbladet blei omtalt som  "’pene’ gutter i alderen 21 til 25 år " (Dagbladet 1932a). Av desse spelte to på fotballaget Frigg i tillegg til at dei var med på landslaget.

Trugselen om å melda skogeigaren til politiet hang saman med eksistensen av § 213 i Straffelova: Ifølgje denne kunne seksualitet mellom menn straffast med fengsel inntil eitt år. I praksis blei likevel forbodet sjeldan handheva. Me veit ikkje kor godt skogeigaren kjende til paragrafen og om frykta for straff spelte inn. Avisene la i alle fall mest vekt på trugselen om å avsløra han for familien; det blei særleg trekt fram at dei hadde truga med å avsløra at han var homoseksuell for mora, som på dette tidspunktet var alvorleg sjuk.

Det siste var dei sikta klar over, og det kyniske i å utnytta denne situasjonen blei særleg trekt fram i avisene. Utpressarane blei omtalte i svært negative ordelag, som utspekulerte, "ubarmhjertige " og  "slyngler " (Dagbladet 1932a). Det blei og lagt vekk at måten dei hadde sløst vekk pengane på var særleg uansvarleg i ei tid med knappheit og arbeidsløyse. To av mennene hadde nemleg reist til Paris der dei hadde hadde levd i sus og dus. Her hadde dei kjøpt seg kvar sin bil som dei hadde køyrt til Berlin med. Før dei reiste heim hadde dei seld bilane i den tyske hovudstaden. To av dei hadde også ved eit høve tatt  "luftbussen " til Gøteborg og der på kort tid brukt 13 000 kroner (Dagbladet 1932a).

Dommen fell

Etter den overdådige utanlandsturen oppsøkte utpressarane mannen igjen og igjen, no også heime i bygda. Resultatet var stadig nye utbetalingar, heilt til saka tok ei ny vending. I midten av mai, om lag ei veke før saka først blei omtalt i avisene, hadde utpressarane sannsynlegvis fått nyss om at mannen hadde kontakta ein advokat som han skulle møta i Oslo:

Kvelden før han skulde reise kom en bil opover og stoppet på veien utenfor gården. Mannens mor lå på dødsleie. Plutselig smalt to geværskudd like utenfor mannens soveværelsevindu. Skuddene vakte den største opstandelse. Da folk kom til forsvant karene i bilen på vei mot Oslo (Dagbladet 23.05.1932).

Tanken hadde då sannsynlegvis vore å skremma mannen frå å melda saka til politiet. No var det kome så langt at broren til offeret tok kontakt med politiet og melde saka (Nationen 1932, 3).

Samtidig blei skogeigaren lagt inn til psykiatrisk behandling.

Pengeutpressing var straffbart etter Straffelovas § 183 (Halsos 1999, 148). Dommen fall i august 1932. Heile ni personar blei dømd. Ein fekk heile tre år i fengsel, tre fekk 2 år og tre 1 år (Dagbladet 1932d, 9). Av pressedekninga ser det ut for at det ikkje var på tale å reisa tiltale mot mennnene for brot på § 213 (forbodet mot sex mellom menn). Dette kan ha samanheng med at det ikkje var bevist nokon seksuell kontakt mellom dei involverte. Like sannsynleg handlar det om at § 213 berre blei brukt i heilt speiselle tilfelle, i saker som hadde vakt  "offentlig forargelse" eller der den eine parten var mykje yngre enn den andre. I denne saka verkar det som det var pengeutpressarane si åtferd som skapte mest  "forargelse", ikkje  eit evt seksuelt forhold mellom menn.

Profesjonell pengeutpressing

Saka vakte i alle fall stor oppsikt i heile landet, skal me tru avisene. Dagbladet sette det heile inn i ein større samanheng:

Sedelighetspolitiet har lenge være [sic] opmerksom på unge menn som driver det som geskjeft å slå an med homoseksuelle menn i Slottsparken om kveldene. Det er å håpe at denne oprørende affære nu setter skrekk i livet på disse, det mest avskyelige av alle gigoloer. (Dagbladet 1932b).

Avisa hadde vore i kontakt med ein

Oslo-mann som i den senere tid har studert Oslos gateliv meget inngående og som også har hatt anledning til å sammenligne vår beskjedne gatekriminalitet med de store verdensbyers (Dagbladet 1932c).

Ifølgje denne Dagbladets informant var omfanget av pengeutpressing stort i den norske hovudstaden, særleg var det ein aktivitet mange unge arbeidsledige sysselsette seg med. Dei var godt organisert seg imellom og politiet var klar over det som føregjekk. Vidare kunne Dagbladet, med den nemnde Oslo-mannen som kjelde, opplysa:

Mange privatfolk som har hatt anledning til å se uvesenet florere, har gjort det til regel å gripe inn så ofte de kan, og det hender ikke sjelden at tilreisende som uforsiktig har innlatt sig med de fremmede unge menn – som i regelen ser elegante og tillitvekkende nok ut, – plutselig får en advarende lapp papir stukker i hånden av en forbipasserende. På lappen står: "Pass Dem, De vil angre det hvis de går på rangel med den unge mann. " (Dagbladet 1932c.)

Lukrative forretningar

Utpressarane hadde også kjælenamn som var kjent i "byens underverden". Dagbladet kunne avsløra nokon av dei: "Fristereren", "Kjakan", "Rosenbusken fra Sørlandet", "Frøken Dahl" og "Fräulein Smith".

Ifølgje Dagbladet var det to kategoriar av pengeutpressarar: "den som selv ligger under for homoseksuelle tilbøieligheter og de som selv er normale men trenger sig inn på de ulykkelige som lar sig bluffe av dem." (Dagbladet 1932c).

De treffes på Karl Johan om kveldene og er ofte meget pågående. De har skaffet sig et inngående kjennskap til det publikum som pleier å ferdes på gatene om natten og kan med et blik se om de har en tilreisende for sig. Innbyrdes kjenner disse menn hverandre godt og er gode venner. Dette forklarer at flere av deres ulykkelige offer er blitt utnyttet, – ikke bare av den ene han har vært dum nok til å innlate sig med, men av hele svermen som nøie holder sig underrettet om de enkelte medlemmers kup og drar samlet fordel av det. (Dagbladet 1932c.)

Andre aviser vende også blikket frå den konkrete saka til å drøfta pengeutpressing som eit generelt samfunnsproblem. Oslo Aftenavis, som var kveldsutgåva til Tidens Tegn, hadde til dømes ei stor sak på framsida der dei nemnde andre døme på pengeutpressing (Oslo Aftenavis 1932: 1).

Sympati med homoseksuelle?

Hans W. Kristiansen er den einaste forskaren som tidlegare har sett nærmare på denne saka. Dette gjorde han som eit ledd i sin analyse av korleis homoseksualitet blei omtalt i avisa Østlendingen på 1930-talet. Kristiansen viser til at avisas sympati låg på skogeigaren si side – det som blei oppfatta som forkasteleg var utpressinga, ikkje det eventuelle homoseksuelle forholdet (Kristiansen 2008, 75). Kristiansen meiner dette kan vera uttrykk for at det først på slutten av 1930-talet for alvor blei eit fokus på å verna unge menn frå homoseksuelle. Han viser også til at den svenske historikaren Jens Rydström har påvist ei liknande dreiing i løpet av 1930-talet i Sverige.

I pressedekninga i 1932 ser det i alle fall ut for at sympatien låg hos ofra for pengeutpressarane. Om dette kan tolkast som ein generell sympati for homoseksuelle menn er uvisst, men det kan vera ei interessant problemstilling til vidare utforsking av saka. I ein del av avisartiklane blir det antyda at ofra ikkje nødvendigvis trong vera homoseksuelle, "kven som helst" kunne bli ramma, særleg gjaldt dette tilreisande til Oslo (sjå t.d. Oslo Aftenavis 1932).

Kristiansen observerer at det er i omtalen av denne saka at omgrepet «homoseksuell» for første gong blir brukt i avisa Østlendingen (Kristiansen 2008, 66). I Oslo-aviser som Dagbladet og Arbeiderbladet hadde omgrepet vore brukt allereie frå tidleg på 1900-talet, men ikkje særleg ofte. Det er dermed mogleg at utpressingssaka kan ha bidratt til at «homoseksualitet» blei eit meir kjent omgrep i den norske offentlegheita.

Som i en roman

Arbeiderbladet poengterte at det var snakk om ei stor og omfattande sak: "I den omfangsrike rettsbok kan man lese som i en roman om denne fantasirike kriminalhistorie, hvis sidestykke vi ikke har hatt her i landet før." (Arbeiderbladet 1932, 1)

Så langt har ingen forskarar eller studentar sett nærmare på denne rettsboka, altså på kjeldene frå behandlinga av saka hos politiet og i retten. Bortsett frå Hans W. Kristiansen sin analyse av Østlendingen si dekking av saka, har heller ikkje den breie presseomtalen blitt nærare studert.

Pengeutpressing var heilt fram til avkriminaliseringa av seksualitet mellom menn eit sentralt tema i debatten om homofili og straff. For Kim Friele blei til dømes historia til ein mann som var utsett for dette på 1960-talet ein konkret motivasjon for å setja i gang arbeidet for å få oppheva § 213 (Friele 1990, 148-150).

Ei nærmare utforsking av denne saka kunne vore eit viktig bidrag til utforskinga av korleis homoseksualitet blei omtalt i norsk presse. Saka vil sannsynlegvis også gi oss større innsikt i korleis møtestadene for menn som hadde sex med menn fungerte i hovudstaden på byrjinga av 1930-talet. Omfanget av saka gjer ho eigna til ei mikrohistorisk analyse. Alternativt kan saka inngå i ein større analyse av pengeutpressing og homoseksualitet i Noreg.

Litteratur:

Arbeiderbladet. 1932. Meget milde straffer for pengeutpresserligaen. Arbeiderbladet 27. august 1932: 1, 6.

Dagbladet. 1932a.  Fire unge Oslomenn arrestert for pengeutpressing. Dagbladet 23. mai 1932: 1, 10.

Dagbladet 1932b. Enda to pengeutpressere arrestert. Dagbladet 24. mai 1932: 1.

Dagbladet. 1932c. En sverm av farlige unge menn gjør Oslos gater utrygge. Utnyttelsen av homoseksuelle er meget utbredt. Dagbladet 26. mai 1932: 12.

Dagbladet 1932d. Pengeutpresserne dømt. Dagbladet 29. august 1932: 9. 

Evang, Karl og Torgeir Kasa. 1932. "Homoseksualitet". Populært tidsskrift for seksuell oplysning 1 (4): 234–264.  

Friele, Karen-Christine. 1990. Troll skal temmes. Oslo: Scanbok.

Halsos, Martin Skaug. 1999. "§ 213 i Almindelig borgerlig straffelov av 1902. Homoseksualitet i Norge og rettslige sanksjoner mot den fra slutten av 1800-tallet til 1972". Hovedoppgave i historie, Universitetet i Oslo. 

Kristiansen, Hans W. 2008. Masker og motstand. Diskré homoliv i Norge 1920–1970. Oslo: Unipub.

Nationen. 1932. Gemen pengeutpresning. Nationen 24. mai 1932: 3.  24.05.1932

Oslo Aftenavis. 1932. Mange nye eksempler paa gemen pengeutpresning. Oslo Aftenavis. Tidens Tegns’s Aftenutgave 25. mai 1932: 1–2.